Hopp til innhold

– Desse lysa bør ut av handelen

– Telys i plastkopp er brannfarlege og burde vore forbodne å selje. Det seier brannsjef Guttorm Liebe i Skien.

Nedbrente plast-telys

Lesarar har sendt inn fleire bilde av nedbrente telys, etter artikkel vi hadde julaftan. Plasten har smelta ned.

Foto: Svein Wisnæs / Privat

Han gjekk ut og sa det same så tidleg som i 2009, men gjentar det gjerne, etter at brannvesenet i Trøndelag julaftan gjekk ut og åtvara mot slike telys i plastkopp.

– Eit plastmateriale skal ikkje brukast til eit slikt formål. Det er alltid fare for at veiken – eller sjølve lyset – kan stå skeivt, slik at flammen kjem borti plasten, seier Liebe.

Aukar brannfaren

Guttorm Liebe

– Telys i plastkopp aukar brannfaren, meiner Guttorm Liebe. Han veit ikkje om slike telys har ført til brann, men kan heller ikkje sjå bort frå at det skjedd, seier han.

Foto: Øystein Økter / NRK

– Då brenn plasten bort, og plastkoppen punkterer. Det aukar faren for at det kan ta fyr i brennbart materiale som måtte vere i nærleiken, seier brannsjefen i Skien, og legg til:

– Eg synest det er merkeleg at slike lys framleis er lov å omsetje!

I artikkelen på nrk.no julaftan åtvara Ole Anders Holmvaag i Trøndelag brann- og redningsteneste mot telys i plast, etter fleire meldingar om nedsmelting.

Og NRK har fått fleire reaksjonar frå lesarar etter artikkelen.

– Skummelt

– Eg synest det er skummelt, seier Ellen Berit Røer, som første gong opplevde ein skremmande episode i 2013.

Telys i plastkopp som har smelta

Ellen Berit Støer opplevde at plasten smelta. I fleire tilfelle var veiken skeivt plassert.

Foto: Ellen Berit Støer / Privat

– Då opplevde eg at fleire lys smelta. Det tok ikkje akkurat fyr, men det var ein veldig ubehageleg oppleving og det lukta vondt, fortel ho.

– Og seinast no i jula hadde eg ein liknande episode. Det er det same som gjentar seg, det er veiken som står skeivt i lyset, slik at flammen kjem borti plasten, seier Røer.

Telys i stake/skål

Lysa var plasserte i ei glasskål/ stake som dette.

Foto: Ellen Berit Støer / Privat

– Eg synest absolutt det burde vore meir kontroll, seier Ellen Berit Røer, busett på Lørenskog.

Må oppfylle standard

Det er Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap – DSB – som har har marknadskontroll og tilsyn med levande lys.

Steinar Tegneby, senioringeniør DSB

Det mest viktige er å bruke telysa rett, meiner senioringeniør Steinar Tegneby i DSB. Blant anna må dei ikkje plasserast for tett inntil kvarandre, eller i tett 'beholderar' der det blir utvikla ekstra varme.

Foto: DSB

– Så lenge telysa i plastkopp tilfredsstiller norsk og europeisk standard for levande lys, så er dei lovlege å selje, seier senioringeniør Steinar Tegneby i DSB, som har fått ein del uromeldingar siste åra.

– Vi reagerte sterkt då desse lysa kom, men etter kvart som vi undersøkte, fann vi ut at plasten toler ganske sterk varme, seier han.

– Det viktige her er rett bruk, då skal dei vere trygge – gitt at det ikkje er noko feil med dei. Og heldigvis er det sjeldan vi har sett det, seier Tegneby.

Trengst informasjon

Han viser til at det skal vere bruksrettleiing på pakken, og direktoratet informerer aktivt om bruk av levande lys generelt.

Adm.dir. Dagfinn Kalheim i Norsk Brannvernforening er meir kritisk til telys i plastkopp.

– Sjølv om denne plasten sikkert finst i ulike kvalitetar, synest vi det er ulogisk at levande lys skal stå i plast som kan smelte, seier Kalheim.