Hopp til innhold

Operert i magen sju gonger – får ikkje erstatning

Han måtte slutte å jobbe etter ein mageoperasjon som gjekk gale. Ti år med store diareplager har gjort Thomas Hartweg (48) ufør og isolert. Men Pasientskadenemnda avslår full erstatning etter råd frå sakkunnig som aldri har undersøkt Trondheimsmannen.

Thomas Hartweg

På dette rommet ved ein psykiatrisk poliklinikk i Trondheim har Hartweg vore innlagt i over 400 dagar sidan 2014.

Foto: Kristin Grønning / NRK

– Ein nedslåande dom. Det er uverdig å oppleve at ekspertane er usamde om plagene mine skuldast operasjonane. Det seier Hartweg til NRK etter å ha lese vedtaket.

Trondheimsmannen har levd med konstant diare i 10 år og har freista å ende livet sitt to gonger.

Usamde spesialistar

I 2015 fekk han delvis medhald hos Norsk pasientskadeerstatning i at ein av tarmoperasjonane gjekk gale. Hartweg kunne få ei eingongserstatning på nokre få hundre tusen kroner. Men NPE meinte depresjonen ikkje skuldast dei vedvarande og aukande mageplagene.

Hartweg anka til Pasientskadenemnda som no har behandla saka. Ei samrøystes nemnd meiner dei psykiske plagene og depresjonen skuldast sviktande helsehjelp.

Men diareplagene, som har gjort han ute av stand til å delta i arbeidslivet, heng ikkje saman med feilslått operasjon, meiner nemnda.

Før behandlinga av alle saker i det statlege klageorganet blir sakkunnige oppnemd av Helseklage. I dette tilfellet er vedkomande spesialist i gastrokirurgi usamd med ein overlege med same faglege bakgrunn ved St. Olavs hospital om kor vidt diareplagene heng saman med operasjonane.

Advokat Bjørn Brauti har jobba med saka til Hartweg i mange år. Brauti er svært kritisk til at dei sakkunnige i Helseklage ikkje sjølv undersøkjer pasientane, men berre støttar seg til skriftleg dokumentasjon.

Operasjon

Det starta med ein betennelse i tarmen for ti år sidan. Sju operasjonar seinare ser magen til Thomas Hartweg slik ut. Pasientskadenemnda meiner det ikkje er samanheng mellom diareen og operasjonane.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Direktør i Helseklage, Rose-Marie Christiansen viser til at det ikkje var naudsynt å undersøkje Hartweg på nytt sidan nemnda kom til at det ikkje er nokon samanheng mellom diareen og behandlinga.

Det er unntak at pasientar blir undersøkte av nye sakkunnige. Det vanlege er at vi baserer oss på dokumenterte undersøkingar gjort av andre, seier Christiansen til NRK.

-Ingen norsk lege vågar å operere meg igjen

Sju gonger er Hartweg operert i magen.

–Ingen lege i Noreg har lyst til å utføre operasjon nummer åtte. Dei er livredde for komplikasjonane og at eg skal bli enno verre, seier Hartweg.

Håpet hans var å vinne fram i Pasientskadenemnda og få ei erstatning for mange år med tapte arbeidsinntekter.

Hartweg har også venta lenge på avgjerda hos Helseklage.

Thomas Hartweg

-Det er uverdig at spesialistane er usamde om plagene mine skuldast operasjonane, seier Thomas Hartweg.

Foto: Kari Sørbø / NRK

I februar i år, to år etter at klagen var sendt, fekk advokat Brauti brev frå Helseklage om at saksbehandlingstida var auka frå eitt år til 20 månader.

Dette skuldast flyttinga frå Oslo til Bergen i fjor. For berre ein av 100 saksbehandlarar vart med over fjellet. Dermed måtte nye lærast opp.

Saka til Hartweg vart også liggande ekstra lenge på grunn av internt datakrøll i Helseklage.

Varslar rettssak

Det er ein kombinasjon av dei fysiske og psykiske helseplagene som har gjort at Hartweg måtte slutte å jobbe tidleg i 40-åra.

I første omgang kan han forvente ei meinerstatning på rundt 300 tusen kroner. Men han meiner det er viktig å ta saka til retten for å få vurdert om den konstante diareen skuldast behandlinga.

–Hvis det er tilfelle, har Staten plikt til å betale full erstatning for alle åra med tapt arbeidsforteneste og tap i utgifter. I tillegg vil meinerstatninga auke, seier advokat Brauti.

For Hartweg kan det bety fleire millionar kroner.

Thomas Hartweg går tur med hunden

Eit par korte turar i nabolaget med hunden Viggo, er det einaste Hartweg klarer.

Foto: NRK

–Pengar vil aldri gjere meg frisk, men kunne gi meg ein sjanse til ein operasjon i utlandet. No må eg gå nok ei jul i møte utan pengar, seier Hartweg. I fjor sommar måtte han flytte inn i toromsleilegheita til mor si, fordi han ikkje hadde pengar til eiga husleige.