Hopp til innhold

Fleire vel fjellferie

Fleire og fleire vel å bruke ferien i den norske fjellheimen.

Vår i Trollheimen
Foto: Monica Berg Rimolsrønning

- Vi opplever stadig aukande trafikk og det er nye grupper som besøker fjellheimen, seier informasjonssjef i Trondhjems turistforening, Johnny Remmereit, til NRK Trøndelag.

 

Yngre er i ro på hyttene

Johnny Remmereit

Johnny Remmereit

Foto: Kristin Agerlie / NRK

Både barn, ungdom og eldre ferdast i fjellet i sommar. Ifølge Remmereit vel dei yngste å bli buande fast på ei av turisthyttene i fjellheimen, i staden for å farte mellom hyttene.

- Dei ynskjer å oppleve kvalitetane som er rundt hyttene. Dette er til dømes toppturar, kanopadling, blomsterturar som som dei som går mellom hyttene ikkje får med seg, seier Remmereit.

Mange mulegheiter

Folk som ønskjer å gå på fjelltur i Trøndelag har mange val. Fjellet er berre ein time unna, uansett kvar du er i regionen.

- Vi er fantastisk heldige med tilgangen på naturenheldige, både kystnatur og Fosen som er eit stykke Noreg i miniatyr. I tillegg kan vi besøke fjella i Nord-Trøndelag og på Møre, Trollheimen, Sylan og Dovrefjell