NRK Meny
Normal

Bli med på folkefest!

Det blir folkefest og garantert norske vinnarar når NM i nordiske greiner brakar laus i Granåsen onsdag.

Granåsen
Foto: Roar Hansen

Arrangørane er i full sving for å få alt på plass kong Harald og tusenvis av trøndarar tek plass i Granåsen på opningsdagen.

- Vi har 790 frivillige som på akkrediteringslista som skal hjelpe oss å arrangere NM i Granåsen, seier leiar for organisasjonskomiteen Svein Ove Dyrdal til NRK Trøndelag.

Prøvehopping tirsdag

Mange av dei frivillige er på plass i Granåsen allereie i dag, men det er først i morgon det store trøkket kjem, meiner arrangøren.

- I morgon ettermiddag er det prøvehopping. I tillegg skal vi ha nokre øvingar for å sjekke ut sambandet. Så i morgon er vi nok i god NM-modus, seier Dyrdal.

Han legg til at det i dag er utdeling av arbeidstøy til alle dei frivillige. Det skjer på langrennsarenaen mellom klokka 1600 og 2000.

Kongen på hopprenn

Kong Harald kjem til Granåsen for å følgje NM i stor bakke onsdag.

Han er på plass allereie klokka 1735 onsdag ettermiddag og får med seg både opningsseremonien i hoppbakken, sjølve rennet og premieutdelinga.

- HM Kong Harald blir med oss både onsdag og torsdag og det set vi utruleg stor pris på. For oss er dette eit klart og tydeleg signal på at kongefamilien er veldig opptatt av skisport og prioriterer å vere tilstades når NM blir avvikla, seier Dyrdal.

Northug i tenkeboksen

Petter Northug vurderer å droppe alle øvingane under NM i Trondheim.

Han kjem i ettermiddag heim frå renn i Canada med åtte timars tidsskilnad i kroppen og meiner han har for kort tid på seg til å akklimatisere seg før det første rennet i Granåsen torsdag.

Northug seier til Trønder-Avisa at det er fleire renn enn NM som er viktige dei nærmaste vekene.

Vanskeleg oppløp

Northug er ikkje den einaste som har vurdert å droppe NM i Granåsen til fordel for andre arrangement. Både Tom Hilde og Bjørn Einar Romøren sa sist veke at dei hadde lyst på prioritere andre renn enn NM.

Les også: Hopperne beordres til NM

Dette synest arrangørane er skuffande. I tillegg skaper det litt problem i sjølve planleggingsfasen.

- Når det er eit så stort arrangement, burde vi få bruke alle kreftene våre på sjølve arrangementet, og sleppe kampen mot dei som ikkje vil stille. Dette er for oss ein negativ kamp på oppløpet, når vi skal gjere siste finpussen mot meisterskapen, seier Dyrhaug.

Stjerner på startstreken

Arrangøren lovar likevel at det vil vere stjerner på startstreken når NM startar onsdag.

- Eg har fått veldig sikre tilbakemeldingar frå den sportslege leiinga innan både hopp, kombinert og langrenn på at dei aller beste stiller til start og at dei skal gå fleire distansar, seier Dyrhaug.

Les meir: Ski-NM Trondheim 2008

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25