Hopp til innhold

– Viktig å ikkje ta ferie frå kjeldesortering

Denne sommaren ferierer nordmenn i Noreg på grunn av koronakrisa. Mykje turisme kan bety mykje søppel, og det må campingplassane legge til rette for.

Linn Moldeklev

RESTAVFALL: Her kastar Linn Moldeklev restavfall på Øysand Camping. – Enkelte campingplassar har berre éin container. Då er det ikkje så enkelt å sortere, seier ho.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Utanriksdepartementet tilrår ikkje utanlandsreiser denne sommaren, og som ein konsekvens av dette har interessa for å feriere i eige land eksplodert.

Nordmenn kjem til å erobre norske campingplassar i år, og det kan bety mange handleposar med dobbel knute på. Mange ynskjer å halde fram med kjeldesorteringa i ferien. Er det mogleg å få til, eller må dei berekraftige ambisjonane ryke og reise?

– Mange er flinke til å kjeldesortere. Om fleire skal ta med seg dei gode vanane på ferie, må destinasjonane legge til rette for det. Kjeldesortering er den nye normalen i kvardagen, og snart er det kanskje også heilt sjølvsagt når vi er på tur, seier Sylvelin Aadland, ansvarleg for nettstaden sortere.no.

– Campingplassane må legge til rette

På Vikhammer Motell & Camping like utanfor Trondheim møter vi Ingrid og Einar Johansen frå Kvæfjord. Dei har vore til Røros på ferie og er på veg nordover igjen.

– Vi er flinke til å kjeldesortere heime, men det er ikkje like enkelt på ferie, vedgår Ingrid.

Begge fortel at det er stor forskjell på kva campingplassane tilbyr.

Einar og Ingrid Johansen

TURISTAR: Einar og Ingrid Johansen frå Kvæfjord håpar campingplassane vil bli flinkare å legge til rette for kjeldesortering.

Foto: Marita Solheim / NRK

– Dei fleste har container for glas. Det er veldig bra, seier Ingrid.

– Kva råd vil de gje til nordmenn som ynskjer å kjeldesortere når dei er på ferie?

– Kanskje ein kan ta med litt avfall til neste campingplass. Batteri får ein ofte kaste på butikkane. Ein må først og fremst ha moglegheita til å kjeldesortere. Det må campingplassane bli flinkare å legge til rette for, meiner Einar.

Søppelskilt

TYDELEG MERKA: Ingrid Johansen ber om at fleire campingplassar skiltar tydelegare området der campingturistane kan tømme søppelet sitt.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

I ei undersøking som YouGov har gjort for Grønt Punkt Noreg, fortel 1 av 5 at dei tar med seg avfallet sitt heim frå ferie og kjeldesorterer det der. Det er altså 20 prosent som pakkar med seg emballasje og tomgods, ifølge Grønt Punkt.

Eit grønt feriealternativ

Mange stader går alt i same container. Både pølsepakke og knekt badmintonracket. Men det finst destinasjonar som legg til rette for kjeldesortering, og møter turistane sitt ynskje om å gjere berekraftige tiltak når dei er på tur.

På Buttingsud Camping ved Hønefoss har dei kjeldesortert i 20 år. Her kan du sortere papp og papir, plastemballasje, batteri, glas- og metallemballasje, lyspærer og småelektronikk.

Buttingsrud camping

TILRETTELAGT: På Buttingsrud Camping utanfor Hønefoss legg dei til rette for at turistane kan kjeldesortere.

Foto: Buttingsrud camping

– Vi fekk gjestene fort med, sidan vi innførte kjeldesortering då det også begynte i kommunen. Dei fleste gjestene synest det er fint å kunne ha same vanar på campingplassen som heime, seier Trond Helge Buttingsrud, som driv campingplassen.

– Å legge til rette for kjeldesortering er bra for alle campingplassar. Vi skal vere det grønaste feriealternativet i landet, legg han til.

Avfallet har stor verdi

– Om du ikkje får kjeldesortere der du ferdast i ferien, kan du gje beskjed til campingplassen, hotellet, kommunen hytta ligg i, eller det lokale næringslivet. Skal vi bli gode på å ta vare på jordas ressursar, må vi alle vere med å gjere litt, oppmuntrar Aadland.

Aadland minner om at avfallet kan bli til nye ressursar. Metallemballasje kan smeltast om til nye metallprodukt. Matavfall kan bli til kompostjord, eller miljøvennleg biogass og biogjødsel.

– Kjeldesortering avgrensar uttaket av nye naturressursar og sikrar at det vi allereie har henta ut får lenger levetid. Derfor er det viktig at vi ikkje tar ferie frå kjeldesortering, fastslår Aadland.

Kildesortering

KJELDESORTERING: Mange er flinke til å kjeldesortere heime, men når du er på ferie kan det by på utfordringar.

Foto: Oslo Ren

Dersom det ikkje er tilrettelagt for kjeldesortering dit du skal i sommar, finst det enkle måtar du kan gjere sommarferien meir miljøvennleg på.

– Forsøk å redusere restavfallet når du er på ferie. Då endar du opp med færre søppelposar og færre turar til søppeldunken eller containeren. Viss du ikkje skal vere vekke lenge, kan du ta med deg avfallet heim igjen, og sortere alt der, seier Aadland.