Fredag blei det registrert 31 nye smittetilfelle. Det er det høgaste talet på éin dag sidan januar.
– Det er veldig høgt. Det er bekymringsfullt, seier kommunedirektør Morten Wolden til NRK.
Han held fram:
– Det var enkelte dagar tidleg i januar med litt fleire smitta enn vi har no, men då var smittetrykket på veg ned.
Høgt smittetrykk etter festing 17. mai
Kommunedirektøren i Trondheim meiner vi no ser konsekvensane av at folk samla seg og feira 17. mai tidlegare denne veka.
– Folk har vore på byen, og folk har festa heime. Det har ført til smitte, seier Wolden.
Nasjonaldagen hamna i år på måndagen etter Kristi Himmelfartsdag og langhelg. På den «inneklemte» fredagen like før, var det lange køar til vinmonopola landet rundt.
– Vi ser ei tydeleg smitteauke fleire stader i landet, som nok skuldast mykje kontakt mellom menneske førre helg og 17. mai. Mellom anna er det ganske betydeleg smittevekst i Trondheim, Kristiansand, Larvik, Hamar og Hammerfest dei siste dagane, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til NTB laurdag føremiddag.
Nakstad ser ikkje grunn til bekymring. Han trur at ein raskt kan klare å slå ned dei lokale smitteutbrota.
Dei to-tre neste dagane vil vere avgjerande for kva grep Trondheim kommune tar med tanke på koronaforskrifta om smitteverntiltak.
Flest smitta i 20-åra
Heile 20 av dei smitta personane det siste døgnet er i 20-åra.
Aldersfordelinga ser slik ut:
- 10-åra: Tre personar
- 20-åra: 20 personar
- 30-åra: Fire personar
- 40-åra: To personar
- 50-åra: To personar
Det blei utført 1669 testar i går, opplyser kommunen i ei pressemelding.
Det er i tillegg tatt 900 spyttestar og 117 dropin-testar.
Smittesporarane har sett at nokre har svært mange nærkontaktar. Dette gjer at smitten kan spreie seg raskt og at mange blir sett i karantene.
Ein del smittetilfelle med kjende nærkontaktar er knytt til smitteutbrot ved utestaden Fire Fine. To til eit utbrot ved Bar og Bingo og to til eit utbrot i eit kyrkjemiljø.
Resten er nærkontaktar til små klynger.
– Vi ser jo at det også kjem smitte frå anna hald, og det er i stor grad knytt til festar 17. mai, seier Wolden.
Fryktar gjenopningsplanen står i fare
Regjeringa har lagt fram sin gjenopningsplan for landet – som held fram med trinn 2 i store deler av landet neste veke.
Frå 27. mai kan du drikke øl heilt fram til midnatt – utan å måtte bestille mat.
Men store regionale forskjellar gjer det vanskeleg å innføre dei same reglane for heile landet.
– Deler av denne planen står i fare for oss no. Mellom anna skjenking fram til midnatt, seier kommunedirektøren.
Dette vil dei ta ei endeleg avgjerd på under formannskapsmøtet onsdag – dagen før regjeringa skal iverksette sin plan.
Wolden synest det er fint at regjeringa kjem med ein gjenopningsplan, og at det er rom for lokale tiltak.
– Det er jo synd at vi opplever eit så stort smittetrykk akkurat no.
– Dropp festane
Kommuneoverlege Tove Røsstad ba folk om å møtast ute i pinsehelga, og sa at festing i helga kan bli eit stort problem.
– Dropp festane denne helga, sa kommuneoverlegen til NRK fredag.
Ho er bekymra for konsekvensane om folk ikkje høyrer på råda.
– Faren er at ein får eit såpass stort utbrot at ein ikkje klarer å smittespore ordentleg lenger. Det blir litt som i desember, og vi risikerer at mange blir såpass sjuke at dei kanskje blir innlagde på sjukehus.
Wolden kjem også med ei klar oppfordring til innbyggjarane i byen:
– Følg smittevernreglane! Ein bør ikkje ta ein fest denne helga. Denne helga er det kjempeviktig at ein held seg i ro.