Hopp til innhold

Thomas (48) si pasientsak låg fem månader hos sakkunnig som hadde slutta

I to og eit halvt år har han venta på mogeleg erstatning etter feilslåtte operasjonar. Så sende Helseklage papira hans til ein sakkunnig som ikkje lenger jobba for dei.

Thomas Hartweg

MÅLLAUS: Thomas Hartweg opplevde at klaga hans låg fem månader hos Helseklage uten å bli rørt.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Veit ikkje Helseklage kva dei held på med? spør Thomas Hartweg (48) frå Trondheim.

Feilen vart ikkje oppdaga før etter fem månader. Håpet hans var å få svar i haust, men det kan han berre gløyme.

– Eg er mållaus.

– Dette hadde han ikkje fortent.

Orda kjem frå direktør i Helseklage, nasjonalt klageorgan for helsetjenesten, Rose-Marie Christiansen, når NRK spør kva ho vil seie til Hartweg etter tabben dei gjorde i vår. Ei tabbe som auka ventetida hans med ytterlegare fem månader.

– Vi beklagar verkeleg at dette har gått utover Hartweg, seier Christiansen.

Før ei sak skal opp i Pasientskadenemda blir dokumenta sende elektronisk på det interne saksbehandlingssystemet til sakkunnig som skal kome med ei erklæring. Den får klagaren og behandlingsstaden kommentere før nemda avgjer.

I dette tilfellet stod legen framleis oppført i datasystemet til Helseklage som sakkunnig. At han hadde slutta, oppdaga ikkje Helseklage før i september.

Christiansen seier det er første gong ein slik glipp skjer og at Helseklage no har dobbeltsjekka at lista over sakkunnige er oppdatert.

Rose-Marie Christiansen, direktør i Helseklage

BEKLAGAR: Rose-Marie Christiansen, direktør i Helseklage, nasjonalt klageorgan for helsetjenesten.

Foto: Aadne Sinnes

Har 600 saker som er eldre enn to år

Direktøren opplyser at ein ny sakkunnig no er på saka. Men når den kjem opp i Pasientskadenemda, våger ikkje Christiansen love.

Ho vedgår at det var NRK sin førespurnad i vår som gjorde at saka vart tatt ut av ventebunken. Men avviser at det må presseomtale til for at det skal bli fortgang i saker.

– Sjølsagt ikkje. No har vi 600 saker som er eldre enn to år. Vi har ein plan for korleis vi skal få minska talet.

Les om Vidar Berg-Hansen som også kjempa for erstatning.

Sivilombodsmannen krev kortare behandlingstid

I løpet av tre siste åra har Sivilombodsmannen (SOM), som skal kontrollere forvaltninga, behandla over 70 klagesaker frå pasientar som ventar i årevis på svar.

Helseklage bruker mykje lenger tid enn det som er vanleg i andre forvaltningsorgan vi kan samanlikne med, seier Sivilombodsmann Aage Thor Falkanger til NRK.

– Klagarane er ofte i ein sårbar situasjon, då blir ventetida ekstra krevjande.

Halvparten av sakene som ankeinstansen Pasientskadenemda så langt i 2018 har behandla, hadde lege i meir enn to år.

Det nasjonale helseklageorganet vart flytta frå Oslo til Bergen i 2016. Inntil nyleg har dei slite med å få nye fagfolk. No har Helseklage også vorte lova meir pengar på Statsbudsjettet, opplyser Christiansen.

Ho tek kritikken frå Sivilombodmannen «på djupaste alvor.»

– Hadde ikkje trudd det var så ille.

Advokat Bjørn Brauti har 20 års røynsle med 400 pasientskadesaker. Ei av dei er Hartweg si. Om datakrøllet i Helseklage seier Brauti:

– At ei sak som det er livsnaudsynt å få avklart raskt, blir liggande i fem månader som følgje av internt rot og rutinemangel, er svært utovekkande. Eg trudde ikkje det var så ille.

NRK har omtalt saka til Hartweg fleire gonger. I fjor haust fortalde han om mange år med store diareplager, depresjonar og sjølvmordforsøk. Det starta med ein operasjon i magen i 2009 som gjekk gale. Norsk pasientskadeerstatning (NPE) avslo erstatning for varig tapt arbeidsforteneste, Hartweg anka til Pasientskadenemda i mars 2016. Sidan har ingenting skjedd. Før den vart tatt ut av bunken i april, men send til ein lege som hadde slutta som sakkunnig.

– Helseklage skulle fått oppleve det eg har gått gjennom, seier Hartweg, som ikkje legg skjul på at han er bitter.

Advokat Bjørn Brauti

SVÆRT UROVEKKANDE: Advokat Bjørn Brauti har 20 års røynsle med 400 pasientskadesaker.

Foto: Kari Sørbø / NRK