Hopp til innhold

Eitt år sidan storbrannen i Flatanger braut ut

Det er eitt år sidan katastrofebrannen i Flatanger braut ut. Lyngbrannen herja i fleire dagar, og blussa opp fleire gonger. Mange vart heimlause.

Brannruiner i Hasvåg i Flatanger

Nokre hus i Hasvåg er totaløydelagte, mens andre slapp unna flammene. Ei oversikt viser at 55 bygningar totalt vart øydelagde i katastrofebrannen.

Foto: Bjørn Tore Ness / NTB scanpix

Politiet meiner at brudd på ei lågspenningsline truleg var årsaken til brannen i Flatanger. Det gnistra frå kraftlina, og den kraftige vinden spreidde gnistene i den tørre vegetasjonen.

Heile Noreg følgde det vanskelege slokkearbeidet. Både vinden og terrenget gjorde det veldig utfordrande.

Same veke braut det også ut ein stor lyngbrann på Frøya.

Fleire mista hus og heim i brannen, og mange hytter og fritidshus gjekk med. Mange vart evakuert, og nokre opplevde at brannen blussa opp att.

I etterkant har Flatanger kommune fått nesten 10 millionar kroner frå regjeringa for å dekke utgiftene i samband med brannen. Dei fekk altså det dei ba om.

Den lokale brann- og redningstenesten i Flatanger, saman med Lærdal og Frøya, handterte storbrannane godt. Det er hovedkonklusjonen i ei brei evaluering bestilt av justis- og beredskapsdepartementet.