– Det er ikkje dette ein ser føre seg når ein skal til ein så pass stor klubb i utlandet, seier Kjerstin Boge Solås.
– Verste tidspunktet
Den tidlegare Tertnes-spelaren frå Dale i Fjaler kommune gjorde comeback på landslaget då ho for andre gang skrive kontrakt med den ungarske toppklubben Siófok.
. Då hadde ho allereieSom NRK melde tysdag vart partane samde om å avslutte samarbeidet før kontrakten gjekk ut. Proffdraumen er over i denne omgang.
Korleis opphaldet hadde blitt for ei skadefri Boge Solås, kan ein berre spekulere i.
– Skaden skjedde på verst tenkelege tidspunkt. Det var rett før eg skulle byrje der skikkeleg. Det var ekstremt kjipt, seier ho.
– Angrar du på at du spelte jubileumskampen mot Danmark?
– Nei, eg var berre glad for å vere tilbake på landslagssamling. Det hadde blitt tyngre å handtere om eg hadde angra. Eg må berre gjere det beste ut av det. Kjempar eg meg opp att til same nivå som då eg reiste ned, så kjem kanskje moglegheita til eit proffeventyr seinare.
Angrar ikkje
EM-MEISTER: Trass sin unge alder har Kjerstin Boge Solås (22) øydelagt korsbandet to gonger, men likevel klart på bli europameister med Noreg.
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpixFjalerbuen legg ikkje skjul på at det tida i Ungarn har vore utfordrande. Tida har gått til fysioterapibehandling, kjedelege øvingar og etter kvart stryketreningar. Handballøktene følgde ho frå sidelinja for å få kjensla av å vere meir med i troppen.
– Det gjekk litt tid i hallen. Elles tok eg to fag innanfor økonomi på nettet, og tok ein del ferie, seier 22-åringen.
– Du angrar ikkje på at du reist?
– Nei, dette var ein draum eg fekk moglegheit til å reise ned for å utforske. Eg angrar ikkje i det heile, og er uansett blitt nokre erfaringar rikare.
Yngste EM-meister
Som den yngste landslagsspelaren nokosinne vart Boge Solås europameister med Noreg i 2016. I desember 2020 står Noreg og Danmark som arrangør av meisterskapen.
- Les også: Slik vart EM-helten hylla i heimbygda
Om det blir for tidleg den tidlegare Dale-, Førde- og Tertnes-spelaren, står att å sjå. Men rehabiliteringa av korsbandskaden går framover.
I dag vart det kjent at backen blir å finne hos fjorårets bronsevinnar, Byåsen, komande sesong. Ho hadde fleire alternativ.
– Det gjekk litt på om eg skulle vere av dei mest erfarne i gruppa, eller å ha ei meir lærande rolle i ei erfaren gruppe. No vart det ein mellomting. Dei har eit veldig bra opplegg rundt klubben, og verkar veldig seriøst. Eg trur det passar meg bra, seier Boge Solås.
– Ho har ei veldig børse
Overfor klubben sine nettsider skildrar hovudtrenar Atle Oliver Johansen 22-åringen som eit spanande tilskot, som ville forsterka alle lag i Noreg.
– Ho er ekstremt god i forsvar, både når det gjeld duellspel og fysikken, som gjer at ho står imot det meste. Ho er plasseringssterk, og har med seg tempo i spelet, skildrar han og legg til at Boge Solås har eit godt skot.