Hopp til innhold

Dette kan gi deg betre mental helse

Mange vedgår at dei gjer dette i skjul. Dei har vore både flaue og redde for å bli oppfatta som sprø. Men no får dei støtte i forskinga at klemming av tre kan vere positivt for den mentale helsa.

Astrid Bordal i Tingvoll er treklemmar.

Astrid Bordal ved storfurua som betyr så mykje for henne. Det krev utstrekte armar frå tre personar for å nå rundt heile treet. Astrid nøyer seg med eit godt famntak så langt armane rekk.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det knekk i furukvistar og juligrøne, knehøge bregnar blir bretta til sides når Astrid Bordal (74) går stien opp gjennom skogen. Ho er på veg til klemmetreet sitt, Stortolla, furua som skal vere største furutreet på Nordmøre.

– Stortolla er psykologen min, røper Astrid medan ho pustar på i den bratte lia ovanfor Meisingset i Tingvoll.

Astrid har vore treklemmar i mange, mange år. Den halvannan kilometer lange turen opp til Stortolla tek ho nesten dagleg sommarstid, og fleire gonger i veka vinterstid.

Treet klemmer ho i alle slags sinnsstemningar, og snakkar endåtil med det.

Astrid Bordal ved Stprtolla på Meisingset.

– Av og til er eg sur og kjeftar på Stortolla. Når skjenninga er unnagjort, er smilet igjen på plass, forsikrar treklemmaren på Meisingset.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Somme gonger er eg sur og kjeftar på furua, og ho tek imot. Eg kjenner i heile kroppen kor godt det gjer å skjenne og klemme, fundere og le ved treet.

Ho legg armane så langt dei rekk rundt furua, kviler kinnet inntil barken og let att augo. Berre kvitrande småfuglar og ei og anna surrande humle er augevitne når skuldrene senkar seg og roa legg seg over andletet.

For sju år sidan blei Astrid enke, og særleg i sjukdomsperioden til ektefellen var Stortolla viktig å ha.

– Ved treet fekk eg lagt bekymringar til sides og reinske ut mykje av det som tyngde.

Smugklemmarar

Å slå armane rundt ein trestamme i stressa kvardagar er ikkje Astrid åleine om å gjere.

– Sjølvsagt finst det fleire klemmarar enn våre snart 2500 medlemmer, seier Tom Erik Ingvaldsen, leiar og initiativtakar til Norsk treklemmarklubb på Facebook. Klubben starta han alt i 2013, og no finst to-tre andre av same slaget i Noreg.

Tom Erik Ingvaldsen, leiar i Norsk treklemmerklubb

Tom Erik Ingvaldsen har heile livet vore glad i skog og tre. Alt då han som liten gut klatra i tre, følte han at det gav ei heilt spesiell kjensle å ha nærkontakt med trea.

Foto: Privat

Mange medlemmer vedgår at dei har drive «smugklemming». Dei var flaue og redde for å bli oppfatta som sprø. Begeistringa er stor når dei oppdagar at mange andre gjer det same, fortel klubbleiaren.

– Ingen skuldar å gi noko forklaring på kvifor ein klemmer. Treklemming gjer ein lettare til sinn og løyser opp spenningar. Har du lyst, klem i veg!

– Skogen er mitt anker

Skogen, inkludert å klemme tre, gir ro også for Gørill Lyngen i Trondheim. Å sitje med ryggen inntil eit tre, gir ei kjensle av å vere til stades. Det er faktisk ei støtte i livet, erfarer ho etter fleire år som treklemmar.

Gørill gjer som forfattar Anne Cath Vestly ein gong sa: «Jeg lar bare tankene gå en tur for seg selv, og så går jeg ved siden av.»

Gørill Lyngen klemmer gjerne eit tre.

Gørill Lyngen i Trondheim er ivrig treklemmar, og har aldri vore flau over å klemme tre, sjølv om mange ler overberande av henne.

Foto: Privat

– Lukta av skogen breier seg som ei god og avslappande kjensle i kroppen. Det gir jording og tryggleik fordi trestammen alltid er varm, uansett ver og vind. Skogen er mitt anker.

Tatovering av skog på armen til Gørill Lyngen, treklemmar frå Trondheim.

Skog og tre betyr så mykje for Gørill at ho har tatovert ei lita treklynge på underarmen.

Foto: Privat

Korkje Gørill eller Astrid skjuler at dei er treklemmarar, og lever fint med å «vere litt rare», forsikrar dei. Gørill oppfordrar til å tenke mindre på kva andre meiner.

– Prøv sjølv å legg handa inntil stammen og kjenn på den stabile, varme tryggleiken som alltid møter deg. Pust vekk stemma som seier at dette er rart, og berre kjenn etter.

Om folk synest Astrid er litt sprø, kan dei no berre tru det, smiler ho med glimt i augo.

Internasjonal trend

På alle kontinent finst treklemmarar. Like etter pandemiutbrotet oppmuntra islandske skogbrukarar innbyggarane om å hente energi og trøyst ved å klemme eit tre.

 Skogsbading i KinrooiBelgia

Skogsbading i Kinrooi i Belgia ein tidleg vårdag. Trenden starta i Japan på 1980-talet. Dei kallar skogsterapien Shinrin-yoku.

Foto: Stijn VdStockt / Wikimeida Commons

I Japan har treklemming og skogbading med natur- og skogsterapi, vore populært sidan 1980-talet. For å oppnå velvere eller betre helse kan ein legge seg på skogbotnen, kvile i atmosfæren, meditere og gjerne ta litt yoga attpå. Noreg har ni sertifiserte skogbad-guidar organiserte i Norsk forbund for natur- og skogsterapi.

Fastlege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad i Trondheim er endå ein ivrig treklemmar. Hennar spesielle tre står på heimtraktene i Vindøldalen i Surnadal. Tongen til å vere nær treet har ho kjent sidan ho var småjente.

Kari Løvendahl Mogstad, fastlege, forfattar og treklemmar.

Kari Løvendahl Mogstad er fastlege og forfattar, og opplever sjølv at det gjer mentalt godt å klemme tre. Ho har vore fasinert av skog og tre sidan ho var småjente.

Foto: Privat

– Det gjer faktisk noko med deg å klemme eller vere nær eit tre, særleg om det er gamalt, mosegrodd med store røter. Slike tre står for noko tidlaust der ein sjølv blir ein del av tidslinja. Du blir liksom jorda.

Kari peikar på forsking som viser at treklemming kan påverke den mentale helsa.

– Forskarar hevdar at nærkontakt med treet utløyser ein hormonell reaksjon på linje med amming. Å amme utløyser jo hormonet oksytocin som nettopp gir velvære og avslapping.

Uansett meiner ho det kan ligg stor og god mental effekt i eit famntak med eit tre.

Skogbunn

Skogen med si heilt spesielle atmosfære gjer godt for kropp og sjel, viser forsking. Ekstra godt er det å klemme rundt eit tre, uansett treslag, meiner mange.

Foto: Björn Forenius / Getty Images/iStockphoto

Tom Erik Ingvaldsen opplever at treklemming saman med nokon han er glad i, forsterkar opplevinga.

– Det er viktig å prøve seg fram, og gi seg god tid ved treet, erfarer den entusiastiske treklemmaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL