Hopp til innhold

Vernepliktige soldatar klar for Nordic Response: – Det er veldig kult

Søndag startar Nordic Response 2024 og nokre av dei som deltek er i førstegongstenesta. Dei er spente og har førebudd seg på mykje venting. Samstundes er det ein ny æra i nordisk forsvarssamarbeid

Soldater gjør klar snøskuter før Nordic Response

Soldatane Sebastian Maurud og Brede Tistel gjer klar ein av dei mange snøskuterane jegerkompaniet ved GSV skal bruke under Nordic Response.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Meinig Brede Tistel og Sebastian Maurud er soldatar i jegerbataljonen ved grensevakta. No skal dei delta under Nordic Response.

– Vi skal ta oss mot Alta og sitte der og halde oss skjulte. Det blir mykje venting, seier Maurud.

Brede Tistel på snøskuter

Meinig Brede Tistel har gjort klar snøskuteren til øvinga. Den skal gå over 14 dagar og er den lengste han har deltatt på.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Dei veit det blir mykje venting, men ser på det som god læring.

Det er ikkje noko nytt i Forsvaret. Det er ein del av prosessen. Det har ein lært seg å bli berre like og halde ut, seier Tistel.

Militærøvinga Nordic Response går føre seg til lands, vatns og i lufta i Troms og Finnmark frå 3. til 14. mars.

Les også Vinden stoppa Nordic Response-planane - måtte byte hamn

Kjøretøy nr24 Nordic response 2024 alta havn

Les også Heime med borna medan mannen deltek i militærøving

Maria Landmark blir alene med barna sine når mannen må på militærøvelse.

Ny æra

Viseadmiral Rune Andersen er sjef for Forsvarets operative hovudkvarter og øvingsleiar for Nordic Response.

Øvinga er ei NATO-øving som strekker seg frå Finnmark i nord til Romania i sør.

– Det handlar om å bringe forsterkningar inn til å forsvare heile alliansen. Ein viktig del av det går føre seg her i Noreg under namnet Nordic Response, seier Andersen.

Nordic Response starter

Viseadmiral Rune Andersen er sjef for Forsvarets operative hovudkvarter og øvingsleiar for Nordic Response.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

– Det er viktig å trene i dei nordlege områda fordi det gir heilt unike utfordringar. Viss ein skal kunne operere effektivt her, så må ein også trene her.

Øvingsområdet er også valt fordi det gir eit høve til å trene på tvers av grensene Sverige, Finland og Noreg.

– Det er eit viktig steg i førebuingane til eit samla Noreg i Nato. Det er veldig mykje å seie for korleis vi tenker forsvaret av Skandinavia, at vi no har eit felles Norden samla i Nato, seier Andersen.

Andersen meiner det kjem til å gjere at ein kan tenke annleis og nytt rundt korleis ein bruker geografien og basane for å forsvare heile Norden.

– Dette er ein ny æra i nordisk forsvarssamarbeid, avsluttar han.

Disiplin

Tistel seier han er spent på å delta under øvinga.

Dei to vernepliktige skal vere med i to veker under øvinga. Alle dagane skal dei vere i felt, noko som er nytt for gutane. Dette blir den lengste øvinga dei har vore på.

– Det er veldig kult å få sjansen som vernepliktig å få vere med på ei så stor øving saman med bataljonen, og sjå korleis det her blir i ein reell situasjon, seier Maurud.

Dei skal øve på det dei har vore igjennom dei siste månadene og det kompania deira står for. I tillegg skal dei få jobbe som ein patrulje.

Det er mykje stridsuthald og disiplin. For det er det viktigaste vi driv med, seier Tistel.

Soldater klare for Nordic Response

Meinig Sebastian Maurud er klar for Nordic Response. Han er spent.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Tistel seier det er viktig å lufte bein, passe på børsa og at ho er rein. Det er ting dei har lært dei siste månadene.

– Det er viktig å vere nøye. I alle fall no når vi skal ut så lenge i forhold til det vi har gjort før da, seier han.

Sinke fienden

Finnmark Landforsvar skal spele fienden under øvinga. Oberst Jørn Qviller i Finnmark Landforsvar skal ha rolla med å trene den andre sida.

Der skal dei unngå at motstandaren klarer å løyse oppdraget sitt.

– Vi skal sinke fienden vår frå vest mot aust frå Alta og sør for Kautokeino og i retning på Porsangermoen og da skal vi hale ut tida så mykje som mogleg, seier Qviller.

Oberst Jørn Qviller

– Rolla vår er å spele fienden, seier oberst Jørn Qviller i Finnmark Landforsvar.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Dei har fått underlagt ein italiensk og ein fransk alpejegerbataljon. I tillegg skal svenske og finske einingar og ein norsk logistikkbataljon hjelpe.

– Vi er vesentleg større enn det vi pleier å vere. I tillegg er det også jegerbataljon, Porsanger bataljon, og HV-17 som er våre eigne avdelingar. Dei blir underlagde oss og skal jobbe integrerte under Finnmark Landforsvar, seier Qviller.

Han seier dei vil forhåpentleg sjå at andre raske einingar frå Noregs næraste allierte kan komme Noreg til unnsetning på relativt kort tid.

– Det vil det vere naturleg at dei blir lagde inn under norske avdelingar, sånn som Finnmark Landforsvar og Brigade Nord.

Qviller fortel at dette ei øving i å forsvare Noreg og Finnmark.

– Derfor vil det å øve i relevant område, men likevel så langt vest som vi gjer, vil gi eit godt utbytte for oss for allierte og for Nato, seier Qviller.

Les også Militærøvelse vil påvirke trafikken i Finnmark: – Beregn litt ekstra reisetid

Militærkolonne Cold Response

Les også Stor Nato-øving i mars: Slik blir du påverka

Oberst Øyvin Ravndal, sjef for øving og treningsavdelingen ved Forsvarets Operative Hovedkvarter.