Hopp til innhold

Stadig færre svinebønder i nord: – Føler at ingen bryr seg om kva eg gjer

Stadig færre grisebønder i Nord-Noreg bekymrar. Eit større fagmiljø er heilt avgjerande for at det svineproduksjon skal halde fram i Nord-Noreg, meiner svinebonde.

Svinebonde Yngve With

EIN AV FÅ: Yngve With er ein av seks bønder som framleis driv med svineavl i Troms. Han kunne ønske at det var eit større fagmiljø for svinebønder i Troms.

Foto: Julie Bendiksen / NRK

Då vi var fleire, var det alltid nokon eg kunne spørje: har du merka noko til dei problema. No er det ikkje så mange å spørje.

Det seier svine- og sauebonde Yngve With.

Han er ein av seks bønder som framleis driv med svineavl i Troms. I Finnmark finst det ikkje lenger bønder som driv med svineavl.

Yngve With framfor markane sine

EINSAMT: With har drive med svin i mange år. Han synest det er einsamt å vere den einaste svinebonden i området.

Foto: Andrine Gald Myklebust / NRK

With saknar eit miljø: Nokon å diskutere med, ein fjøs i nærleiken kor han kan sjå korleis ting blir gjort.

Av og til føler ein at det er ingen som bryr seg om kva eg gjer på.

Det har vore ein nedgang i svinebønder med 48 prosent frå 2010 til 2020 i Troms og Finnmark, ifølge ein rapport frå AgriAnalyse.

Til samanlikning har nedgangen vore på 22 prosent for heile landet.

Eg har nesten ikkje vore i ein annan grisefjøs dei ti siste åra, seier With.

Gris

KOMBO-DRIFT: I fjøsen til With er det både sau og gris. Gjødsel frå grisen bruker han til produksjon av gras til sauer.

Foto: Julie Bendiksen

Les også Byene truer den beste matjorda

Boligbygging i Trondheim

Ønsker å auke svineproduksjon

Dei treng ikkje vere så nære kvarandre, men det betyr enormt mykje at det er likesinna bønder som av og til kan møtast til fagleg utveksling.

Det seier Rolf Ingar Eggum. Han er jordbruksrådgjevar i Kvænangen kommune og prosjektleiar for «Gris i Troms», som skal styrke svineproduksjonen i fylket.

Han er bekymra for talet på grisebønder i Troms, og den låge rekrutteringa.

Det har vore ein politikk i mange år som ikkje stimulerer til kraftfôrdriven produksjon i Troms. Resten av landet derimot har jo bygd ut.

Ifølge Eggum er svineproduksjonen viktig for heile landbruksnæringa.

Til dømes er svin viktig for å halde oppe og gi jamnare drift av slakteria i landsdelen.

Mens sau berre blir slakta på våren, blir gris slakta heile året.

Grisar i fjøs

ØNSKER AUKE: Eggum i Norsvin ønsker å auke svineproduksjonen i nord.

Foto: Julie Bendiksen / NRK

No er han og andre frå næring i gang med eit prosjekt for å auke svineproduksjonen i Troms.

Målet er å rekruttere fleire nye svineprodusentar i Troms, og samstundes tredoble dagens produksjon.

Dette med hjelp frå investeringsmidlar frå Innovasjon Noreg.

Det er sett av midlar for å bygge ut til gris. Det har ikkje vore mogeleg dei siste 10–15 åra, seier Eggum.

Les også Matsikkerheten i Norge er truet, og det handler ikke bare om korn

Utsikt utover Botn i Rissa, Indre Fosen

Beredskap, busetting og sysselsetting

Leiar for senter ved arktisk landbruk ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Marianne Vileid Uleberg, fortel at det kan vere mange grunner til nedgang i svinebønder.

For mange er det vanskeleg å finne økonomi i produksjonen og det kan vere konkurrerande arbeidsplassar.

Kvifor er det viktig med landbruk i nord?

Vi har ei nasjonal målsetting om å ha landbruk i heile landet. Då er det viktig å drive matproduksjon i dei områda der det er mogeleg, og vi har gode moglegheiter i nord, seier ho.

I tillegg til matproduksjon, meiner Uleberg at landbruk i heile landet er viktig for beredskap, busetting, sysselsetting, og for å vareta kulturlandskap.

Marianne Vileid Uleberg, Leiare for senter ved arktisk landbruk ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

HEILE LANDET: Leiare for senter ved arktisk landbruk ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Marianne Vileid Uleberg, meiner det er viktig å halde oppe landbruket i heile landet.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Landbruksministeren: Følger utviklinga

Også regjeringa har registeret nedgangen i svineprodusentar i Troms.

I ein e-post skriv landbruks- og matminister Sandra Borch at regjeringa følger utviklinga i jordbruket og svineproduksjonen tett.

Sandra Borch på Stortingets talerstol

FØLGER MED: Landbruks- og matminister Sandra Borch, skriv i ein e-post at ho følger utviklinga i jordbruket og svineproduksjonen tett.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

For å sikre svineproduksjonen, blir det blitt gitt ulike distriktstilskot som kjem svineprodusentane i Troms til nytte, skriv ho e-posten.

Ministeren viser mellom anna til tilskot til frakt av fôr og frakt til slakteri.

Ho påpeiker at det ikkje er sett regionale produksjonsmål i Noreg og at forbruket ikkje nødvendigvis skal vere lik produksjonen i kvart fylke.

Svinebonde With i Balsfjord håper i alle fall at det etter kvart vil komme fleire svinebønder i nærleiken.

– Vi må få eit større miljø. Det er heilt avgjerande for at det ikkje skal bli slutt på svineproduksjon i Nord-Noreg, seier svine- og sauebonde Yngve With.

Yngve With i fjøsen

POSITIVT FOR SLAKTERIA: Yngve With meiner at fleire svinebønder vil vere positivt for slakteria. – Slik det er no er det veker kor eg er den einaste som melder inn gris til Notura, seier han.

Foto: Julie Bendiksen / NRK

Les også Hva skal vi spise hvis grensene stenges?

Kathrine Bergstaa i kassa i butikken.