Hopp til innhold

Mange får nei til erstatning etter biverknad av korona­vaksine

To av tre som har søkt erstatning etter biverknader av koronavaksinen får avslag. Det viser halvårstala til Norsk pasientskadeerstatning.

Lovern og Terje Cris Gjellestad

AVSLAG: Lovern Gjellestad fekk tuberkulose etter koronavaksinen. Her saman med ektemannen Terje Gjellestad.

Foto: Privat

Eit par veker etter at Terje Gjellestad og kona fekk koronavaksinen i Bergen, fekk kona hans kraftige reaksjonar på halsen og hovna opp.

Etter nokre veker med fleire testar, viste det seg at ho hadde fått tuberkulose. Ein test som blei gjort fem år tidlegare, viste at ho hadde tuberkulose-bakteriar som ikkje var aktiverte.

Terje Gjellestad seier dei er sikre på at det var vaksinen som utløyste sjukdommen.

– Det er vi heilt sikre på. Dette skjedde cirka to veker etter at vaksinen var sett. Skal ein få aktivert ein passiv tuberkulose, må ein vere sjuk eller ha svekka immunforsvar. På denne tida gjekk ho på skulen, og var frisk og oppegåande fram til dette oppstod.

Fekk avslag på klage

Dei søkte om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE), men fekk avslag. Heller ikkje Pasientskadenemnda gav medhald.

Grunngjevinga dei skal ha fått for avslaget, skal ifølge Gjellestad vere at det ikkje finst forskingsresultat om dette som gjer at NPE og nemnda kan gå god for at vaksinen er årsaka.

– Eg synest det er urimeleg at dei ikkje kan sjå samanhengen mellom immunsvikten og vaksinen som har ført til at immunforsvaret går ned når dette skjer. Eg synest det er rart dei ikkje har sett at det kan vere ein samanheng, når det ikkje er andre årsaker som er meir sannsynlege.

Les også Vekker bekymring: Flere enn ventet døde av hjertesykdom

ykepleier Camilla Kvarsnes Kristiansen og ambulansearbeider Charlotte Viktoria Eriksen rykker daglig for å hjelpe pasienter som har hjerteproblemer. Nå viser tall fra FHI at flere enn ventet dør av hjertesykdom.

Mange har søkt erstatning

I ein rapport frå Legemiddelverket som kom i april, kom det fram at det hadde kome inn nesten 62.000 meldingar om mistenkte biverknader etter koronavaksinen. Nesten 8000 av desse meldingane blir rekna som alvorlege biverknader, og omfattar alt frå alvorleg sjukdom til at ein må på sjukehus eller har svima av.

Kristin Cordt-Hansen

Direktør i Norsk pasientskadeerstatning, Kristin Cordt-Hansen.

Mange av dei som opplever biverknader har søkt om erstatning. Det siste halvåret har det vore ein auke på 14 prosent i talet på personar som kjem med krav.

Men to av tre som har søkt om erstatning, har fått avslag, viser statistikk frå NPE.

– Dei fleste som får avslag, får det fordi den skaden dei har fått etter behandling eller reaksjonar etter vaksine ikkje skuldast behandlinga eller vaksinen, seier direktør Kristin Cordt-Hansen i NPE.

Medhald og avslag på krav om erstatning etter koronavaksine

Vedtak

Antall

Andel

Mehald

258

33 %

Avslag

528

67 %

Totalt

786

100 %

Kjelde: Norsk pasientskadeerstatning

Følger forskinga på feltet

Cordt-Hansen seier dei lener seg på den forskinga som blir gjort på feltet når dei vurderer kven som skal få erstatning. Ny forsking kan føre til at fleire kan få erstatning, men også at tidlegare avslag kan bli vurderte på nytt.

Les også Ida (32) fikk 2500 kroner i erstatning etter mensproblemer

Ida Austgulen leker med eldstesønnen hjemme på Askøy

Ho forstår at mange blir skuffa når dei får avslag. Difor jobbar dei med å bli betre på å komme ut med informasjon om kven som har rett på erstatning.

– Vi ønsker å bruke ressursane våre og tida vår på dei som har krav på erstatning. Og at dei som ikkje har krav på det, skal sleppe ein utmattande prosess som endar med at dei blir skuffa.

Låge utbetalingar

Sjølv om det har vore registrert alvorlege tilfelle som følge av koronavaksinen, er desse i mindre tal.

Dei fleste av biverknadane det har vore rapportert om er forbigåande plager som gir relativt låge utbetalingar, seier Cordt-Hansen.

– Det vi ser er at det er snakk om relativt milde biverknader, som ikkje gir så store utbetalingar. Svineinfluensavaksinen gav for eksempel fleire og større utbetalingar.

Les også Anbefaler ny koronavaksine til alle over 60

Vaksine

Men for Terje Gjellestad og kona er det ikkje pengane som er det viktige.

– Vi har ikkje hatt mykje utgifter. Det har vore snakk om små beløp. Men det er ikkje det dette handlar om. Vi ønsker å få adressert kvar aktiviseringa av tuberkulosen kom frå. Dette handlar ikkje om pengar i det heile.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger