NRK Meny
Normal

Ein målretta gut

Håkon Ødegaard frå Trondheim var tillitsvalt i skulekorpset og eit førebilete for dei andre i korpset. Han vart 17 år gammal.

Håkon Ødegaard
Foto: PRIVAT

Håkon Ødegaard var elev ved musikklinja ved Heimdal vidaregåande skule. Her skulle han byrje i andre klasse til hausten.

Tuba var instrumentet til den unge guten. Tubalærar Magne Østlie Hjelmervik hadde Håkon som elev. Han skildrar Håkon som ein målretta gut som visste kva han ville.

– Han var ein engasjert gut som tok hobbyen sin seriøst, fortel Hjelmervik til NRK.no. Hjelmervik fortel at Håkon hadde framtidsplanar om å jobbe med lyd og lys.

– Håkon blei veldig godt likt av alle rundt han, seier Hjelmervik.

Har sett djupe spor

Håkon Ødegaard var også medlem i Byåsen skolemusikkorps.

Dirigenten Dag Helle Bysting i Byåsen skolemusikkorps fortel at Håkon var ein pliktoppfyllande og ambisiøs ungdom som viste stor speleglede.

– Håkon var eit førebilete for andre i korpset, fortel Bysting.
– Håkon var bestandig førebudd. Han var stødig både som person og tubaist, seier Bysting til NRK.no. Dirigenten fortel at Håkon spelte i korpset frå han gjekk på 3. trinn på skulen.

Håkon var også tillitsvalt i skolemusikkorpset, og var i den samanhengen med på å leggje til rette for sosiale og musikalske arrangement i korpset. Han var blant anna med og hjelpte til på turar med juniorkorpset.

– Håkon har sett djupe og positive spor etter seg i Byåsen skolemusikkorps, både musikalt og sosialt, fortel Bysting.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25