– Vi skal ikkje gjere Finnmark til ei særinteresse.
Det seier leiaren i Finnmark Ap, Sigurd Rafaelsen, som i dag sit på Stortinget.
Han støttar ikkje forslaget om å samle utfordringane i Finnmark under eit eige departement.
Rafaelsen meiner at ein må ha satsing på Finnmark i alle departementa.
– Finnmark må vere viktig i alle departement. Eg skjønner ønsket om eit større fokus på Finnmark, men det må gjerast der pengane og budsjetta ligg. Det er viktig med ein tverrseksjonell satsing på heile Finnmark.
Leiar i Finnmark Ap, Sigurd Rafaelsen, meiner at eit eige departement for Finnmark er vegen å gå. Han trekker fram ei rekke tiltak som regjeringa har lansert i Finnmark i blant anna det komande statsbudsjettet, som han meiner vil styrke fylket i framtida.
Foto: Hanna Johre / NRKDet var i eit intervju med Klassekampen at Vardø-ordførar Tor-Erik Labahå lanserte etableringa av eit eige Finnmark-departement.
Labahå trekker fram at det går føre seg ei fiskerikrise som rammar både fiskarar, landindustrien og ei rekke lokalsamfunn.
Dessutan er det diskusjonar om arealbruk, elektrifisering, nye kraftleidningar og vindmølleutbygging. Og dei fleste kommunane opplever fråflytting og slit økonomisk.
I tillegg til store avstandar, så er grensa til Russland stengd, og forholdet til naboen i aust skaper sikkerheits- og beredskapsmessige utfordringar.
– Utfordringane i Finnmark står i kø og det må det takast tak i no, seier Labahå.
På Finnmarkssendingen blei Tor-Erik Labahå intervjua om hans siste forslag om ein eigen ministerpost for Finnmark.
I 2021 lanserte stortingspolitikar Geir A. Iversen (Sp) ein eigen Nord-Noreg-minister, men ordføraren i Aust-Finnmark meiner at problema i Finnmark er mykje større og kompliserte enn i Nordland og Troms.
Tor-Erik Labahå er ordførar i kommunen med Noregs austlegaste punkt på fastlandet. Han meiner at det er så mange utfordringar i Finnmark at ein treng ein eigen minister som kan forvalte desse utfordringane.
Foto: Hanne Wilhelms / NRKSaknar ein heilskap
Dei enkeltståande tiltaka som regjeringa har kome med dei siste åra har ifølge Vardø-ordføraren ikkje hausta frukter. Det gjer at tida no er inne for ein eigen minister som kan få Finnmark på rett kurs.
Han meiner at det i dag er ministrar i ulike departement som fører sin eigen politikk for Finnmark.
– Alle regjeringar sidan tidleg 2000-talet har sagt at det skal satsast hardt på nordområda og Finnmark spesielt, for ein har sett problema. Men ein klarer ikkje å prate saman i departementa sørpå, seier Labahå.
Sigurd Rafaelsen meiner at Finnmark skal vere viktig i eit departement, men at fylket må prioriterast i alle departement og i alle sektorar.
– Vi treng løyve og tiltak. Ikkje byråkratar som skal site i sør, seier Rafaelsen.
– Nedgåande spiral
Ordføraren i Vardø viser til at da Noreg hadde utfordringar med grensene til havs, blei det etablert ein eigen havrettsminister.
Tor-Erik Labahå er ikkje sjølv heilt sikker på kor realistisk det er med ein eigen minister for Finnmark, men han meiner det i alle fall er eit stort behov for det.
– Det er ei varsla samfunnskrise det Finnmark står i no. Og fylket er inne i ein nedgåande spiral som eg ikkje ønsker å vere ein del av. Da må ein vise handling med dei orda ein set i dei regjeringsplattformene som har vore, seier Labahå.
Fylkesordføraren i Finnmark, Hans-Jacob Bønå, meiner det ikkje er realistisk med ein eigen minister for Finnmark, men han forstår frustrasjonen som ligg bak eit slikt utspel.
Foto: Knut-Sverre Horn / NRK– Blir for mykje prat og for lite handling
Fylkesordførar i Finnmark, Hans-Jacob Bønå (H), trur heller ikkje forslaget til Labahå er realistisk akkurat no. Men han forstår kvifor ein ordførar i Finnmark kjem med eit slikt utspel.
Bønå fortel at ein i ei årrekke har fått ei rekke tiltak retta mot Finnmark og Nord-Troms, men at desse ikkje har slått til slik som politikarane på regjeringsnivå sørpå hadde sett for seg.
– Eg trur det blir for mykje prat og for lite handling, seier fylkesordføraren.
Sjølv om det har kome ei rekke tiltak dei siste åra, som gratis barnehage og ferje, så meiner Bønå at det ikkje har fått ønskt effekt.
– Her trengst litt meir forståing og samordning. Det trur eg eigentleg ordførarane begynner å bli litt leie av. Vi har sett det igjennom mange år. Vi bur i toppen av Noreg og det er utruleg langt frå Finnmark til Oslo. Ein skjønner ikkje problemet i hovudstaden. Dei pratar ikkje språket vårt rett og slett.
Milepæl
Sjølv om det er stor frustrasjon i nord til vedtak og politikken som blir ført i sør, så trekker både Bønå og Labahå fram at det òg skjer positive ting i regjeringskontora.
I slutten av september var ti departement med statssekretærar samla i Sør-Varanger kommune. Aust-finnmarkrådet melder at det var for å få ei realitetsorientering på utfordringar og moglegheitene som finst i regionen.
Det karakteriserer fylkesordføraren i Finnmark som ein milepæl.
– Det er eit stykke på veg, og heilt klart ei forbetring, seier fylkesordførar Hans-Jacob Bønå.