Hopp til innhold

18 nye smitta i Trondheim tysdag

Trondheim med høgste registrerte smittetal sidan midten av januar.

ZaDfyZbrvqg

FLEIRE SMITTA: Smitten har auka i Trondheim den siste veka.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

For augneblinken er det to kjente smitteutbrot som spreier seg i Trondheim.

– Vi har hatt ein betydeleg vekst i smitten, seier kommunedirektør Morten Wolden.

Tysdag vart 18 personar registrert smitta, opplyste Wolden i formannskapsmøtet i Trondheim kommune onsdag.

Vi må tilbake til midten av januar for å finne dagar med fleire enn 14 registrert smitta i Trondheim på same dag.

Sidan fredag har 51 nye personar blitt registrert som smitta byen, fortel Tove Røsstad.

– Vi har ikkje hatt så høge tal sidan byrjinga av januar, seier ho.

Morten Wolden

Kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Doblar testkapasiteten

1.113 personar vart testa tysdag. Ein av dei smitta personane har ukjent smitteveg.

15 av dei nyregistrerte smittetilfella vert knytte til eit av dei kjente smitteutbrota.

– Det er sjølvsagt veldig mange i karantene og betydeleg testing som går føre seg no. Det har nok aldri vore testa så mange i Trondheim som akkurat no, seier kommunedirektør Morten Wolden.

Dei siste vekene har Trondheim kommune skalert ned testkapasiteten sin på grunn av lite smitte. Torsdag doblar kommunen testkapasiteten.

– Dei har fullt trykk på smittesporinga. Vi har framleis brukbar testkapasitet. Vi doblar den i morgon for å vere sikre på at vi tar unna dei mange som no må teste seg, seier kommuneoverlege Tove Røsstad.

Kommuneoverlege Tove Røsstad, Trondheim

Kommuneoverlege i Trondheim Tove Røsstad.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Derfor kan ein vere uroleg

Før nye smittetal vart presenterte i dag, sa ordførar Rita Ottervik (Ap) at det er grunn til å vere bekymra for at fleire vart smitta under feiringa på måndag.

Samtidig påpeika ho at mange i Trondheim feira nasjonaldagen på ein ansvarleg måte med tanke på smittevern.

– Faren for at nokon har vore nokre stadar der dei kan ha blitt smitta av andre er stor. Derfor kan ein vere uroleg med tanke på mobiliteten på 17. mai, seier Ottervik og legg til:

– Men samtidig har dei fleste halde seg i gata si, eller heime med familien sin og sine nærmaste under feiringa.

– Generelt verkar det som om folk er litt trøytte av koronatiltaka, seier kommunedirektør Wolden om etterlevinga av smittevernråda i kommunen.

Han meiner kommunen burde hatt fleire vektarar ute i byen 17. mai.

– Vi gjorde nok ei lita feilvurdering, seier han og utdjupar.

– Vi har fått ein del rapportar om ein del uro og brot av smittevernreglar i offentleg rom og på restaurantar.

Trondheims ordfører Rita Ottervik (Ap)

Ordførar i Trondheim, Rita Ottervik.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Høgste smittetal på ein dag sidan januar

Kommunedirektør Morten Wolden sa at kommunen var veldig uroleg då NRK intervjua han i går. Han åtvara om at mange i byen nok ville hamne i karantene dei kommande dagane.

33 personar vart registrerte som smitta av koronaviruset frå fredag til måndag. 11 av dei med ukjent smittekjelde.

14 av desse personane vart registrert smitta på nasjonaldagen, trass i at berre 121 personar testa seg i Trondheim denne dagen.

Utbrot i fleire kommunar i regionen

Fleire nabokommunar til Trondheim slit med smitteutbrot no. Mellom anna Stjørdal og Orkland.

Søndag stengde formannskapet i Røros ei rekkje verksemder. Dei innførte også fleire tiltak for å hindre smitte i kommunen.