Hopp til innhold

Vil forske på eldre som ønsker å bli sprekare

Er du over 60 år og vil bli kvitt nokre ekstra kilo på kroppen, kan du nå få hjelp frå forskarar.

Restart undersøkelsen UiT
Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

– Tar du den ein gang til?

På testlaboratoriet ved UiT – Noregs arktiske universitet er legar, forskarar og andre prosjektmedarbeidere i full gang med å velje ut sine 120 deltakarar til prosjektet Restart.

Ein av deltakarane gjør beinpress, mens vinkelen på kneet hans blir målt og notert.

– Så pustar du ut når du løfter opp. Pust inn, og ut, seier prosjektmedarbeidaren.

Restart undersøkelsen UiT

NRK fekk vere med da forskarane skulle velje ut deltakarar til undersøkinga.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Det er Tromsøundersøkelsen som står bak prosjektet som startar måndag og skal vare i to år.

– Fokus i dette prosjektet er korleis vi kan gi folk ein betre helse og et gladare liv når de går inn i pensjonstilværet, seier Sameline Grimsgaard, som leder det store, nye prosjektet.

– Vi ønsker å gi dei ein restart, seier ho, som forklaring på prosjektnavnet.

Les også Forskere sier at faren for å få demens har gått ned

Omsorg.

Disse kan vere med

Deltakarane de leter etter skal vere mellom 60 og 75 år gamle. Invitasjonen til å vere med er sendt ut til de som har vore med i Tromsøundersøkelsen, men også andre kan melde seg til Restart på UiT dersom de er interessert i å vere med.

– Vi er ute etter de som kanskje har nokre kilo for mykje på kroppen, og som syns de beveger seg for lite og har lyst til å bli meir aktive i kvardagen, seier Grimsgaard.

Restart undersøkelsen UiT

Sameline Grimsgaard er forskar og leder Tromsøundersøkelsen.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Før deltakarane får vere med i prosjektet må de gjennom ein omfattande helsesjekk og fysisk test for å sjå at de er i stand til å vere med på opplegget.

De skal også gjennom fleire grundige helsesjekkar i løpet av de to årene prosjektet varer, seier prosjektleiar Grimsgaard.

Halvparten av deltakarane skal gjennomføre trening, få tilgang til motivasjonsverktøy, og få råd om kosthald.

– Og så vil de trene i grupper. Det vet vi at er kjempeviktig for å halde på motivasjonen og komme seg på trening sjølv om været er som nå, seier Grimsgaard.

Disse skal måles opp mot den andre halvparten, som er ein referansegruppe.

Restart undersøkelsen UiT

Deltakarane skal gjennom omfattande helsesjekkar.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Får rettleiing om motivasjon

I forkant er det gjennomført forsøk, ein så kalla pilot, for å finne den endelege utformingen av testen.

– Det viste seg at såpass mykje trening på ganske utrente person gjekk helt fint. De likte det også, fordi de opplevde framgang veldig fort, seier lege og forskar Trygve Deraas.

Han fortel at deltakarane blir coachet i å oppretthalde motivasjonen. Han trur det vil bidra til at de held fram med de nye vanane sine i mange år framover, også når prosjektperioden er over.

Restart undersøkelsen UiT

Lege og forskar Trygve Deraas er spent før prosjektstart.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

– Tør du love deltakarane noko nå, ut frå det dykk lærte frå piloten?

– Eg trur vi kan love dei å si at dette går veldig bra. De kjem til å få stor framgang og stor nytte av prosjektet. De vil føle at kvardagen blir betre og lettare dersom de følger opplegget.

Deraas er spent i forkant av prosjektstart måndag.

– Tusenkronerspørsmålet er jo korleis man skal hjelpe folk til å få vanar som de klarer å halde på i lang tid framover. Det er jo det vi tenker dette prosjektet skal hjelpe til med, seier legen.

Les også Runa lever med intense smerter: Ett grep har gjort livet bedre

Runa Helen Olsen på tur.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark