Hopp til innhold

Vil ha yoga inn i skulen

– Hjernen skrumpar og kroppen tek skade av stress, åtvarar forskar, som meiner yoga i skulen vil gjere underverk for folkehelsa.

yoga

Dette bør bli obligatorisk i skulen meiner forskar.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Opp, opp, opp! Yogainstruktør Inger Lise har eit godt grep rundt anklane til ti år gamle Lavrans Lyngstad som smidig går opp i handståande.

Rundt dei i treningslokala i Alta står resten av elevane i barneyoga-gruppa opp ned og leiter etter balansepunkta sine.

Effektivt mot stress

– Eg synst det er veldig avslappande å gå på yoga. Du får ei behageleg kjensle, forklarer Lavrans.

Lavrans

Ti år gamle Lavrans Lyngstad trivst opp ned.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Han har drive med yoga i to og eit halvt år, og har full kontroll på dei ulike øvingane. Veldig kjekt synst han, men ifølge Hagen er dette meir enn kos og moro.

– Det er mykje forsking som viser at yoga, gjerne i kombinasjon med meditasjon og mindfulness, har veldig god effekt på evne til å handtera stress, seier ho.

Eksplosiv auke i stress

Ingunn Hagen

Psykologiprofessor Ingunn Hagen ved NTNU har fordjupa seg i effekt av yoga på unge.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Barn og unge stressar seg sjuke, ifølge tal frå Rikshospitalet. Dei siste fem åra har talet på innleggingar av unge med stressrelaterte sjukdomar auka med 400 prosent.

– Det gjer noko med dei fleste organa i kroppen. Alt frå nyrer og lever til hjarta, forklarer professoren.

Ho har leda forskingsprosjekt om unge menneske sine erfaringar med yoga, og understrekar at stress ikkje berre er skadeleg for kroppen.

– Stress påverkar også hjernen vår. Hjernen skrumpar faktisk om ein er stressa over tid, åtvarar ho.

Ønsker yoga inn i skulen

Unge kroppar og sinn er spesielt utsett for stressrelaterte skader, seier forskaren, som er svært bekymra for kva konsekvensar aukande stressnivå vil ha for dagens barn og unge på sikt.

Hagen meiner difor at skulen må ta grep, og innføra yoga som obligatorisk undervisning – så tidleg som mogleg.

– Det er i skulen at ein når ut allment, og det er eit poeng i at barn og unge lærer seg yoga så tidleg som mogleg. Frå dei er tre-fire år kan dei leika med det, og i skulen bør ein byrja med yoga allereie på første trinn.

BARN OG UNGE STRESSER SEG SJUKE - FORSKAR VIL HA YOGA INN I SKULEN

Dei lærer klassiske yogaøvingar på barneyogaen i Alta, men det er også fokus på leik ifølge instruktøren.

Brukt i andre land

Hagen meiner Yoga i skulen vil gje unge langt betre reiskapar til å takla stress i samband med både skule og livet generelt, og verne dei mot både fysisk og psykisk skade.

Lavrans Lyngstad

Lavrans trur yoga i skulen kan hjelpa på konsentrasjon rundt skulearbeidet.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Ifølge forskaren er yoga allereie brukt med hell i skulesystemet i fleire andre land, blant anna USA, Italia, Frankrike og India.

Lavrans synst yoga i skulen er ein glimrande idé, og trur det ville hjelpa på både akademisk innsats og trivsel.

– Du kjenner det når du er ferdig at det er godt for både kroppen og hovudet og alt. Eg føler meg til og med snillare etter at eg har vore på yoga, smiler han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark