Hopp til innhold

To månader inn i året var tala allereie blodraude: – Svært krevjande

Helse Nord må kutte ein milliard kroner i budsjettet. I staden fortset den negative trenden i dei første månadene av 2024.

Marit Lind, Helse Nord

Marit Lind, administrerande direktør i Helse Nord, hadde håpa tiltaka sjukehusa har gjort skulle ha betre effekt på økonomien enn dei har hatt.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

– Ekstremt urovekkande, sa styreleiar Renate Larsen om tala som blei presenterte under Helse nords styremøte torsdag.

Økonomien til helseføretaket har lenge vore pressa, og dei neste åra må Helse Nord kutte budsjettet med éin milliard kroner.

Tala som blei lagt fram av fagdirektør Geir Tollåli torsdag, viser at Helse Nord var 45 millionar kroner i underskot i februar i år. I fjor enda dei med eit underskot på 407 millionar kroner.

Størst er underskotet på Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Så langt i år har dei hatt utgifter knytt til fristbrot på godt og vel 26 millionar kroner.

– UNN har fått ein kraftig auke i fristbrot, og det meste er knytt til psykisk helse og rus. Situasjonen på UNN ser ikkje lystig ut, fortalde Tollåli.

Han seier det blir gjort mykje for å snu utviklinga, men at det er krevjande.

Les også Akutt mangel på røntgenleger på UNN: – Får ikke gitt pasientene tilbudet de skal ha

UNN universitetssykehuset NordNorge i Tromsø

Helgelandssykehuset har gjort ein stor innsats i dette arbeidet, og har redusert utgiftene sine knytt til fristbrot til 1,7 millionar kroner.

Nordlandsykehuset har utgifter på 15 millionar kroner, mens Finnmarkssykehuset har utgifter på 1 million kroner.

Styremøte Helse Nord 21.03.24

Administrerande direktør Marit Lind.

Foto: Pål Hansen / NRK

Administrerande direktør Marit Lind er bekymra for utviklinga av den økonomiske situasjonen, med svake resultat og låg effekt av tiltaka som er sett i verk for å kutte utgifter.

– Vi hadde trudd at tiltaka dei (sjukehusa, journ.mrk.) har skissert og planlagt å skulle ta fatt på, ville gi betre resultat enn det vi ser inneverande år. Det er dessverre sånn at den økonomiske situasjonen er svært krevjande i alle helseføretaka, sa Lind.

Les også Helse Nord sier de må kutte på grunn av mangel på fagfolk – men vet ikke hvor mange det er snakk om

Marit Lind, direktør for Helse Nord, sitter i en rosa poncho ved et bord.

Ventar på sjukehusbudsjett i april

I desember leverte tre av fire sjukehus budsjett som ikkje var i balanse. Dei har fått frist til april med å presentere nye budsjett der tiltaksplanane må vere meir konkrete og realistiske.

– Det opplever eg alle sjukehusføretak tar alvorleg. Den første milepælen vår blir i april, sa styreleiar Renate Larsen.

Mykje av Helse Nord sine utgifter går til leie av vikarar. På nokre område vil det ikkje la seg gjera å kutte vikarbyrå, mens på andre område kan man kutte i fast personell fordi man har for mange.

– Det er komplekse, store organisasjonar og det er ikkje gjort med nokre knips å få effektar. Men vi må ha særleg fokus på pengebruken på bemanning, seier Marit Lind.

Styremøte Helse Nord 21.03.24

Styreleiar Renate Larsen og administrerande direktør Marit Lind under styremøtet i Helse Nord torsdag.

Foto: Pål Hansen / NRK

Under styremøtet kom det også fram at det i dag er 88 pasientar i Helse Nord som ventar på behandlingstilbod i kommunen sin. På same tid i 2020 var talet 40.

– Det begynner å bli eit problem, det opptar ganske mange sengeplassar, sa fagdirektør Geir Tollåli da han presenterte tala.

I fjor var det totalt 27.000 liggedøgn på utskrivingsklare pasientar, samanlikna med 14.500 i 2020.

Les også Tonje har vært pasient ved riveklart sykehus i ti år: – Så gammelt at det er uappetittlig

Tonje Merete Wilhelmsen Moe har flere ganger vært innlagt på UNN Åsgård.