Hopp til innhold

Nytt tilbod skal sikre fleire faglærte i helsevesenet

Helse- og omsorgssektoren skrik etter fleire faglærte. I Nord-Noreg håpar dei no å ha funne løysinga på noko av problemet.

Trude langvand Moe (grønn) og Eirin Lie Storstad

LØFT: Gjennom eit unikt og tilrettelagt tilbod, får assistent Eirin Lie Storstad (t.h.) moglegheita til å ta fagbrevet. Avdelingsleiar Trude Langvand Moe (til venstre) er ikkje i tvil om viktigheita av fleire faglærte.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Det er vanskeleg «å rekruttere nok kvalifiserte sjukepleiarar og helsefagarbeidarar».

Det slo Folkehelseinstituttet fast i ein rapport om konsekvensane av ein høg del ufaglærte i helse- og omsorgstenestene i 2017.

Og enklare har det ikkje blitt.

Ei rekke kommunar opplever ein auke i andelen ufaglærte i helsetenesta. Samstundes fell søkartala til helsefag på vidaregåande.

Ifølge tal Norsk Sykepleierforbund har fått, er andelen ufaglærte på over 25 prosent i ei rekke kommunar, og fleire har over 40 prosent ufaglærte.

I Harstad håpar dei «Fagarbeiderløftet», der heile 46 ufaglærte tilsette i kommunen deltar, skal bidra til at kommunen snur den negative trenden. Dette gjennom eit samarbeid mellom Harstad kommune, Troms fylkeskommune og Hålogalandsrådet, kor ufaglærte vert gitt mogelegheita til å ta fagbrev på jobb.

– Dette var ei gyllen moglegheit til å komme i mål med det litt før eg hadde trudd eg skulle. Det er mange gode ved dette, seier pleiemedarbeidar ved Bergsodden sjukeheim i Harstad, Eirin Lie Storstad.

Ho er ein av fleire ved sjukeheimen som no er med på «Fagarbeidarløftet», og får verdifullt kompetanseløft «sponsa» av kommunen.

Bergsodden sykehjem i Harstad.

FAGARBEIDARAR: Fleire tilsette ved Bergsodden sjukeheimar i Harstad får no høve til å ta fagbrevet gjennom samarbeidet kommunen har inngått.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Utfordringar i framtida

Nyleg var statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på besøk i Harstad. Der fekk han blant anna høyre kvifor kommunen har sett i verk kompetanseløftet. Statsministeren er imponert over arbeidet kommunen har lagt ned.

– Dette er veldig viktig. Det er å gi eit vidaregåande tilbod til vaksne, som no får kunnskapen og erfaringa si inn i eit fagbrev, seier Støre, før han fortset:

– Dette er folk som gjer ein veldig viktig jobb allereie, og som både fortener og som vil ha nytte av å få det fagbrevet.

Under besøket sitt på Stangnes Ra vidaregåande skole, møtte statsministeren fleire av elevane som no jobbar for å ta fagbrevet.

Statsministeren er ikkje i tvil om viktigheita av at fleire faglærte i helse- og omsorgssektoren, ikkje minst i møte med dei utfordringane som er i sektoren, blant anna med den kommande eldrebølga.

– Befolkninga vår endrar seg, og vi veit at vi kjem til å trenge fleire i helse- og omsorgssektoren, og at vi allereie har utfordringar, særleg her i nord.

Jonas Gahr Støre i Harstad 19. januar

SELFIE: Statsministeren var ein populær mann under besøket sitt i Harstad.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Investering

Under besøket sitt i Harstad, snakka Støre med fleire av dei som no har fått høve til å ta fagbrevet gjennom «Fagarbeidarløftet», blant dei ei på 26 år, som begynte i sektoren allereie som 18-åring.

– Det at ho no får fagbrevet som 26-åring, er ei investering i at ho kjem til å fortsette i denne viktige sektoren i samfunnet vårt. Dette er ein av fleire ting vi må gjere for å ha rekruttering til ein trygg og god helse- og omsorgssektor, seier Støre.

