Hopp til innhold

Mads lengtar tilbake til tida utan klemmekrav

Kan det ikkje halde å helse med handa?

Håndhilse Å helse med handa

EIT HANDTRYKK: Like bra som ein klem?

Foto: Morten Waagø / Morten Waagø

  • Vi vil høyre di meining: Bli med i debatten under! 💬

Han er ingen klemmar. Det har han aldri vore.

Mads er ein sosial og utåtvendt mann i 30-åra, men no lengtar han tilbake til tida med korona. For då samfunnet opna seg att, og avstanden mellom folk minka, auka stressnivået i kroppen til Mads.

Kjærasten til Mads er ein klemmar av rang. I sosiale settingar trur han at folk forventar at han skal vere som ho.

Men det Mads føler, er slett ikkje unaturleg. Det er mange av oss som helst ikkje vil ha hudkontakt med folk som ikkje står oss nære.

Er du ein klemmar?

Unaturleg å klemme alle

Mads har skrive inn eit anonymt brev til podkasten «Etikketaten». Han spør om det er greitt å ikkje vilje klemme.

Heldigvis har psykolog Jan Ole Hesselberg svar:

Jan Ole Hesselberg

Psykolog Jan Ole Hesselberg gjer klemmeråd

Foto: Robert Rønning

– Det er ikkje rart at klemming stressar oss, seier psykolog Jan Ole Hesselberg.

Sjølv er han glad i å halde rundt sine næraste. Han omfamnar sine eigne døtrer, rett som det er, men veit òg at menneske utanfor familien meiner at han er kroppsleg distansert.

Psykologen fortel at mennesket er sosiale dyr og at kroppskontakt er viktig for å knyte band til andre.

– Menneska brukar om lag 4 prosent av tida si på kroppskontakt. Det er ganske mykje, fortel Hesselberg.

Tidlegare levde om lag berre 30 til 100 menneske saman. I dag treff vi langt fleire, men vi er ikkje rusta for fysisk nærleik i alle situasjonar vi kjem opp i. Alle menneske kan ikkje kjennest like nære.

Men kva skal Mads velje mellom kjensla av å bli invadert når nokon vil klemme, og kjensla av å verke avvisande når han ikkje vil?

Kjenner du deg att i Jens eller Trond, og hugsar du ei klein klemmehistorie?

Laster Giphy-innhold

Ikkje ei viljesak

Det er ikkje alle menneskemøte som stressar Mads. Mellom anna har han ein klar avtale med svigerfar.

– Svigerfar og eg klemmer ikkje, noko som er veldig behageleg å vite, fortel Mads.

Men å føle seg invadert i bort imot alle andre sosiale settingar er strevsamt. Då hjelper det å vite at det ikkje er ei viljesak å like nærkontakt med framande.

For medan klemmar utløyser lykkehormonet oxytocin i kroppen til kjærasten til Mads, aukar stresshormonet kortisol i han sjølv. Kortisol kan mellom anna verke hemmande på immunforsvaret.

Les også Klemmingens pris

To venner klemmer hverandre Ill.foto

Å etablere seg som ein ikkje-klemmar

Det er forska oppsiktsvekkjande lite på klemming, fortel psykolog Jan Ove Hesselberg. Likevel har han råd å gje, både til deg som vil bli ein klemmar og til deg som vil halde fram med å vere ein ikkje-klemmar.

– Om Mads ynskjer å tole meir kroppskontakt, er det mogleg å trene seg, seier Hesselberg.

Men om Mads ynskjer å halde fram med å vere slik han er, er saka klar:

– Då kan han gje tydeleg signal om kva for haldning han har til klemming, held psykologen fram, og snakkar varmt om humor som eit grep for å vise kven du er.

Til dømes kan Mads gjere eit nummer ut av at kjærasten er ein massiv klemmar, men at han ikkje er det.

«Eg er ingen klemmar, men om du rekk fram handa di, kan eg klemme den!» kan han seie.

Menneska som genererer klemmestress i Mads, vil han truleg sjå att fleire gonger. Då vil dei nok hugse kva for klemme-type han er, fordi det tar kort tid å etablere eit inntrykk.

– Men det er ingenting i vegen for å gjere eit unntak dei gongane ein vitjar land kor kulturen krev nærleik når ein helsar, avsluttar Hesselberg.

Les også Dette kan gi deg betre mental helse

Astrid Bordal i Tingvoll er treklemmar.