Jubelen stod i taket då det mot slutten av 2023 vart kjent at 14 stader i Noreg skulle få passkontoret sitt tilbake.
– No er det andre bollar, uttala tidlegare justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til avisa Grenda så seint som i august i år.
Då hadde Senterpartiet partiet invitert til ein aldri så liten markering på tettstaden Husnes.
Det var ein av stadene som hadde fått passkontoret sitt tilbake.
Solberg-regjeringa reduserte nemleg talet på passkontor i Noreg tilbake til 2018.
I staden vart dette erstatta med ein omreisande passbuss.
Ein buss i Nord-Noreg og ein i Sør-Noreg.
– Eg synest ikkje det er riktig at tenester skal komma køyrande når det passar for staten, sa Mehl til NRK då gjenopninga vart kjent mot slutten av 2023.
Politistasjonssjef Sigurd Børve i Kvinnherad fekk i fjor passmaskin på stasjonen. Dei tek i mot om lag 2.000 søknadar om pass og nasjonalt ID-kort i året.
Foto: Olav Røli / NRKBygde om
På politistasjonen i vestlandskommunen Kvinnherad, som har 13.000 innbyggjarar, er politistasjonssjef Sigurd Børve glad for å kunne gje tilbodet tilbake til befolkninga.
Etter ombygging, til om lag éin million kronar i fjor, kunne dei ynskja velkommen for passbestilling igjen.
– Tilbakemeldingane er positive, sa han då.
Sidan 2019 måtte innbyggjarane i kommunen anten ta ferje til nabokommunen Stord eller køyra til Odda om dei skulle ha pass.
Eller, dei kunne venta til passbussen kom innom på turne i Sør-Noreg.
– Passbussen er sikkert eit godt tilbod, men me får bestilt om lag 2.000 pass og ID-kort i året, og då dekkjer berre den ein mikroskopisk del av behovet, seier han.
Her, på Husnes i Kvinnherad, vart det igjen mogleg å få tak i pass frå og med i fjor haust. I 2019 forsvann tilbodet og vart erstatta med passbuss.
Foto: Olav Røli / NRKMen no kan både ombygging vera bortkasta, og den kostbare maskinen kan bli sendt tilbake.
For i forslaget til statsbudsjett vil regjeringa leggja ned 14 passkontor.
Erstatninga er passbuss. Igjen.
– Det gjer det i alle fall krevjande for oss som skal drifta denne eininga, seier Børve, men legg til at den største utfordringa kjem for innbyggjarane som no kan stå ut passtilbod igjen.
Dåverande statsminister Erna Solberg (H), justisminister Monica Mæland (H) og tidlegare politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt med passbussen på Austevoll under valkampen i 2021.
Foto: Eivind Molde / NRKDepartementet: – Kontora er lite besøkt
Justis- og beredskapsdepartementet viser til politifaglege råd. Og at dei nyleg opna kontora har vore lite besøkt med få søknadar.
– Arbeidarpartiregjeringa er oppteken av at politiet sine ressursar vert brukt på ein effektiv måte, samstundes som innbyggjarane får eit best mogleg tilbod. Dei 14 nye passkontora er lite besøkt og har få søknadar, skriv statssekretær Joakim Øren (Ap) i ein e-post.
Ein oversikt som NRK har fått over tal på søknadar om pass og ID-kort viser at kontoret på Flisa hadde 339 søknader i april i år.
På Husnes hadde dei 190 i same månad.
Her står passbussen på Husnes i Kvinnherad. Det er ein passbuss i Nord-Noreg og ein i Sør-Noreg.
Foto: Olav Røli / NRKKontoret i Skibotn/Lyngen hadde 58 søknader i april, medan berre 13 søkte om pass eller ID-kort i mai.
På Røros var det 372 som søkte om pass eller ID-kort i juni. Oversikta seier ikkje noko om kor mange dagar kontora har vore opne.
Departementet understrekar at ingen kontor skal verta lagt ned før tilsvarande eller betre tilbod gjennom passbussar er på plass.
Det er ei forklaring som dei på Husnes ikkje kjøper:
- Olav Røli / NRK
Emma Tangstad
– Eg synest det er dårleg. Det blir langt å reise og det er dyre avgifter.
– Eg har ikkje vore borti passbussen, men eg har høyrd at det er eit godt tilbod. Men eg vil behalda passkontoret.
- Olav Røli / NRK
Stig Thorsen
– Eg meiner det er berre tull. Når ein endeleg hadde fått det tilbake, så meiner eg det er å gå baklengs inn i framtida.
– Eg håpar dei ombestemmer seg og ser fornufta med å behalda det.
- Olav Røli / NRK
Torleif Nilsen
– Eg synest vi burde ha passkontor her i Kvinnherad. Fordi anten må ein til Stord, Odda eller Bergen. Det er jo heilt vilt.
- Olav Røli / NRK
Tore Blom
– Det er heilt idiotisk. Vi har nettopp fått det tilbake og vore utan det i fleire år. Der vi måtte reise langt for å koma til passkontor. Så det må vi ha.
– Då vi hadde passbuss måtte ein bestilla fleire månadar på førehand og det var lang ventetid.
MDG gir støtte til regjeringa
Forslaget får ikkje uventa reaksjonar frå mellom anna Erling Sande i Senterpartiet.
– Me er veldig skuffa over dette. Dette betyr at folk i desse områda får eit dårlegare tilbod, seier han.
Han legg til at Senterpartiet og Arbeidarpartiet stod saman mot ein sentraliseringspolitikk.
I fjor haust kunne politistasjonssjefen i Kvinnherad, Sigurd Børve, ønskje innbyggjarane velkomen til nytt passkontor. No kan det igjen bli fjerna.
Foto: Olav Røli / NRK– Det vert ekstra ille når det er investert i nytt utstyr og lokale er bygd om, seier han.
Andre politikarar er derimot nøgd med regjeringa sitt forslag.
– Eg vil rosa regjeringa for å lytta til faglege anbefalingar frå politiet, og gå inn for mindre av den detaljstyringa av lokalisering som Sp stod for. Det er bra at Ap reverserer opprettinga av passkontor som har ført til unødig tids- og ressursbruk, og bytar ut dette med passbuss som vil gje eit samla betre tilbod til innbyggjarane, seier Julie Stuestøl (MDG), medlem av justiskomiteen, til Politiforum.
Kautokeino var ein av stadene som skulle få passkontor i løpet av 2025/2026. No spørst det om det vert noko av.
Foto: Berit Solveig Gaup / NRK