Hopp til innhold

Slik sjekkar du barna og deg sjølv for lus

Denne saka vil garantert få deg til å klø deg i hovudet. Nettopp derfor må du lese ho.

Helsesøster demonstrerer en lusekam

LUSEKAM: Seniorforskar Bjørn Are Rukke fortel at lusekammen er det beste verktøyet for å oppdage lus.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Med oppstart i barnehage og skule er det høgsesong for dei små insekta. Og derfor er mange no opptekne av at foreldre må sjekke barna sine for lus.

Då samlast ein meir og barna er tettare på kvarandre, seier smittevernoverlege Eli Sagvik.

Kan få bakteriar i bita

– Hovudlusa bit hovudbotnen og slurpar i seg blodet som piplar ut, og då kan det byrje å klø.

Det seier seniorforskar ved Folkehelseinstituttet, Bjørn Are Rukke.

Bjørn Arne Rukke
Seniorforsker
Foto: privat

– Når ein klør kan ein få bakteriar ned i desse bita, så ein skal ikkje gå rundt med lus over tid.

Skulle ein vere uheldig å få lus i hus og på hovudet, finst det heldigvis gode løysingar for å bli kvitt dei igjen.

Det beste sjekketrikset

Men før ein kan byrje med fjerning av lusa må ein forsikre seg om at ein har dei. FHI er ikkje i tvil om kva som er det beste trikset.

Greiing i vått hår med lusekam er gullstandarden for å sjekke for lus, seier Rukke.

Han legg til at det også er mogleg å kikke etter lus og egg i hovudbotnen.

Les også Du treng ikkje gå 10.000 skritt kvar dag

Nærbilde av en person i lakserosa joggesko. Hun går på asfalt.

– Lusekammen er ein finkam ein kan få kjøpt på apoteket. Den har liten avstand mellom «tennene», og nokon har hår det kan vere vanskeleg å greie gjennom.

Når ein sjekkar etter lus bør ein ifølgje Rukke ha god tilgang på lys, gjerne få det forstørra og greie systematisk frå hovudbotnen og heilt ut i lengdene.

Smittsamt

Det smittar raskt ved hovud til hovud kontakt. Lusene kan ganske raskt kunne krype over frå ein annan persons hår over til ditt, så det spreier seg ganske effektivt.

Rukke seier det er eit problem at folk ikkje sjekkar seg ofte nok. Det gjer at mange kan gå rundt med hovudlus utan å vere klar over det.

Les også Nordmenn har kjøpt slankemedisiner for over 420 millioner i år

Noen holder opp ei sprøyte med slankemedisinen Wegovy. Den har blå logo og ei grå hette på sprøyta. Uskap bakgrunn.

Eit viktig poeng er at det er ein del som ikkje klør når ein har hovudlus, så lusesjekken er viktig.

Han fortel vidare at kløen er ein allergisk reaksjon som ikkje treng å komme før ein har hatt lusene i fleire veker. FHI meiner derfor at ein bør gjere ein lusesjekk minst éin gong i månaden.

Hodelus
Foto: Wikimedia/Gilles San Martin

Kva gjer ein?

Har ein fått lus bør ein komme i gang med behandling så fort som mogleg. Vanleg hårvask hjelper dessverre ikkje, så dei fleste vel ifølgje Rukke å nytte seg av lusemiddel for å ta knekken på insekta.

Gjerne vel dei lusemidla som inneheld dimetikon, der har ein gode indikasjonar på at det fungerer godt.

Les også Sunniva (30) mener BMI-kravet hindrer henne i å få nødvendig helsehjelp

Sunniva Grimsgaard har fått fjernet løs hud på magen etter vekttap.

Eit anna alternativ er å greie håret annankvar dag i ein 14-dagars periode.

Då vil ein kunne greie ut alle lusene etter kvart, seier Rukke.

Og vil ein køyre på med eit meir drastisk tiltak, kan ein barbere håret til ein halv centimeters lengd. Då vil ikkje lusene trivast i hovudbotnen og dei forsvinn etter kvart.

Ikkje slit deg ut

Det er viktig at ein ikkje slit seg ut. Mange trur at ein må vaske ned alt ein har, men det er det ikkje noko vits i.

Han fortel at hovudlusa først og fremst vil sitje på hovudet, og at det viktigaste er å få sjekka seg ofte nok og få behandling.

Det er inga skam i å få hovudlus, alle kan få det.