Hopp til innhold

Pilotprosjekt skal få lys i gamle hus – Tomas kjøpte kåk som har stått tom sidan 1988

Mange stader står det tomme hus som ikkje er i bruk og forfell. Fleire kommunar er no med på eit prosjekt som blir kalla «Tinder» for gamle hus.

Tomas Borovjak

Huset har stått tomt i 35 år. No skal Tomas og familien få lys i det.

Foto: Tale Hauso / NRK

Tomas Borovjak vrir om nøkkelen og må gje døra eit lite dytt før han kjem seg inn i huset som er frå 1896.

Inne i stua er det nesten tomt. Det står ein gamal peis og den original kledningen er kome til syne.

– Eg håpar vi kan ta vare på dei gamle vindauga. Dei synest eg er så vakre. Det er kanskje nokon som synest dette huset ser ut som ein ruin, men vi ser potensialet her, seier Tomas.

– Tenkte ikkje på økonomi

Familien flytta frå Bergen og til Bolstadøyri, ei lita grend i Voss herad for tre år sidan.

Då dei var på spasertur ein dag, oppdaga dei ein liten lapp i glaset på det gamle huset midt i Bolstad sentrum. «Til sals» stod det.

– Vi visste frå den dagen vi såg lappen at dette hadde vi lyst på. Utan å tenkja økonomi eller realisme. Vi tenkte berre at dette huset vil vi ha. Det har sjarm og sjel, seier Tomas.

Huset ber preg av at ingen har budd i det på over 35 år. Men no har dei nye eigarane nye planar.

– Dette huset kan bidra til at heile gata får meir liv.

Tomas Borovjak ser på huset sitt på Bolstadøyri

Då Tomas Borovjak såg lappen i vindauget visste han at han ville kjøpa huset som var til sals.

Huset på Bolstadøyri

Huset er i enkel empirisk stil. Ein stilretning som oppstod i Frankrike under keisar Napoleon, og vert difor kalla keisarstil.

Fine detaljar på det gamle huset på Bolstadøyri.

Huset har skifertak, originale krysspostvindauge, liggande kledning og eit forseggjort inngangsparti.

Tomas Borovjak inne i huset

Huset ber preg av mange ulike tidsepokar med ulike stilar.

«Tinder» for gamle hus

Familien Borovjak er eit førebilete for prosjektet som Voss herad no jobbar med.

Dei har nemleg blitt med i eit nasjonalt pilotprosjekt som vert kalla «Lys i gamle hus» i regi av Fortidsminneforeningen.

Riksantikvaren har omtala prosjektet som «tinder» for gamle bygg.

Prosjektet skal få hus som står tomme og forfell til å takast vare på og med rette tiltak koma i bruk igjen.

Det manglar statistikk på kor mange bustadar i Noreg som faktisk står tomme i dag. Men ein rapport frå SSB frå 2012 peika mot at over 200.000 bustadar i Noreg kan vera ikkje-busette.

Les også Vil at flere skal male huset med linolje – malingsprodusent er ikke enig

Malermester Juuhl&Bratfoss maler med linoljemaling.

Treng fleire bustadar

– Mange har lyst å bu på Voss, men folk slit med å finne plass å bu. Spesielt dei som er interesserte i eit småbruk eller eldre hus, seier Tora Lie Brunborg, bygningsvernkonsulent ved Voss Folkemuseum og prosjektleiar for Lys i gamle hus i Voss.

Ho ønskjer å setja søkelyset på kor store potensial som ligg i dei gamle husa.

Prosjektet tek tak i fleire utfordringar bygda står ovanfor. Det handlar om behovet for arbeidskraft, bustadmangel og fokus på gjenbruk.

– Vi kjenner til klimakonsekvensane av å byggja nytt. Når vi då har ganske mange bygg som står tomme, så er det noko med å få tatt dei i bruk, seier Brunborg.

På verdsbasis står byggenæringa for 40 prosent av dei totale klimagassutsleppa. I Noreg rundt 15 prosent.

Tora Lie Brunborg, prosjektleiar for "Lys i gamle hus" på Voss

Tora Lie Brunborg, bygningsvernkonsulent ved Voss Folkemuseum og prosjektleiar for Lys i gamle hus, Voss.

Foto: Tale Hauso / NRK
Gata på Bolstadøyri

Busetnaden i sentrum av Bolstad er prega av 1800-talshus.

Foto: Tale Hauso / NRK

På leit etter eit gamalt hus

Mathilde Kähler Rusten er ein av dei som har meldt si interesse og er på leit etter eit gamalt hus. Rusten har sjølv opplevd at det er vanskeleg å få tak i bustad på Voss.

– Eg har sjølv hatt mine private rundar rundt på Voss for å sjå etter tomme hus. Det er ein del hus, likevel er det ikkje mange til sals.

Ho synest det er kjempeviktig at Voss no er med på prosjektet, både for å utnytta dei husa som er der allereie, men og for å ta vare på dei.

– Dette har eg veldig lyst å vera med på, og eg er veldig spent på kva som kjem opp.

Mathilde Kähler Rusten

Mathilde Kähler Rusten er på leit etter eit gamalt hus på Voss.

Foto: Tale Hauso / NRK

Stort prosjekt

Først i prosjektet skal ein kartlegga kva bygg som står tomme etter avtale med eigar.

Handverkarar vil kunna utføra ein enkel tilstandsrapport som fortel kva som trengst for å ta bygget i bruk.

– Ein kan få rettleiing til dømes ved å få hjelp til å søkja midlar, og potensialet for restaurering, ombruk, utleige eller sal, seier prosjektleiar Brunborg.

Så handlar det om å matche bygga og folk som ønskjer å bu i dei.

Nokre av kommunane som er med i pilotprosjektet har fått kartlagt fleire hus. Nokon har fått nye eigarar som allereie er i gong med å setja det i stand.

Gjennom kartlegginga har vi og sett at det er konkrete utfordringar og årsaker til at hus står ute av bruk, seier Bianca Wessel, prosjektleiar for Lys i gamle hus.

Tomas Borovjak med barna sine. Saman med prosjektleiar Tora Lie Brunborg i Voss herad.

Tomas Borovjak og barna har mange planar for huset. Prosjektleiar Tora Lie Brunborg er med for å sjå.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Godt å ikkje vera åleine

Tomas Borovjak som eig huset på Bolstadøyri synest det er viktig det blir eit større fokus på å ta vare på gamle bygg.

Han trur prosjektet kan samla folk som er i same situasjon som dei til å utveksla idear, utfordringar og løysingar. I tillegg til at dei kan få hjelp og støtte.

– Det kan vera godt å kjenne på at vi ikkje er åleine i dette store prosjektet vårt.

Dei drøymer om at det skal bli aktivitet i huset igjen. Ikkje berre av familien, men av heile byda Bolstad og andre gjester.

– Draumen no er at det blir lys og liv i huset igjen.

Les også Regjeringen ber folk åpne hyttene sine for flyktninger

Einar Andreassen