Hopp til innhold

Eriksson fekk tøffe spørsmål om sparking av sjømattopp

Den tidlegare arbeidsministeren frå Frp, Robert Eriksson, sparka ein fagsjef i Norske Sjømatbedrifters foreining (NSL). No må han tole tøffe spørsmål i retten.

Robert Eriksson i Norske Sjømatbedrifters Landsforening

Tidlegare arbeidsminister Robert Eriksson er no sjef i Norske Sjømatbedrifters foreining. I september i fjor sparka han ein fagsjef. I retten avviser han kategorisk at han behandla personalsaka mot fagsjefen dårleg.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

Sparkinga av fagsjef Frode Reppe skjedde like etter at Eriksson byrja som ny sjef i NSL i fjor.

Reppe svarte med å saksøke NSL for usakleg oppseiing.

Arbeidsrettssaka starta i Sør-Trøndelag tingrett måndag og avdekkjer korleis fleire stridsspørsmål innan oppdrettsnæringa har vorte behandla både i næringa og blant politikarar.

Frittalande

NSL meiner Reppe fleire gonger oppførte seg illojalt og skada omdømet til organisasjonen ved å opprette skjulte kanalar til politikarar som ikkje måtte sporast tilbake til NSL.

Den kjende lakselobbyisten frå Frøya markerte seg tidleg som ein fritalande kritikar av både forskarar og næringspolitikarar.

I retten er det lagt fram artiklar, e-postar, Facebookinnlegg og notat frå Reppe som viser ein svært engasjert fagsjef. Men truleg ville det aldri kome til ei rettssak om ikkje eit par av e-postane vart feilsendt.

Frode Reppe

Frode Reppe fekk jobb som fagsjef for kommunikasjon og næringspolitikk i sjømatforeininga i 2014. Den daglege leiaren var hans eigen bror, Svein Reppe.

Foto: Grete Thobroe / NRK

«Følte det brann på dassen»

Robert Eriksson tok over som sjef 12. juni 2017. Men det gjekk berre ein månad før Dagbladet 11. juli avslørte korleis Frode Reppe tidlegare hadde pleia kontakten med fiskeriminister Per Sandberg. Statsråden hadde gitt Reppe si private e-postadresse og Reppe sende ved to høve uferdige notat.

Ein ferierande Eriksson fekk nyheita då han såg framsida på Dagbladet, i eit avisstativ i Verdal.

Han var ikkje informert om kva som skulle kome.

Saka vart kjent i media fordi e-postadressa var feil og notatet hamna hos ein namnebror av Sandberg i Sverige. Han tipsa media og dermed var bråket i gong før sjefsstolen til Eriksson var vorten varm.

Eriksson avga partsforklaring onsdag, og sa at han «følte det brann på dassen og at han sat på doringen» da Dagbladet begynte å skrive om epostene som var kommen på avvege.

– Vi fant tydeleg spor av at Reppe hadde gjort ting på eiga hand, sa Eriksson.

Skriftleg åtvaring

Reppe har forklart i retten at det var Sandberg som gav han gmail-adressa si på kontoret til ministeren etter eit møte. Meininga var ikkje å påverke statsråden, men å få hjelp til å få ein kontakt inn til Riksrevisjonen for å drøfte ei sak, ifølgje både Reppe og den tidlegare daglege leiaren, Svein Reppe.

Reppe hadde også kontakt med statssekretær Roy Angelvik i departementet og med Lars Haltbrekken. Sistnemnde var då vorten stortingsrepresentant. Men Reppe sa i retten at han ikkje hadde fått med seg det og at trudde Haltbrekken framleis var leiar i Naturvernforbundet.

I februar 2017 fekk Reppe ei skriftleg åtvaring av styret i NSL fordi han ikkje konsulterte oppdrettsutvalet i organisasjonen i alle laksesaker. Han tok den til seg og rekna med at alt var i orden.

Den no pensjonerte forgjengaren til Eriksson, Svein Reppe, forklarte i tingretten onsdag at broren rapporterte til han og konsulterte styret.

– Eg visste om alt Frode heldt på med.

Robert Eriksson forklarer seg i arbeidsretten

Eriksson kjem fleire gonger i forklaringa si for retten inn på at Reppe skada omdømet til NSL så mykje at det ikkje var anna løysing enn å seie han opp.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Køyrt hardt

Då saka om den uortodokse kontakten med fiskeriministeren sprakk i Dagbladet 11. juli var Eriksson på ferie. Han sa i retten at det viktigaste var å legge saka død så fort som råd var, ved å ta avstand i media frå arbeidsmetodar som ikkje tolte dagens lys. Eriksson gav også Reppe beskjed om at han ikkje skulle uttale seg i det heile tatt og påla han å ta ferie.

Prosessfullmektig for Reppe, Nina G. Sandnes, har køyrt Eriksson hardt i retten på korleis han behandla personalsaka fram mot det som enda med oppseiing 20. september.

Eriksson avviser at han freista på ein omkamp på noko som var avklart med ei åtvaring til Reppe fem månader før Eriksson byrja. Men etter kvart som han undersøkte bakover kva kontaktar Reppe hadde hatt, meinte Eriksson at oppseiing var einaste utvegen.

Sandberg vitne

Partane har i alt rundt 20 vitne som skal gi sine versjonar av livet i NSL og korleis organisasjonen med 150 medlemsbedrifter fungerte mens Frode Reppe jobba der.

Han fortalde elles både bror sin og den dåverande styreleiaren om at Sandberg hadde gitt han den private e-postadressa si etter møtet i mai 2016.

Styreleiaren skal ha reagert med å seie

– Vel, når nokon gir deg den private e-postadressa di, så er det vel for at du kan kontakte vedkomande.

Fiskeriminister Per Sandberg skal vitne i Sør-Trøndelag tingrett torsdag.