Hopp til innhold

Har du lyst på ein gratis jugendvilla? No har du sjansen

Bane Nor kjøpte den unike villaen for nokre år sidan. No kan den bli din – men du må komme og hente den sjølv.

Villa Elverheim i Steinkjer

VERNEVERDIG VILLA: – Villaen har stor estetisk og historisk verdi, seier tidlegare kommuneantikvar i Steinkjer kommune, Robert Øfsti. No skal villaen få nye eigarar – dersom alt går etter planen.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Ein farleg jernbaneovergang nord for Steinkjer førte til at Bane Nor kjøpte Villa Elverheim for nesten tre millionar kroner i 2017.

– Huset ligg på feil side av jernbanelinja. For å få stengt planovergangen måtte vi kjøpe eigedommen, fortel Toril Dahl Hjelseth.

Ho er eigedomssjef i Bane Nor Eiendom. No står dei med ein eigedom utan tilkomst. Dei vil forsøke å selje eller gje vekk villaen.

– Det er ein fin moglegheit til å få eit fantastisk spennande hus, seier ho.

Det var Steinkjer-avisa som omtalte saka først.

Villa Elverheim i Steinkjer

FARLEG PLASSERING: Villa Elverheim i Steinkjer har ikkje ei heilt ideell plassering. Jernbana går forbi like utanfor.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Kommuneantikvar: – Verdifull villa

Tidlegare kommuneantikvar i Steinkjer kommune, Robert Øfsti, ynskjer at villaen skal få eit nytt liv.

– Det er eit vakkert og unikt bygg, som skil seg ut på ein veldig markant måte, seier Øfsti.

Bygningen blei oppført av Ole Christian Sæther i 1915, og er noko så uvanleg som eit gardshus med tydeleg preg av jugendstilen. Mellom anna har villaen ei ark med to verandaer over kvarandre og søyler med innramming i typisk jugendstil.

Den pensjonerte kommuneantikvaren forklarar kva som kjenneteiknar stilen.

– Det mest typiske er at den er veldig asymmetrisk. Det var ein glad i under jugendperioden.

Villa Elverheim er tatt med i Steinkjer kommune sin kulturminneplan.

Villa Elverheim i Steinkjer

SPESIELL: På tomta står det ein låve og eit stabbur i tillegg til villaen som no treng nye eigarar. Den karakteristiske bygningen har tårn, spir og dekorative, asymmetriske detaljar både utvendig og innvendig.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Etter ein bybrann i 1900 blei Steinkjer gjenoppbygd i den tidstypiske jugendstilen. Dette blei eit særpreg for byen i tida før Steinkjer på nytt blei lagt i ruinar under andre verdskrig.

– Huset ligg godt utanfor det gamle sentrum, så det har ein ekstra verdi som dokumentasjon av jugendstil og den byggeskikken som var vanleg då, seier Øfsti og held fram:

– Eg synest det er fint at Bane Nor har ei så positiv haldning til å berge huset.

Kan risikere å måtte rive huset

Bane Nor har vore i kontakt med fleire som er interesserte i villaen. Etter at media plukka opp saka har eigedomssjefen notert fire aktuelle kjøparar på blokka.

– Vi skal selje det for ein veldig rimeleg penge eller gje det vekk gratis. Å få flytta villaen kostar, fortel Dahl Hjelseth.

Kvifor er det så dyrt å flytte villaen?

– Den må flyttast når det ikkje går tog. Det må helst skje om natta, sidan vegen må stengast. Ein må leige inn kran for å løfte det over jernbanesporet, og lastebil for å flytte huset. Kjøparane må også ha ei tomt som står klar, seier ho.

Toril Dahl Hjelseth

GIR VEKK VILLA: Toril Dahl Hjelseth, eigedomssjef i Bane Nor Eiendom.

Foto: Privat

Villaen er frå 1915 og jernbana kom til Steinkjer i 1905. Det er ikkje tvil om at det var eit attraktivt område å bu på i denne tidsperioden.

– Generelt var det veldig populært å bu langs jernbana. Jernbana har alltid vore eit knutepunkt. Det var ein stor og attraktiv arbeidsplass. Ei ferdselsåre som var veldig viktig, seier Dahl Hjelseth.

Dersom ingen vil ta over villaen ser Bane Nor seg nøydde til å rive huset.

– Vi må ta ei avgjerd i løpet av året. Vi gjennomfører eventuelt rivinga i 2021. Viss ikkje blir det falleferdig. Det er verken pent eller trygt, fastslår eigedomssjefen.