NRK Meny
Normal

Kvinne (29) drepen, nabo (24) sikta

Politiet leitte etter ein 24 år gamal sakna mann, då dei fann ei 29 år gamal kvinne drepen i ein studentbustad i Trondheim.

Drap Trondheim

Politiadvokat Heidi Melø og etterforskingsleiar Geir Ole Momyr.

Foto: Thor Aage Hansen/Montasje: NRK / NRK

Den 24 år gamle mannen er no sikta for forsettleg drap på 29-åringen som blei funnen drepen klokka 1300 torsdag føremiddag.

Begge er studentar og var naboar i same leilegheitskompleks på Kalvskinnet i Trondheim. Den drepte kvinna er ikkje frå byen.

Politiet vil ikkje seie noko om tilhøvet mellom dei to.

Fekk bekymringsmelding

Saka starta med at politiet fekk inn ei bekymringsmelding onsdag. Ein 24 år gamal mann, som er student i byen, var sakna. Han blei meldt sakna av familien sin.

– Vi gjorde undersøkingar kring dette og det førte oss fram til den døde sin bustad. Etterkvart tok patruljen seg inn i bustaden der kvinna blei funnen. Patuljen som går inn, konstanterte raskt at personen var død. Det var også funn på staden som gjorde politiet sikre på at dette er eit drap, sa politiadvokat Heidi Melø på pressekonferansen.

Mannen som var sakna, fekk status som mistenkt og blei tatt av politiet kort tid etter at kvinna blei funnen.

Han blei tatt utan dramatikk i Trondheim sentrum og er no sikta for forsetteleg drap.

(Artikkelen held fram under bildet)

Drapsåstedet

Kvinna blei funnen i leilegheita si på Kalvskinnet i Trondheim.

Foto: Tor Aage Hansen

Sikta ikkje avhøyrd

Den sikta mannen vil bli avhøyrd av politiet klokka 1400 i dag. Han får no behandling på St. Olavs Hospital. Tre polititenestemenn sit utanfor rommet til den sikta mannen.

– Vi må la siktede få svare for seg før vi går ut med nærmere opplysningar, seier Melø.

Mannen blir truleg framstilt for fengsling i morgon. Politiet veit ikkje dødsårsaka eller når kvinna blei drepen.

Ho er truleg drepen mellom tirsdag kveld og torsdag, opplyste politiet på pressekonferansen.

Det blir no gjort undersøkingar i leilegheita til den døde kvinna. Etterkvart vil også politiet gå gjennom bustaden til den sikta mannen. Politiet skal analysere spora og starte taktisk etterforsking.

Rettsmedisinarar starta i går å obdusere den døde kvinna.

Forsvarar fekk klausul

Mannen som er tatt for drapet er ikkje tidlegare kjent for politiet. Han har fått advokat Christian Wiig til forsvarar.

Advokaten fekk i går kveld ikkje lov å gå ut med opplysingar verken til sin klient eller til journalistar. Årsaka var at politiet var så tidleg i etterforskinga.

– Vil spørre ut vitne og den sikta mannen før vi går ut med utfyllande opplysingar i media. Det er ingen heilt spesielle tilhøve i denne saken. Dette er utelukkande taktiske vurderingar, opplyste politiet på pressekonferansen.

Ikkje opplevd tidlegare

Christian Wiig sa i går til NTB at drapssaka er noko spesiell, og at han for første gong på svært lenge har akseptert å ikkje dele informasjon han har fått frå politiet med verken klienten sin eller journalistar.

– Eg har vore forsvarar i over 40 drapssaker og har aldri tidligare opplevd klausulering av dokument i slike saker, seier Wiig som legg til at han forstår politiets behov.

Rundspørring i området

Politiet sette inn store ressursar på etterforskinga i går. Dei gjennomførte mellom anna ei rundspørring i området der kvinna blei funnen drepen.

Det blei også gjennomført tekniske undersøkingar fleire stader i byen, men politiet vil ikkje seie noko om kor mange stader som er undersøkt.