Hopp til innhold

Slik har du aldri høyrt Åge Aleksandersen før

– Blokkfløyte skal eg aldri meir spele, seier Åge. Han måtte lære seg alle instrumenta sjølv då pandemien braut ut og Sambandet ikkje kunne møtast.

HEILT ÅLEINE: For første gong gir Åge Aleksandersen ut ei plate der han spelar alle instrumenta sjølv.

Elgitar, akustisk gitar, mandolin, tamburin, bassgitar, dobro, perkusjon, ukulele, synth, blokkfløyte, zither, slidegitar og munnspel. Song og kor.

Det tek tid å fikse alle instrument og stemmer på ei ny plate. «Ingen Nåde» er den første soloplata der Åge Aleksandersen spelar alle instrumenta sjølv.

– Blokkfløyte skal eg aldri meir spele. Vonde minne frå barndomen dukka opp, då vi spelte blokkfløyte i klassen alle saman. Det var ikkje vakkert, og det var heller ikkje det eg gjorde no, ler Åge Aleksandersen.

Bråstopp

Sidan 2003 har Åge Aleksandersen og Sambandet spelt saman kvar sommar.

Ny plass, nye folk, ny konsert. Slik var livet for 72-åringen fram til mars 2020. Då sette koronaen ein stoppar for turnelivet.

Åge hamna på heimekontor som heile resten av landet. På blokka hadde han ei rekke songar han ville begynne å spele inn, men Sambandet var spreidd over heile landet.

Ingen fekk lov å reise og ideen om å spele alle instrument sjølv dukka opp. Han skjønte fort at dette kom til å ta veldig lang tid.

– No skal ikkje eg seie at heldigvis varte pandemien så lenge, men i alle fall heldt den ut til eg blei ferdig.

Usminka

Vanlegvis skriv Åge Aleksandersen songar, spelar dei inn og sender demoane vidare til medlemmane i Sambandet. Alle jobbar med dei og saman formar dei songane i studio.

Denne gongen har han gjort alt sjølv. Målet var ei plate som er ekte, naken og lite sminka.

– Eg ville gi det ei kjensle av at her sit det ein mann og spelar og syng og that's it. Då var det ikkje miljø for å gi det noko meir enn det, forklarar Åge.

Han innrømmer at det var litt vanskeleg å kore på eiga stemme.

– Eg er dårleg til å kore. No har eg skjønt kvifor folk eg spelar med syns det er vanskeleg å kore med meg, for eg syns også at det er veldig vanskeleg å kore med meg sjølv.

Ny plate

«Ingen Nåde» har alt fått terningkast fem i fleire aviser, mellom anna Dagsavisen, Namdalsavisa og Adresseavisen.

Gratulasjonane tikkar inn på mobiltelefonen og Åge kjenner at han også begynner å bli klar for ei ny plate med Sambandet.

– Eg kunne tenkt meg å lage ei plate med Sambandet ganske snart som det luktar litt svidd av. Fått kjent på den lidenskapen det har i seg.

Han lovar at det ikkje skal gå sju nye år før neste plate.

– Om eg kjem med ei plate med Sambandet i 2028 held eg tempoet om lag som det er i dag med andre ord, spøker Åge før han legg til at han må få det til lenge før det.