– Vi ser at skogbrannane trenger meir og meir ressursar for å stoppe dei, seier brannsjef i Kristiansand Jan Røilid.
Som følgje av lite nedbør i Sør-Noreg, har brannvesenet i heile Agder innført eit totalt forbod mot open eld.
Brannvesenet i Larvik og Sandefjord har også vedtatt det same forbodet.
Frå fredag er det oransje farenivå for skogbrann på i Agder, hele Austlandet og Sør-Rogaland.
Fleire verksemder tek no oppmodingar frå brannvesenet på alvor, og gjer eigne grep for å redusere brannrisikoen.
Blant dei er den historiske Setesdalsbanen i Vennesla som sesongopnar søndag.
Gløder i kol
Vatnet koker, og det glør av kol frå det over 100 år gamle damplokomotivet som køyrer frå Grovene til Røyknes stasjon i Vennesla.
Men torsdag opplyste dei om at toget ikkje vil gå som normalt.
– Det er ein gedigen grill på stålhjul. Vi kan ikkje bruke damptoget når skogbrannfaren er så stor, seier avdelingsleiar av Setesdalsbanen Øystein Aas.
Når det blir fyrt med så mykje kull, er faren stor for at det kan komme gneistar.
Dei som har kjøpt billettar treng likevel ikkje fortvile. Dei kjem seg ut på hjul, men eit dieseltog må gå inn som vikar.
– Eg trur folk har lyst å komme seg ut uansett. Så får damplokomotivet vente til det blir litt våtare i bakken.
Det var Vennesla tidende som først skreiv om saka.
Damplokomotiv på Setesdalsbanen må stå stille så lenge skogbrannfaren er stor på Sørlandet, seier avdelingsleiar Øystein Aas.
Foto: Christina Hårvik Nieuwlaat / NRKFull stopp for kantslått
Det tørre vêret påverkar også vegane i sør.
Statens vegvesen tek brannfaren på alvor og stoppar all kantslått langs europaveg, riks- og fylkesveg.
Det gjeld for Agder, Vestfold og Telemark og gamle Buskerud.






Veimyndighetene har valgt å stanse all kutting av gress og planter langs veier i Sør-Norge.
Christina Hårvik NieuwlaatAktiviteten kan nemleg vere svært brannfarleg slik det er no, seier Tore Jan Hansen, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
– Kantslåing blir gjort med kjetting eller metallknivar. Det går rundt med ein enorm fart, og då blir det fort gnistar viss han treffer store steinar.
Hansen seier at dei ikkje vil vurdere å starte opp arbeidet igjen, så lenge det ikkje kjem nedbør.
– Dette er eit viktig samfunnsansvar og derfor eit lett val å ta. Det må komme ei ordentleg regnskur før vi set i gang igjen.
Statens vegvesen har valt å stanse arbeidet med kantslått på grunn av skogbrannfaren.
Foto: Bård Asle Nordbø / Statens vegvesenStoppet hogst i furuskog
Brannsjef Røilid seier det er fleire han veit om som set inn tiltak når det blir tørt på bakken.
Skognæringa er ein av dei.
– Det var før vi kom med første peikefinger. Dei har med seg utstyr for brannsløkking ut i skogen, seier Røilid.
Dette grepet har komme dei seinaste åra, med forankring i større brannar frå tidlegare år.
Røilid fortel at det er stor forskjell på kva skogsområde som er eigna til å drive hogst i lengre enn andre.
– Eg veit at Birkenes kommune har avvikla all hogst i furuskog fordi det er tørrare enn granskog.
Sist skognæringa stoppa at verksemd, var i 2019.
Sidan har somrane vore ålreite i forhold til nedbør. Men brannsjefen trur at full stopp kan bli eit faktum i år, viss sola held fram med å tørke skogbotnen.
Brannsjef i Kristiansand Jan Røilid seier folk må vere ekstra varsame viss dei skal grille på terrassen eller i hagen.
Foto: Christina Hårvik Nieuwlaat / NRKÅtvarar turistar
Røilid seier brannvesenet også har send informasjon om brannfaren til ferjeselskapa på Sørlandet.
– Vi har ei bekymring for turistane våre som kjem frå Tyskland og Nederland. Dei les jo som regel ikkje norske nyheiter og har kanskje ikkje fått med seg forbodet mot open eld.
Også Glitre Nett overvaker situasjonen med brannfare rundt høgspentmastene deira.
Dei har førebels ikkje sett i verk ekstraordinære tiltak.
– Vi har likevel tett dialog med entreprenørane våre og minte dei på at i alt arbeid som blir utført, må ein ta omsyn til skogbrannfaren og vurdere ekstra tryggingstiltak, seier Kristine Pedersen i Glitre Nett.