Lange køar til vinmonopola landet rundt: Selde 130.000 liter den første timen

Allereie før opningstid var det lange køar til vinmonopola fleire stader i landet. Vinmonopolet trur folk ynskjer å vera ute i god tid og at køane minkar utover dagen.

Polkø i Oslo 14.mai 2021

TOLMOD: Du må rekne god tid om du skal på polet i Nordre gate på Grünerløkka i Oslo. Bildet er tatt mellom klokka 13.00 og 14.00.

Foto: Nadir Alam / NRK

Tidlegare denne veka sette Vinmonopolet ny døgnrekord for sal av alkohol i 2021.

Onsdag handla tørste nordmenn med seg 960.000 liter til langhelg med Kristi Himmelfartsdag og 17. mai på måndag.

Det spørst om den rekorden ryk i dag, men den første timen har uansett vore solid for Vinmonopolet:

  • Mellom klokka 10.00 og 11.00 har 36.000 kundar handla i butikkane til Vinmonopolet. Det er 600 kundar i minuttet.
  • Dei har totalt kjøpt med seg 130.000 liter alkohol.

– Eg er ikkje veldig overraska. Så står det att å sjå om køane held utover dagen, eller om det roar seg. Eg trur på det siste, seier kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet.

Kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet

VAND MED KØ: Kommunikasjonssjef Jens Nordahl i Vinmonopolet er godt van med køar til butikkane før høgtider.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Rundt kvartala

Både i Bergen, Oslo, Trondheim og Førde var det svært lange køar utanfor fleire butikkar fredag morgon, allereie før opningstid klokka 10.00.

I Bergen strekkjer køen til polet i Valkendorfsgaten seg rundt kvartalet og opp igjen Markeveien. På Bystasjonen står køen ut av senteret og på tvers gjennom parkeringsanlegget.

Lang kø til Vinmonopolet i Bergen Valkendorfsgaten

RUNDT KVARTALET: På dette bildet frå Bergen er ikkje polet med på bildet. Køen står rundt kvartalet ved Valkendorfsgaten og opp igjen Markeveien.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Nordahl i Vinmonopolet minner om at det er maksgrense for talet på personar inne i butikkane.

Kombinert med at kundane tenkjer det er viktig å vere tidleg ute, så ser køane svære ut.

– Sjølv om køane er lange, så skal det gå ganske raskt. Trøysta får vere at ein får god plass og tid inne i sjølve butikken, seier Nordahl.

Kø til Vinmonopolet i Bergen

VENTETID: Køen ved Bystasjonen i Bergen er solid fredag føremiddag.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

– Handlar til 17. mai

I Trondheim er det solide køar både på Solsiden og Trondheim Torg. Dei NRK treffer på i køen, skal alle handle inn til feiringa på måndag.

– Vi skal feire 17. mai med nokre venninner. Det blir champagnefrukost og tapas, seier lærarstudent Eline Aanesen, som vedgår at ho kanskje skulle ha vore endå tidlegare ute for å stille seg i «vin-kø».

Folk står i kø utenfor Vinmonopolet på Solsiden i Trondheim fredag 14. mai. Folk holder meteren.

HELD METEREN: Slik ser det ut utanfor Vinmonopolet på Solsiden i Trondheim i 15-tida fredag. NRKs reporter på staden seier at folk held meteren.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Det er langhelg, så folk handlar nok inn ekstra på grunn av det.

Dagleg leiar ved Vinmonopolet på Solsiden i Trondheim hadde eigentleg rekna med færre kundar i dag, sidan trykket var så stort på onsdag.

– Det er mykje som tyder på at det ikkje blir færre i dag. Men det er slik det brukar å vera før høgtidsdagane, seier Knut Arne Berg.

Han reknar med å ha 3000 kundar gjennom dørene før han stenger i dag.

Eline Aanesen i Trondheim

SKAL FEIRE: Eline Aanesen sitt ærend var å fikse champagne til 17. mai-frukost med venninnene i Trondheim.

Foto: Marita Solheim / NRK

Eit stykke igjen til rekord

Sjølv om det er ein solid start på dagen salsmessig for Vinmonopolet, trur altså Nordahl det vil dabbe utover dagen.

Det same skjedde før jul i fjor. Når folk har fridag, er dei gjerne ute i god tid for å handle, i staden for å hamne i køane som på normale dagar er lengst på ettermiddagane.

Til dømes på rekorddagen onsdag.

– I timane mellom 15.00 og 17.00 hadde vi på det meste 44.000 kundar i timen og eit sal på nærare 138.000 liter. Då var det stigande trend på salet utover dagen, forklarer Nordahl.

– Så får vi sjå om eg har feilkalkulert. Men slik køane er no, er dette fullt handterleg for dei tilsette og for butikkane våre.

Tidlegare, når det ikkje var koronapandemi og smitteverntiltak, har Vinmonopolet hatt dagar med over 80.000 kundar i timen.

Kø på polet i Førde 14.mai

TRØKK: Også i Førde sto fleire titals personar i kø fredag føremiddag.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK