Hopp til innhold

Tre nye snørekordar i Troms og Finnmark

To stader i Karasjok og ein i Tromsø har sett nye snørekordar. Men rekordane har ei bakside.

Høye brøytekanter, Nordkyn

Det ser ikkje ut til at utfordringane med snømengdene i nord er over enda. Her frå brøyting på Nordkinn.

Foto: Stian Andersen

1. april gjekk forskar Hanne Heiberg ved Meteorologisk institutt igjennom data som viste rekordar for mars og heile året. Heile tre stadar i landets nordlegaste fylke utmerka seg med nye snødybderekordar.

Ordførar i Karasjok, Svein Atle Somby, er fortvila over snømengdene.

– Det kan jo vere morosamt med mykje snø og nye rekordar, men det har også ført til at dyr blir plaga.

Ordfører Svein Atle Somby står ved en hvit vegg og ser inn i kamera.

Ordførar Svein Atle Somby er fortvila over all snøen, som blant anna har ført til ei massiv beitekrise.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Reindrifta står midt oppi ei enorm beitekrise, og også elgen slit med å finne mat og bevege seg i skogen. Så det er langt frå positivt, seier Somby.

Han fortel at brøytemannskapet har stått på dag og natt. Vegane har blitt smalare og det er vanskeleg å finne stadar å gjere av all snøen som er til overs.

– Det er store utfordringar. Heldigvis drypp det litt frå taket mitt no, så det går rett veg. Mi neste bekymring er vårflaum. Smelter det for raskt kan det også komme inn i hus. Så det er mange ting å tenke på. Også er det korona opp i det heile.

Ordføraren legger til at folk er flinke til å rydde taka sine for snø, men at snømengda har ført til at fleire eldre bygningar, som fjøsar, har rast saman.

Dette er rekordane

  • Markanjarga i Karasjok med 89 cm. Førre årsrekord er frå februar i år og målte 82 cm. Tidlegare rekord frå mars var på 69 cm i 2017.
  • Cuovddatmohkki i Karasjok med 103 cm. Førre årsrekord er frå 1993 og målte 94 cm. Tidlegare rekord for mars var i 2013 og målte 78 cm.
  • Ytre Holmbukt i Tromsø kommune med 97 cm. Førre rekord er frå mars 2013 på 86 cm.

Brøytemannskapet i nord har hatt lange og travle dagar denne sesongen.

Mest snø i innlandet

– Snøen kom tidleg og har hatt tid til å bygge seg opp over lang tid, seier Hanne Heiberg ved Meteorologisk institutt.

Det er store forskjellar på snømengda i innlandet og ute ved kysten. Til dømes blei det i dag målt ei snødjupn på 23 cm på Senja og 25 cm i Hasvik.

Hanne Heiberg, Meteorologisk institutt

Forskar Hanne Heiberg ved Meteorologisk institutt.

Foto: Met. inst.

Grunnen til lite snø ved kysten forklarar ho slik:

– Havet fungerer som eit varmereservoar. Der svingar det meir rundt 0 grader. Temperaturen fell raskare om natta, men skyene held meir på varmen. Dermed blir nedbøren varmare og fell oftare som regn.

Men om du synest det har snødd mykje i år, så er det enda ei stund til vi tar igjen rekorden.

– Den offisielle noregsrekorden for snødjupn er 5,85 meter. Den blei målt 3. april 1918 på Grjotrust, 1.300 meter over havet i Ulvik kommune.

Se lesernes snøbilder:

Máze

Mange har tatt fine bilde denne vinteren og delt med oss på Instagram.

Foto: Marit Helene Eira
Mange har tatt fine bilder denne vinteren og delt med oss på Instagram.