Hopp til innhold

Barna til Olena får ikkje treffe pappa: – Eg er veldig trist og bekymra

Pappaen har ikkje lov til å forlate Ukraina. Dersom Olena og barna reiser til heimlandet for å møte han, mister dei opphaldstillatinga si i Noreg.

Olena Hrabchenco i Norge på vinteren. Hun står utendørs i grønn dunjakke og ser rett i kamera. Det er snø på bakken.

ALEINE I NOREG: Olena Hrabchenco er aleine i Noreg med barna medan mannen må vere igjen i Ukraina.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Det var trist.
Det var nesten inga julestemning,
sidan vi høyrde om at vi ikkje har lov til å besøke Ukraina.

Rett før jul fekk Olena Hrabchenco beskjed om at ukrainske flyktningar i Noreg, slik som ho, kan miste opphaldstillatinga dersom dei besøker heimlandet.

Dermed veit ikkje ho og dei to barna hennar på 12 og 15 år når dei får sjå mannen og pappaen sin igjen.

– Det var trist, spesielt for barna. Dei tel dagane til sommaren då dei skulle besøke og sjå faren sin igjen.

Like etter krigen i Ukraina braut ut flykta Olena og dei to barna til Noreg, medan familiefaren Sergey måtte bli igjen.

– Då vi kom til Noreg tenkte vi at det berre var for to månader. At om to månader skulle vi sjåast igjen. Men det er nesten to år og vi ser ikkje slutt på det, seier Olena.

Ukrainske Olena Hrabchenko sitter med datamaskinen sin inne i klasserommet på NTNU.

Olena bygger et nytt liv mens krigen raser i hjemlandet

Kan miste opphaldstillatinga

Fram til 12. desember 2023 kunne Olena og barna reise til Ukraina for å besøke Sergey.

Men no risikerer dei å miste opphaldstillatinga si i Noreg dersom dei drar.

Eg er veldig trist og bekymra.
– Olena

Ukrainske flyktningar kunne, i motsetning til flyktningar frå andre land, reise tilbake til heimlandet utan å miste opphaldstillatinga i Noreg.

– Når regjeringa no har stramma inn regelverket for heimreiser for ukrainarar så handlar det om at vi ønsker å ha same praksis og dei same reglane for alle flyktningar.

Det seier statssekretær i Justisdepartementet, Even Eriksen (Ap).

Men dette synest Olena er uforståeleg og urettferdig.

Olena Hrabchenco går på et fortau med ryggen til kamera. Det er snø på bakken.

Olena og barna må klare seg i Noreg utan Sergey: – Det er vanskeleg, men me gjer det steg for steg, seier ho.

Foto: Sunniva Skurteveit / NRK

– Eg kan ikkje forstå det. Flyktningar frå andre land har fridom til å dra med heile familiane samla. Men ikkje i Ukraina. Ukrainske menn har ikkje lov til å forlate landet, så familiane er splitta.

Etter krigen braut ut og dei reiste til Noreg har Olena og barna sett Sergey ein gong førre sommar.

– Det var som eit eventyr! Det var ein draum som gjekk i oppfylling.

Men no veit dei ikkje når eller om dei kjem til å sjå pappaen igjen.

Les også Over 40.000 ukrainske flyktninger i Norge – sliter med å finne nok boliger

Stor giverglede

Lik behandling for alle flyktningar

Regelverket er no likt for alle flyktningar med førebels opphaldsløyve i Noreg. Likevel meiner Andreas Sjalg Unneland (SV) i justiskomiteen på Stortinget at dette er feil veg å gå.

– Vi har vore oppteken av at ein skal ha likebehandling, men det betyr ikkje at løysinga er at ukrainarar som har hatt ei rettigheit skal bli fråteken ho.

Unneland meiner ein heller burde styrke rettane til alle andre flyktningar.

– Regjeringa har jo openbert meint at det har vore riktig på eit tidspunkt at ein skal ha denne mogelegheita, så eg synest det verkar ugrunna kvifor ein no meiner at ukrainarar ikkje lengre skal ha denne mogelegheita.

Men Eriksen i justisdepartementet er ikkje einig.

– Dersom ein er flyktning, og ukrainar i dette tilfelle, reiser att og fram mellom Noreg og det landet ein har søkt vern frå kan det tyde på at ein kanskje ikkje har behov for vern i Noreg.

Les også I dette skogholtet får ukrainske soldater hjelp til å vinne krigen

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen ser på instruktører fra kompani Hegra trene ukrainske soldater i skarpskyting

– Kan ikkje ta med meg barna mine tilbake

Sergey jobbar frivillig i ein organisasjon som jobbar for flyktningar i Ukraina. Men sidan han er i såkalla mobiliseringsdyktig alder kan han bli tatt ut og mobilisert til forsvaret.

Eg er redd kvar dag.
For eg veit ikkje om me ser han igjen.
– Olena

Medan dei fleste menn må bli igjen i landet har mange mødrer, barn og eldre har reist frå landet. Det er det blanda kjensler om.

– Det er ein viss frustrasjon over at så mange har forlate Ukraina og ikkje er igjen nettopp for å halde samfunnsmaskineriet i gang.

Det forklarar Morten Jentoft, utanrikskorrespondent i NRK. Han har vore i Ukraina fleire gonger og møtt dei som har blitt verande i landet.

Morten Jentoft i Butsja utenfor Kyiv 3. april.

Morten Jentoft seier det også er forståing for at folk vil dra frå når Ukraina det er krig.

– Dei som blir igjen i Ukraina, gjerne dei ressurssvake som ikkje har mogelegheit til å flykte og dra. Og dei som har dratt og får ganske gunstige opphaldsvilkår, til dømes i Noreg, seier Jentoft.

Men for Olena er det ikkje eit alternativ å ta barna med tilbake til Ukraina medan krigen går føre seg.

– Vi står framfor eit val: Vere saman med familien eller dra tilbake til plassen med krig. Eg kan ikkje ta med meg barna mine tilbake til Ukraina.

Hør også: