Hopp til innhold

Brannvesenet åtvarar mot plast-telys

Etter fleire tilløp til brann den siste tida, åtvarar brannvesenet no mot ein spesiell type telys som står i plastkopp.

Telys i plastkopp

Denne typen plast-telys kan smelte ned og ta fyr, åtvarar brannvesenet.

Foto: Magnar Brandseth / NRK

– Det har vore fleire farlege situasjonar og tilløp til brann etter bruk av slike lys den siste tida.

Det seier Ole Anders Holmvaag i Trøndelag brann- og redningstjeneste, der han er nestleiar ved beredskapsavdelinga.

– Dette er telys der sjølve stearinpakka står i ein slags plastkopp. Det har vore fleire tilfelle siste månadene der denne plastkoppen har smelta ned og avgassane har tatt fyr, seier Holmvaag.

Åtvarar på det sterkaste

Per Anders Holmaag

Per Anders Holmvaag i Trøndelag brann- og redninsteneste åtvar mot dei spesielle telysa.

Foto: Per Ingvar Rognes / NRK

– Folk som har anskaffa seg slike lys oppmodar eg difor på det sterkaste til å halde desse lysa under oppsyn, og ikkje plassere dei slik at dei står for nær kvarandre, eller slik at ekstra varme oppstår, og at lysa dermed kan smelta ned, seier Holmaag.

Og branntiløp etter bruk av slike lys kan ein også lese om i avisoppslag. Oddbjørg Reitan tente adventslys i leiligheita si i Melhus sentrum tidleg i desember. Ho sette telys av den omtalte typen i ein vanleg lysestake.

- Det rauk så rart

– Etter ei stund rauk det så rart. Då hadde det brunne gjennom plastkoppen som lyset stod i, fortel ho til Trønderbladet.

På pakkene med slike telys i plastkopp står det åtvaring, men dette meiner Oddbjørg det er lett å oversjå.

Telys i plastkopp - advarsel

For tette holdene kan medføre overoppheting, står det i åtvaring på pakken med plast-telys.

Foto: NRK

– Etterpå såg eg på bruksanvisninga at ein ikkje må setje lyset i tette metallstakar, fordi det kan bli for varmt. Dei færraste les på bruksanvisninga, og på pakka er det svært lita skrift, seier Oddbjørg Reitan, og gjerne vil åtvare andre.

Og no åtvarar altså Brannvesenet også på det sterkaste mot slike lys, som er i handelen under ulike typar og merke.

- Skal vurdere å trekke lysa tilbake

Per Roskifte, konserndirektør Norgesgruppen

Norgesgruppen skal no vurdere dei spesielle telysa. - Vi skal ikkje ha utrygge produkt i butikk, seier konserndirektør Per Roskifte.

Blant anna blir slike lys distribuert av Norgesgruppens selskap Unil A/S. Her står det at lysa blir produsert i Kina for Norgesgruppen.

– Vi har ikkje hatt henvendelse om dette produktet før du no kontaktar meg, seier konserndirektør i Norgesgruppen, Per Roskifte.

– Men dersom det er slik at brannvesenet no går ut og åtvarar mot lysa, må vi vurdere produktet. Det kan bli aktuelt med trekking. Vi skal ikkje ha utrygge produkt i butikk, seier Per Roskifte, konserndirektøren i Norgsgruppen. .