Vidar og Jill Berg-Hansen
Foto: Privat

Livet som gjekk bort i kø

Dette skulle vere ei historie om Vidar Berg-Hansen sin lange kamp for erstatning. Så vart det livet han måtte kjempe for.

Jill fekk vite det lenge før ektemannen. Eit halvt år, kanskje.

Det er ein septemberdag i 2014 at ho får beskjeden. Pårøranderommet på thoraxkirurgisk avdeling på Haukeland sjukehus kjennest trongt.

Ein hjørnesofa, bøker i ei hylle og kaffi på bordet, omkransa av dei sjukehuskvite veggane. Eigentleg eit ganske tomt rom. Alle som kjem inn dit, har fått ein dei har nær innlagd på ei av dei tyngste avdelingane på sjukehuset.

I døra står ein lege kledd i den tradisjonelle uniforma. Kvit bukse, skjorte og frakk. Han skal gi Jill den vanskelege beskjeden om hjartet til ektemannen, Vidar Berg-Hansen, som ligg på oppvakingsrommet like ved.

Der har han lege i koma i to veker, kopla til maskiner som heldt han i live.

I kroppen er det kaos. Multiorgansvikt.

Lekkasje i hjartet

Det heile starta under ein sykkeltur med kameratane nokre månader tidlegare. Den då 52 år gamle, aktive familiemannen kjende plutseleg at hjartet ikkje slo som det skulle. Motbakken vart så mykje tyngre enn den pleidde å vere.

Vidar hadde nedsett allmenntilstand, feber og magesmerter då han vart lagd inn på Haukeland første gong i april 2014. CRP-målinga, som seier noko om betennelse i kroppen, viste 321.

For ein frisk person skal normal CRP vere under 5.

I løpet av ein dryg månad vart han skriven inn og ut igjen heile tre gongar. Vidar sleit med pusten og hadde vondt i brystet. Ei rekke medisinar vart testa ut i forsøk på å dempe smertene.

Berre å ta på seg klede var brått nok til å bli utmatta.

Legane kom fram til at han hadde lekkasje i ein hjarteklaff. Det måtte opererast.

Dette blir starten på ein lang kamp. Vidar og sjukehusleiinga skal aldri bli einige om kva som skjedde, og i kva grad noko gjekk gale.

Jill og Vidar Berg-Hansen

DET SISTE: Ekteparet Jill og Vidar Berg-Hansen på påsketur til Kikut i 2014. Dette er det siste bildet som vart tatt av dei to før Vidar vart sjuk.

Foto: Privat

Vidar vart lagd på operasjonsbordet to gongar. Sjølv om det er vanleg at pasienten vert liggande ei stund i kunstig koma etter slike hjarteoperasjonar, forstod Jill snart at noko ikkje var som det skulle.

Vidar vart liggande i koma. Éi veke. To veker. Ingen teikn til endring.

Hemmelegheita

Legen kjem inn i pårøranderommet og møter blikket til Jill.

Han fortel at hjartet til ektemannen hennar har fått så hard medfart at det ikkje ville klare meir enn fem til sju år. Etter det må det truleg bytast ut.

Sjølv om det er ein tung beskjed å få, synest Jill det er ei slags lette. Då er det i alle fall håp.

Det går ytterlegare nesten to veker til før Vidar vaknar frå koma. Då er han full av uro og traume etter det han har vore gjennom. Kroppen er framleis i ulage. Vidar er usikker på kva som faktisk har skjedd i dei fire vekene han har vore kopla frå den vanlege verda.

Jill kjem difor fram til at det berre vil forverre situasjonen om han får vite kva legen har sagt om hjartet hans.

Ho bestemmer seg for å halde det hemmeleg for ektemannen. I alle fall ei stund til.

Ei vending

Det er gått fire år, og kalenderen viser mars 2018. Vidar har invitert NRK heim til huset på Hatlestad i Fana bydel i Bergen.

No kjenner han seg trygg på at hjartet ikkje skal slutte å slå.

Eit halvt år etter at han vakna frå koma, fekk også Vidar vite at hjartet hans ikkje ville tole mange fleire år. Då overlegen kalla ekteparet inn på kontoret til oppfølgingssamtale, var Jill si hemmelegheit plutseleg ikkje hemmeleg lenger.

Men drygt tre år seinare ser alt no mykje lysare ut, og legane har sagt at hjartet har blitt betre og truleg ikkje må bytast ut likevel.

Difor er det ei anna historie Vidar vil fortelje.

Vidar Berg-Hansen

FRUSTRERT: Vidar Berg-Hansen har brukt mykje tid på vere i dialog med Norsk pasientskadeerstatning.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Frå stovebordet i einebustaden har familien Berg-Hansen nærast panoramautsikt over Kalandsvatnet, der vårsola blenker i vassoverflata. På bordet står ei krukke med lilla perleblomster i knopp og minner om at det snart er påske. Rundt føtene på 55-åringen svinsar dachshunden Baltus.