Jonas Gahr Støre i Harstad 19. januar. Fylkesordfører i Troms, Kristina Torbergsen, i rosa.

BESØK: Statsminister Jonas Gahr Støre var nyleg på besøk i Harstad. Fylkesordførar i Troms, Kristina Torbergsen (Ap), til høgre.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Støre får støtte frå Aps fylkesordførar i Troms, Kristina Torbergsen (Ap), som til liks med Støre meiner løfta er ei samfunnsinvestering.

– Det å få kvalifisert arbeidskraft er viktig for kommunane våre og næringslivet vårt. Vi veit at det er mange som står utan eit fullført fagbrev, og som kanskje aldri kjem seg i gang.

Torbergsen erkjenner viktigheita av å ta vare på eksisterande arbeidskraft. Samtidig er ho ikkje i tvil om kva som vil vere eit mogleg neste steg på vegen mot ein styrkt helse- og omsorgssektor.

– Det neste steget vil vere å finne dei som står utanfor arbeidslivet, og køyre dei gjennom same type sprang, og å finne arbeidsplassar som kan ta imot

Les også Vil få flere gutter inn i helsefaget: – Menn når oftere ut til menn

Foredragsholderne på arrangementet "Gutter og helsefag" demonstrerer livredning.

– Kan hjelpe på best mogleg måte

Avdelingsleiar på Bergsodden sjukeheimar, Trude Langvand Moe, er ikkje i tvil om viktigheita av å få inn fleire faglærte i dei kommunale helse- og omsorgstenestene:

– Det er veldig viktig, for bebuarane som kjem til sjukeheimar er sjukare og sjukare. Folk bur lengre heime, så det trengst meir kompetanse innanfor faget for å kunne vareta alle.

Eirin Lie Storstad

FORNØGD: Eirin Lie Storstad er godt fornøgd med å få høve til å ta fagbrevet gjennom Fagarbeiderløftet.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Sjølv om Eirin tidlegare har tenkt på det å ta fagbrevet, er ho ikkje i tvil om at «Fagarbeidarløftet» fører til at ho startar tidlegare. Dette som følge av at deltakarane er sikra full lønn under utdanning, blir tett individuell oppfølging gitt og ofte tar fagbrevet på kortare tid.

– Det er viktig å kunne gi brukaren den beste hjelpa han kan få. Som assistent har ein mykje å bidra med, men det er det å få den kompetansen som gjer at ein blir endå tryggare i jobben, og føler at ein kan hjelpe på best mogleg måte.

Les også Vil forske på eldre som ønsker å bli sprekare

Restart undersøkelsen UiT

Utviding?

Fagarbeidarløftet som er igangsett i Harstad, er realisert gjennom eit samarbeid mellom Troms fylkeskommune, Hålogalandsrådet og Harstad kommune. Tilsette frå andre kommunar i Sør-Troms, blant dei Tjeldsund, er også med på prosjektet.

Fylkesordførar i Troms, Kristina Torbergsen, erkjenner at fylkeskommunen har eit utdanningsansvar.

– Fylkeskommunen skal vere ein tilretteleggjar når det gjeld utdanning, og med dei oppgåvene vi har, så er det heilt klart at vi skal vere med på slikt arbeid.

Torbergsen ser ikkje bort frå ei utviding av prosjektet i framtida, som ho trur har fått fleire over utdanning-hinderet, med dei goda deltakarane blir gitt.

– Vi vil bruke alt det vi har lært med prosjektet i Sør-Troms, og ta det vidare til andre regionar og gå i dialog med andre kommunar om vi kan gjere det same løftet for dei, seier ho, før ho fortset:

– Det er heilt klart at vi vil prøve å få til det her andre plassar.

Les også Nærgående turister bæsjer i hagene: – Ubehagelig tett innpå

Margrete Larsen

Les også Ekstremværet «Ingunn» ødela klubbhuset – frykter for skiklubbens fremtid

ekstremværet «Ingunn» i Harstad