Hopp til innhold

Høgsesong for campingbrannar: Slik kan du unngå det

Kvart år er det rundt 45 campingbrannar i Noreg. Her får du tipsa til korleis du skal få ein brannsikker ferie.

Røykvarslar i campingvogn på Guldbergaunet camping i Steinkjer

MÅTTE FÅ NY: Her vart det oppdaga at røykvarslaren ikkje fungerte i campingvogna til Asbjørn og Anne Turid Myklebust frå Nordland. Den vart bytta ut av branninspektør Roger Johnsen.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

For andre året på rad ferierer nordmenn i sitt eige land, på grunn av koronapandemien og omfattande reiserestriksjonar – som heile tida er i endring.

Camping er eit populært val for reiselystne på norgesferie, men mange er uerfarne campingturistar. Nokon har kanskje leigd campingvogn eller bubil, og skal på campingferie for første gong.

Ikkje alle er klar over at denne ferieforma kan medføre svært høg brannrisiko.

Ifølge Trøndelag brann- og redningsteneste peikar salspilene for bubilar oppover – og det same gjer dessverre også brannstatistikken.

Tal frå Norsk brannvernforening viser nemleg at det er rundt 45 campingbrannar i Noreg årleg. Dei fleste skjer i sommarhalvåret.

🔥 Les tipsa til korleis du skal unngå campingbrann nedst i saka.

Avstandskrav avverja brannkatastrofe

Tysdag morgon begynte det å brenne i ei campingvogn på Granmo camping i Oppdal. To turistar låg og sov i vogna, og vart vekte av ein snarrådig teltturist som hamra på døra.

Ein campingbrann kan spreie seg svært raskt, derfor er det veldig viktig å overhalde kravet om minst tre meter sikkerheitsavstand mellom campingvognene. I januar vil dette avstandskravet bli utvida til fire meter.

Brannen på Granmo camping i Oppdal spreidde seg til to andre campingvogner. Campingeigar Lars Hevle meiner avstanden mellom vognene blei avgjerande for at brannen ikkje spreidde seg ytterlegare.

Oppdaga røykvarslar som ikkje fungerte

På Guldbergaunet camping i Steinkjer vart det onsdag føremiddag gjennomført inspeksjon av brannvesenet.

Branninspektør Roger Johnsen i Brannvesenet Midt IKS sjekkar mellom anna om turistane held nok avstand mellom vognene, og om dei har fungerande røykvarslarar og brannsløkkingsapparat på plass.

Propantankar i campingvogn på Guldbergaunet camping i Steinkjer

VIKTIG SJEKK: Branninspektør Roger Johnsen sjekkar propantankane i campingvogna til Terje Pettersen frå Mjøndalen.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

– Det er travelt når folk skal på ferie. Då blir mykje gløymt, seier branninspektøren.

Og under inspeksjonen skjer nettopp dette. Campingturistane Anne Turid Myklebust og Asbjørn Myklebust frå Nordland har nemleg gløymt å sjekke om røykvarslaren i campingvogna fungerer.

– Eg blei overraska. Eg må berre vere ærleg å seie at eg ikkje har sjekka det. Det er berre å legge seg heilt flat, seier Asbjørn litt brydd.

Han seier likevel at ein skal ha all mogleg respekt for gassflasker i campingvognene.

Ole Ellevåg med brannsløkkingsapparat

BRANNSLØKKINGSAPPARAT: Ole Ellevåg har brannsløkkingsapparat på 6 kg. Det er eit påbod om å ha minst 2 kg.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Gassflasker må oppbevarast ståande

Det er viktig at gassflasker alltid oppbevarast ståande, på eit stabilt underlag. Det gjeld både under bruk, lagring og transport. Då er det mindre sjanse for eksplosjonsfare, sidan desse har sikkerheitsventil.

Under brannen i campingvognene i Oppdal tysdag, førte slike gassflasker til at 400 personar vart evakuerte, på grunn av eksplosjonsfare.

– Det er katastrofe om ein ligg og søv, og det byrjar å brenne. Det kan vere snakk om sekund før ein brann får eit heilt anna utfall, seier Asbjørn.

Branninspektøren speidar utover campingplassen for å sjå om campingvognene har plassert seg med nok avstand.

– Dette ser veldig bra ut. Dei fleste overheld minimum tre meter. Eigaren ved campingplassen har opplyst om at dei held fire meter her, fortel han.

Branninspektør Roger Johnsen om avstandskrav mellom campingvognene.

FOR LITE AVSTAND: Desse vognene står for nær kvarandre, påpeikar branninspektør Roger Johnsen. Campingplassen vil be dei om å flytte seg.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Mykje brennbart materiale på campingplassar

Campingplassane kan altså vere ei stor brannfelle.

– På campingplassane er det tett mellom vognene. Dei inneheld såpass mykje brennbart materiale at brannane utviklar seg raskt. Det kan få store konsekvensar, fastslår Anna-Karin Hermansen, avdelingsleiar i Trøndelag brann- og redningsteneste.

Kva er den vanlegaste brannårsaka?

– Livet på camping handlar mykje om kos. Der er det både grilling, levande lys og alkohol inne i bildet.

Ho er tydeleg på at det aller viktigaste er å ha eit fungerande varslingssystem.

– Du må ha røykvarslarar på ferie også, ikkje berre heime, seier ho.

Anna Karin Hermansen

FARLEGE BRANNFELLER: Anna-Karin Hermansen, avdelingsleiar i Trøndelag brann- og redningsteneste, fortel at det er mykje brennbart materiale på campingplassane, som i verste fall kan føre til eksplosjonar.

Foto: Bjørn Alexander / NRK

Frå 2022 vil det kome nye reglar for å auke brannsikkerheita ved campingplassane.

− Dei nye reglane skal vere enkle å etterleve og gjere campingplassane meir brannsikre. Med endå tydelegare reglar, blir det også enklare for det lokale brannvesenet å føre tilsyn med campingplassane, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) i pressemeldinga frå april.

Tips for ein brannsikker ferie

Trøndelag brann- og redningsteneste er svært opptekne av å spreie viktig kunnskap til nordmenn på campingferie.

Her er deira tips til korleis du skal unngå brann på ferie:

  • 📢 Har du røykvarslar som fungerer? Då blir du varsla tidleg om uhellet er ute.
  • 🧯 Har du sløkkeutstyr som fungerer? Det er påbod med sløkkeapparat i campingvogner og i bubilar.
  • 🔥 Kor står grillen? Sett den ut, og minimum éin meter frå campingvogn eller telt.
  • 🏃‍♀️💨 Ha ein rømmingsplan i tilfelle brann. Med fleire rømmingsvegar er sjansen større for å redde seg ut i live.
  • 📢 Har du gassdetektor? Dette er ikkje påkravd, men er ei billeg og god investering i eigen sikkerheit.
  • ↔ Held du avstand? Det bør helst vere fire meter mellom campingvognene, minimum tre.
  • ⚠️ Har du sjekka propanapparatet? Pass på at slangar og rør er tette. Utfør jamleg kontroll og vedlikehald.

    ☀️ Treng du meir utfyllande tips? Norsk brannvernforening har detaljerte tips til korleis du skal unngå brann på sommarferie.