– Helsesituasjonen er dårleg, eg er svekka både fysisk og psykisk. Begge beina er meir eller mindre øydelagd. Eg er blind på eit auge og innsydd i ei lunge, fortel Vidar.

55-åringen meiner noko gjekk gale under sjukehusopphaldet. At han eigentleg burde fått meir behandling før han vart operert.

I etterkant har det kome fram at Vidar hadde endokarditt, ein bakteriell infeksjon på hjarteklaffen.

Difor meiner Berg-Hansen at den første hjarteoperasjonen berre gjorde alt verre. At legane burde gjort meir forarbeid før dei opna han opp og opererte hjartet.

Men Vidar er ikkje sint på legane. Heller takksam for innsatsen dei la ned.

Likevel vil han ha noko igjen for at det som skulle redde hjartet hans, i staden fekk dramatiske konsekvensar for livet etterpå.

Eit slags plaster på såret, kanskje.

– Eg får gjort uhyre lite i løpet av ein dag. Firmaet mitt måtte avviklast, for eg klarte ikkje å styre det lenger. Fordi hovudet og kroppen ikkje fungerer som før, er det også ei stor omstilling for familien. Alle merkar at det har skjedd noko.

Vidar kjenner ikkje att kroppen sin etter det lange sjukehusopphaldet. Difor har han søkt om pasientskadeerstatning.

Håpet er at det skal bli ein kort prosess. At dei sakkunnige skal sjå at noko gjekk gale på sjukehuset, og at han har fått livet snudd på hovudet.

19 månader etter at han søkte, fekk han svar. Eit avslag.

«I henhold til vanlige medisinsk praksis»

NRK har vore i kontakt med Haukeland universitetssjukehus om saka til Berg-Hansen. Dei viser til uttalen dei gav i samband med erstatningssaka. Der kjem det mellom anna fram at dei meiner Berg-Hansen vart hjarteoperert i tråd med god medisinsk praksis.

Når det gjeld betennelsen på hjarteklaffen, skriv sjukehuset at «det er usikkert hvorvidt det har vært infeksjon i hjertet, men en kunne ikke utelukke endokarditt og han fikk behandling for om dette var tilfelle. Hjerteklaffen har opprettholdt samme tilfredsstillende funksjon hele veien».

Etaten som behandlar erstatningssøknadar, Norsk Pasientskadeerstatning (NPE), opererer med ei gjennomsnittleg behandlingstid på ni månader.

For Vidar tok det meir enn dobbelt så lenge.

– Dette er eit snitt. Det betyr at det er mange som får avklaring langt raskare, og det er ein del det tar langt lengre tid for før ein får avklaring. Vi har diverre saker som går i opp mot to år før vi får gitt eit svar, seier leiar for saksbehandlinga Anne-Mette Gulaker i NPE.

Gulaker er ikkje nøgd med gjennomsnittstida det tek å få avgjort sakene.

– Eg forstår godt at det er ei stor belasting å vente på svar frå oss. Vi jobbar for å få ned tida det tek å få avklart sakene.

Frykt for framtida

Sjølv om Vidar ikkje har mange krefter att i kroppen, er han energisk når han fortel om prosessen. Blikket blir skarpt når han skildrar korleis han kjenner seg mistrudd og har måtte kjempe for at sjukdomshistoria hans skal bli lagt riktig fram for dei sakkunnige, som no har konkludert med at han ikkje har rett på å få erstatning.

55-åringen meiner dei sakkunnige ikkje har forstått alle sidene av saka. På laptopen viser han side opp og side ned med mailutveksling med etaten.

– Eg blir ikkje teken på alvor. Det kjennest som ein håplaus kamp. David mot Goliat.

Difor har han sett advokat på saka, og saman har dei klaga inn avslaget.

Fordi beskjeden frå legane no er at det går betre med hjartet, er det aldri i tankane hans at han ikkje skal få ta kampen heilt i mål.

– Tørr ikkje tenke langt fram

Vidar er frykteleg frustrert over at han har måtte vente så lenge på det første avslaget. No er han smerteleg klar over at prosessen kan strekke mykje lenger ut i tid.

Dersom ein får avslag på erstatningssøknaden og vel å klage på vedtaket, slik Vidar gjorde, gjer NPE ei ny vurdering av saka. Dersom NPE ikkje finn grunn til å gjere om vedtaket, går klaga vidare til Helseklage. Om ein får avslag også der, og likevel vel å ta saka vidare, er neste steg ei rettssak mot staten.

– Det kan kome til å ta åtte, ni, ti, elleve år før saka mi er avklara.

Kva vil det ha å seie for deg viss det tar ti før du får ei avklaring?

– Det tør eg ikkje eingong tenke på. Eg vil ikkje tenke så langt, seier Vidar.

For 55-åringen handlar det ikkje lenger om pengane. Det handlar om å bli trudd.

