Hopp til innhold

Familien sa ja, Oustorp blir

Geir Oustorp sa mandag kveld ja til å trene Byåsen eitt år til.

Geir Oustorp
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Det betyr at han takka nei til tilbodet frå Drammen om å trene herrelaget.

- Eg bestemte meg for å ta eitt år til i Byåsen for jentene der er truleg verdas beste jentelag å trene. I tillegg har vi fått på plass eit styre som har dei rette ambisjonanem seier Geir Oustorp til NRK Trøndelag.

Fekk lov av familien

Geir Oustorp skulle bruke påsken til å finne ut om han skulle halde fram som trenar i Byåsen eller om han skulle ta over jobben som trenar for Drammen sitt herrelag.

Han har familien sin i Drammen og er i gang med å byggje hus der, men etter eit familieråd på hytta i påsken fall valet på Byåsen.

- Då familien sa at eg fekk lov å vere eit år til, var valet enkelt, seier Oustorp,

Overraska alle

Byåsen blei veldig overraska då Geir Oustorp mandag kveld sa ja til å leie klubben eitt år til.

- Dei som alle andre blei overraska, for eg har sagt ganske tydeleg at det ikkje blei aktuelt med noko meir enn dei to åra eg har vore her. Men no som eg har fått ja, skal det bli skikkeleg moro, seier Oustorp.

Gode jenter

Oustorp meiner Byåsen har eit veldig godt utgangspunkt til å nå langt.

- Vi har eit godt spelarmateriale og mange jenter i rett alder. Vi har fått god erfaring og god rutine og eg trur vi kjem til å få på plass eit par spelarar til for å forsterke laget, seier Oustorp.

På ønskjelista står mellom anna ein høgre bakspelar som er heilt annleis enn Vigdis Hårsaker.