Hopp til innhold

Vinden stoppa Nordic Response-planane - måtte byte hamn

Vinden førte til at det blei endringar i første del av militærøvinga Nordic Response 2024. No har dei militære køyretøya kjem i land og kjem til å bli sett på vegane i tida framover.

Kjøretøy nr24 Nordic response 2024 alta havn

Det vil bli mykje militære køyretøy i Alta og omland grunna militærøvinga Nordic Response 2024.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Over 20.000 soldatar deltar på øvinga. Av desse vil cirka 10.000 vere på land, og dei vil vere dei mest synlege under øvinga.

Frå 27. februar til 20. mars vil det vere militær trafikk og øvingsaktivitet på vegane i Finnmark i samband med øving Nordic Response 2024.

Likevel gjekk ikkje alt som planlagt då skipet der ulike militære køyretøy skulle legge til land på Langnes. Det blei for mykje vind og då vart Alta hamn alternativ.

– Langnes er ein heilt ny plass og det er det første skipet som skal leggast til land. Det er ei heilskapsvurdering og når det er ei øving, så er sikkerheita viktigast. Då trumfar det inn og då var Alta hamn eit veldig godt alternativ, seier major Eirik Skomedal i Forsvaret.

Eirik Skomedal

– Vi måtte endre på nokre planar, seier major Eirik Skomedal i Forsvaret.

Foto: Rune N. Andreassen / NRK

Han er trygg på at dei får i land dei fartøya med materiell og øvinga går som planlagt. Skomedal fortel at i alle større militære operasjonar og øvingar skjer det uventa tinget.

– Vi måtte endre på nokre planar. Det må vi berre ta høgde for, seier Skomedal.

Tysdag kveld kom beltevogner, tungtransport, bergingsvogner, krokløftarar og tankbilar i land i Alta.

Utstyr båt Nordic response 2024

Båten måtte leggja til i Alta, men no er dei militære køyretøya klare for øvinga.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Les også Militærøvelse vil påvirke trafikken i Finnmark: – Beregn litt ekstra reisetid

Ekstra logistikk

– Det skaper ikkje problem så framt dei blir ferdige til onsdag morgon. Noko som var kriteriet for at dei skulle få legge til tysdag, var at dei er ferdige til cruiseskipet som kjem onsdag morgon, seier hamnesjef i Alta hamn, Aleksander Vestre.

Viss båten ikkje får lagt frå onsdag morgon kan det skape problem for cruiseanløpet.

– Dei er ganske sjølvsikre på at dei blir ferdige. Vi har gjort det vi kan for å legge til rette så at dei kjem i gang så fort som mogleg.

Vestre seier det ikkje blir ekstra kostnader for Alta hamn.

– Det er blei berre ekstra logistikk og utfordringar når vi skulle legge til rette for dette.

Vestre fortel at dei har vore i dialog med Forsvaret i lang tid i forkant med tanke på planlegging.

– Dei har cruisekalenderen vår, der vi er stort sett fullbooka heile mars månad. Dei er fullt klare over kapasiteten på kaien vår.

– Er dette noko de så komme?

– Eg har vore førebudd på det, så det kom ikkje ut av det blå. Vi berre måtte rokere litt på prioriteringane, seier Vestre.

Les også Stor Nato-øving i mars: Slik blir du påverka

Oberst Øyvin Ravndal, sjef for øving og treningsavdelingen ved Forsvarets Operative Hovedkvarter.

Tilpass farten

Frå tysdag 27. februar vil det vere militær kolonnetrafikk på E6 mellom Langnes og Alta. Ved Langnes vil det vere redusert fart på grunn av transportar frå Forsvarets mellombelse hamn på staden.

Alta havn nordic response 2024

Dei militære køyretøya vil sjåast i Alta og omland dei neste tre vekene.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

– Folk som ferdast i trafikken må ta omsyn til kolonnane og andre militære køyretøy. Det vil bli både merka og skilta, og på somme stader vil det stå militærpoliti og stoppe og leie trafikken. Dei må tilpasse farten og trafikken og følge trafikken, seier Skomedal.

Ein kolonne består av fire til tolv militære køyretøy. Kolonnane vil vere merkte, og køyretøy med brei last vil ha følgebil og ekstra merking. Ein militær køyretøykolonne må ikkje hindrast eller blir forstyrra.

– Ein militær kolonne er rekna som eit gravfølge, så han skal i utgangspunktet ikkje køyrast forbi heile kolonnen då han kan vere ganske lang. Så her må ein tilpasse farten og vente til kolonnane køyrer av og slettar forbi, eller køyrer ein annan veg, fortel majoren.

Desse hovudvegstrekningane i Finnmark blir særleg råka:

  • E6 mellom Kvænangen og Skaidi
  • E45 mellom Alta og grense Finland (Hetta)
  • Rv. 92 frå kryss E45 mot Skáidi
  • Rv. 94 frå kryss E6 til Hammerfest
  • Fv. 8008 – Gargiaveien

Les også Russisk borger fotograferte militært objekt – ble utvist

Storskog grensekontrollsted