Han er frustrert. Både på vegner av seg sjølv og alle dei andre som er i same situasjon.

– Men mange av dei som står i kø, vågar ikkje å ta til motmæle. I staden finn dei seg i det som kjem frå NPE. Mange bukkar under og døyr i køen, seier Vidar.

Det er difor han vil fortelje om sin kamp. Målet er at hans historie skal få ein lukkeleg slutt. At han skal få stadfesta at det skjedde ein feil og at han har rett på erstatning. Slik håpar han å tenne eit lys for dei som kjenner det håplaust å stå i erstatningskøen.

«Til evigheten og tilbake»

Tre månader seinare ligg klagen framleis til behandling. Frå tårnet på Fana kirke ljomar det frå kyrkjeklokkene.

Ute er det vår i lufta, men inne i kyrkja sit kring hundre svartkledde menneske i mørket. Anders Vassbotn sin «Å leva det er å elska» strøymer ut av orgelet.

– Å stå her i dag. Det er den tyngste dagen i mitt liv. Å miste deg, mitt alt. Det kom så brått på, seier Jill frå talarstolen.

Framfor henne står kista til Vidar, med eit langt slør av blomar og helsingar.

Vidar Berg-Hansen

EIT SISTE FARVEL: «Elsker deg til evigheten og tilbake,» skreiv Jill Berg-Hansen i dødsannonsa til ektemannen. Det same sa ho frå talarstolen under Vidar si gravferd.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Mang ein gong har Jill sett for seg korleis gravferda skulle vere. Kva farge blomane på kista skulle ha, og korleis dei skulle danderast. Kva for nokre salmar som skulle stå trykt i songheftet. Men ho trudde ikkje ho skulle måtte setje i verk planen allereie no.

– Det var jo 13 års aldersforskjell mellom oss, så vi pleidde å spøke med at eg kom til å bli ung enke. Men då tenkte vi 80 år, ikkje 42.

17 år saman

Vidar hadde henta ein snøscooter til redningspatruljen han hadde starta. Slik skulle det bli lettare å hjelpe dei som fekk problem i skiløypa på fjellet.

Vidar Berg-Hansen
Foto: Faksimile frå dødsannonse i BT

Men under prøveturen var det han sjølv som kom i uføre. Snøscooteren stoppa, og Vidar skulle få laus køyretøyet og snu.

Hjarta stoppa, brått og uventa.

I fire døger vart han liggande i koma på Haukeland sjukehus.

Kona Jill låg ved sida av han i eit av døgera. Sjukepleiarane la armen til Vidar rundt henne. I det lengste håpte Jill at dette ikkje var siste gong ho fekk ligge inntil ektemannen.

Men etter fire dagar vart Vidar erklært hjernedød. 31. mars sovna han inn på sjukehuset.

– Dei kalla det ei ulukke. Men Vidar hadde jo eit svakt hjarte. Det blir spekulasjonar, men hadde han vore frisk og ikkje blitt feilbehandla, trur eg ikkje hjartet hans hadde stoppa, seier Jill.

Dagen Vidar døydde hadde ekteparet bryllaupsdag. 17 år fekk dei saman.

– Det var ein dag som betydde mykje for Vidar. På ein måte er det ein slags symbolikk i det.

Jill Berg-Hansen

17 ÅR SAMAN: Vidar og Jill Berg-Hansen gifta seg på dagen 17 år før Vidar døydde. I albumet frå bryllaupsdagen har dei ei lang rekke bilete. Eitt av dei står innramma i huset på Hatlestad.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Lydane som forsvann og tårene som kom

No er det enka som har tatt over erstatningskampen som betydde så mykje for ektemannen.

– Det er ei ekstra belasting. Vi kjem oss ikkje vidare, og får ikkje sleppt sorga heilt laus eller sett punktum.

Ei tåre triller nedover kinnet. Etterfylgd av ei til.

No har det gått sju månadar sidan avslaget frå Norsk Pasientskadeerstatning kom. Etter at mannen døydde, har ho ikkje klart å opne datamaskina eller bla i papirbunken hans med alle saksdokumenta.

Enka har bestemt seg for å vente til NPE har kome med si avgjerd, før ho bestemmer seg for kva ho vil gjere. Ho veit ikkje om ho har økonomi til å ta Vidar sin kamp vidare, dersom etaten ikkje snur og gjer om på avslaget.

– Det er veldig synd, for eg burde jo gjort det. Men eg veit ikkje om vi klarar det.

Vidar tok mykje plass, og hadde alltid mange rundt seg. Stadig kom kameratar på besøk og fylte huset med liv og latter. No er det tomt. Stille. No høyrer ein berre knirket når Jill lener seg tilbake på stolen.

– Vidar klandra aldri nokon for det som skjedde, og pengane var ikkje det viktigaste. Han ville berre vere ei stemme for, og gi håp til, dei som står i denne køen.