Hopp til innhold

Denne veka vert det «gulp» og «gisp» frå ufobygda Hessdalen

Denne veka jaktar Donald Duck ufoar i Hessdalen. Neste år kjem Netflix med ein film inspirert av lysfenomena i Trøndelag.

DW 1921 cover.indd

TIL TRØNDELAG: Donald Duck, Ole, Dole og Doffen tek turen til Trøndelag denne veka.

Foto: Egmont

Dei første rapportane om dei rare lysfenomena i Hessdalen kom i desember 1981. No har dei verdskjente historiene om ufo-eldoradoet nådd både Andeby og Netflix.

Denne veka tar Donald Duck turen via Røros til overnatting på ufo-campen i Hessdalen. I kjent stil er stadane døypte om til Fjørmos og Gjessdalen.

Bjørn Vik driv ufocamp i den verkelege Hessdalen. Han synest det er kjekt at Donald-teiknar Arild Midthun fortel om staden. Vik håper anda sine «gulp!» og «gisp!» i møte med utanomjordiske vesen i dalen fører til at fleire besøker dei.

– Det vert nok kjekt for desse endene å prøve noko anna enn Andeby. Det er ein positiv sak at sjølvaste Donald Duck reiser på ufocamp i Hessdalen, seier Vik.

Ny Netflix-film inspirert av Hessdalen

Hessdalen er verkeleg i vinden for tida. I dag avslørte Netflix at det også kjem ein film inspirert av lysfenomena i dalen. Filmen kjem på strøymetenesta i 2022. Den vert regissert av Martin Sofiedal, skrive av Emanuel Nordrum og produsert av Miso.

«Blasted – gutane vs. aliens» heiter filmen, med Axel Bøyum og Fredrik Skogsrud i hovudrollene.

Den følgjer ein gjeng barndomsvener som vert gjenforeinte i eit utdrikkingslag. Når festen snublar inn i ein invasjon frå verdsrommet, blir hovudrollene nøydde til å samarbeide som den uslåelege laser tag-duoen dei ein gang var, og kjempe tilbake, opplyser Netflix.

Axel Bøyum

HOVUDROLLE: Axel Bøym, som vart kjent gjennom tvserien Heimebane, skal spele ein av hovudrollane i den nye Netflixfilmen.

Foto: Oddvin Aune / NRK

– Stort at Røros er representert

Ifølgje Egmont blir Donald Duck & Co lese av over 200.000 lesarar kvar veke.

Ordførar på Røros, Isak Busch er naturlegvis veldig fornøgd med at kommunen får slik omtale. Han håper Donald også tar turen innom rådhuset neste gong.

– Som stor Donald-fan synest eg faktisk det er litt stort at Røros er representert i Donald. Så får eg håpe barn over hele landet blir så inspirert at de får lyst å besøke oss, seier Busch.

Ordfører på Røros, Isak Veierud Busch.

STOR DONALD-FAn: Ordførar på Røros, Isak Busch, er sjølv Donald-fan.

Foto: Sara Høines / NRK

Foreslått av lesarar

Ideen om å sende den fiktive anda til Hessdalen og Røros kom frå lesarane opplyser Egmont. I ei pressemelding skriv redaktøren og teiknaren kvifor dei synest det var ein god ide.

– Romvesen, ufoar, storslått norsk natur og ein overivrig and full av naivt pågangsmot er den perfekte miksen for å lage ei uforklarleg god historie, kommenterer Marius Horn Molaug.

– Som Donald-teiknar har eg vore på Røros ved fleire «andledninger», og kvar gang har eg fått lyst til å teikne ei Donald-historie frå den fascinerande bergstaden, kommenterer Arild Midthun.

Arild Midthun

TEIKNAR: Arild Midthun har teikna Donald Duck i snart tjue år. Denne veka tar anda turen til Trøndelag.

Foto: Helge Lyngmoe