– Kanskje det at alle monnar dreg og at litt er mykje betre enn ingenting, kan motivere folk, seier Audun Havnen. Han er psykolog og førsteamanuensis ved NTNU.
Ein ny studie syner at 4000 steg om dagen, gjev helsegevinst og reduserer risikoen for å døy, uansett årsak.
Studien er gjort av det medisinske universitetet i Łódź i Polen, skriv The Washington Post. Funna vart først publiserte i eit europeisk tidsskrift.
To av tre beveger seg for lite, fortel Havnen, men seier at studiar som denne kan syne at alle monnar dreg. Før snakka ein gjerne om at ein måtte vere aktiv 10 minutt i slengen for at det skulle ha ein effekt.
– Men nyare forsking viser at sjølv mindre bolkar gjev positiv helseeffekt.
Jo meir, jo betre
I den polske studien kjem det fram at ein reduserer risikoen for hjarte- og karsjukdommar etter berre 2300 steg dagleg. Ein rapport frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at kreft, i tillegg til hjarte- og karsjukdommar, er dei vanlegaste dødsårsakene.
For kvart ekstra 500 skritt du tek, så minskar risikoen for å døy av hjarte- og karsjukdommar med 7 prosent.
– Jo meir jo betre, seier Havnen.
ALLE MONNER DRAR: Psykolog Audun Havnen seier at studien viser at alle monner drar.
Foto: NTNUHavnen er samd med leiaren av forskarteamet, Maciej Banach. Banach sa til Washington Post at resultata ikkje betyr at folk skal bevege seg mindre. Studien skal ikkje setje ein stoppar for dei som har 10.000 skritt som eit mål, men gi håp til dei som slit med å nå det målet.
– Det er eit viktig poeng fordi eg har hatt mange pasientar som har vorte demotiverte av det, sa Banach til avisa.
Få opp pulsen
Trass i funna så er det framleis noko som tilseier at ein bør gå litt meir. Om ein er under 60 år får ein størst effekt om ein går mellom 7000 til 13.000 skritt om dagen. For dei eldre er det 6000 til 10.000 steg som gjeld.
Havnen seier at dei norske helseråda går meir på intensitet enn antal skritt.
– Eg trur det er ein fordel at sjølv om du går berre 4000 skritt at du prøver ha litt intensitet sånn at du får opp blodpumpa litt, seier Havnen.
Han seier at det er mykje forsking som viser til at å skru opp intensiteten har ein positiv effekt. Ikkje berre har det ein god effekt på den fysiske helsa, men også den psykiske.