Hopp til innhold

Drapssikta godtek varetekstfengsel

Den 24 år gamle mannen som er sikta for å ha drepe ei 29 år gamal kvinne i ein studentbustad i Trondheim samtykker i varetektsfengsling.

Drapsåstedet

Politiet sperret av deler av bygningen der kvinnen ble funnet.

Foto: Tor Aage Hansen

Han sit no i avhøyr hos politiet og har godtatt fire veker varetektsfengling som kontorforretning.

Det inneber at det ikkje blir noko fengslingsmøte i morgon.

Var meldt sakna

Den 24 år gamle mannen blei meldt sakna av familien sin onsdag.

Då politiet leitte etter han, førte opplysingar dei til ei leilegheit i same studentblokk som 24-åringen bur i på Kalvskinnet i Trondheim.

Inni denne leilegheita fann politiet ei død kvinne og det var ingen tvil om at ho var drepen, opplyste politiet på ein pressekonferanse fredag morgon.

Innlagt på St. Olavs Hospital

24-åringen var innlagt på St. Olavs Hospital til behandling etter at han blei tatt av politiet i Trondheim sentrum i går ettermiddag.

Han blei utskriven i ettermiddag og tatt med til politihuset i Trondheim. Der starta politiet å avhøyre han klokka 1410.

Advokat Christian Wiig er oppnemnt som forsvarar for 24-åringen. Han fekk i går kveld ikkje lov å gå ut med opplysingar verken til klienten sin eller journalistar.

– Vil spørre ut vitne og den sikta mannen før vi går ut med utfyllande opplysingar i media. Det er ingen heilt spesielle tilhøve i denne saken. Dette er utelukkande taktiske vurderingar, opplyste politiet på pressekonferansen.