Hopp til innhold

Ny metode kan vise korleis ein forbrytar ser ut

Forskarar trur DNA-metoden kan bli tatt i bruk allereie innan eit år. Men vi treng klare retningslinjer for å hindre at fordommar styrer etterforskinga, meiner Bioteknologirådet.

Undersøker DNA på rettsgenetisk instiutt på UiT Noregs arktiske universitet.

DNA-prøver er sensitive og sårbare. Der finst oppskrifta på heile deg.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Har politiet både DNA og ein mistenkt i ein krimsak, har dei i dag gode verktøy for å kunne knytte eller utelukke personen til ei gjerning.

Har ein derimot ikkje ein mistenkt, har DNA-et vore til lite hjelp til no.

Ein ny metode kan hjelpe politiet i etterforskinga, ved å vise korleis ein gjerningsperson kan sjå ut, berre ut ifrå DNA.

Dette kan DNA-et gi eit svar på.

  • Hårfarge
  • Augefarge
  • Biogeografisk opphav.
Thomas Berg, førsteamanuensis og dagleg leiar ved rettsgenetisk institutt ved UiT Noregs arktiske universitet.

Førsteamanuensis og dagleg leiar ved rettsgenetisk institutt, Thomas Berg.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

– Vi kallar det biologisk vitne. Det kan forhåpentlegvis vere ein leietråd for politiet, på same måte som eit augevitne.

Thomas Berg er førsteamanuensis og dagleg leiar ved rettsgenetisk senter ved UiT Noregs arktiske universitet.

Han seier dette først og fremst skal vere eit spor når ein ikkje har ein mistenkt. For å finne ut kva politiet skal sjå etter, eller for å utelukke folk.

Kan vi stole på det biologiske vitnet?

– Den største utfordringa er at det er avgrensa kor mange karaktertrekk vi kan seie noko om. Vi kan ikkje gi ei fantomteikning foreløpig. Om det nokon gong kan skje veit vi ikkje.

Det betyr at vi berre får svar på trekk som viser til store generaliserte grupper.

Karaktertrekka ein får er heller ikkje heilt sikre

– Dei genetiske metodane er nok ikkje så nøyaktig på fargenyansane mellom klart blå og klart brune auge. Så der slit vi litt. Men mest blå og mest brunt gir det ganske sikkert resultat, seier Berg.

DNA-analysen på bilete nedanfor viser ein person med raud-blondt hår og blå auge. I tillegg viser DNA-kartet at personen truleg kjem frå Europa.

Sjekk om dei har treft nedst i saka.

DNA prøve kan vise hårfarge, augefarge og biogeografisk opphav.
Foto: Torbjørn Krane / NRK

Fordommar kan styre etterforsking

Bioteknologirådet har uttalt at slike metodar kan vere nyttige, og at dei kan bli brukt i alvorlege saker, men at politiet treng retningslinjer for korleis dei kan bruke dei.

– Det å rette inn etterforsking etter utsjånad og folkegrupper er nyttig, men det kan også føre til mistenkeleggjering, særleg når det peikar på minoritetar, seier seniorrådgjevar i Bioteknologirådet, Truls Petersen.

Truls Petersen i Bioteknologirådet

Seniorrådgjevar i Bioteknologirådet, Truls Petersen, meiner metoden kan vere nyttig, innan visse rammer.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Augefarge og hårfarge er i seg sjølv ikkje sensitiv informasjon, det kan derimot etnisk opphav vere.

– Ei analyse frå Tyskland viste at drapskvinna hadde austeuropeisk opphav. Då innretta dei etterforskinga etter romfolket. Men det hadde analysen ikkje sagt noko om.

Ifølgje Petersen er dette eit godt eksempel på korleis fordommar styrar etterforskinga.

– Men det kan også minske fordommar. I Nederland var det ei drap nær eit asylmottak med irakarar, der alle i bygda trudde det var ein på mottaket. Medan DNA-prøva viste ein mann med Nord-Europeisk opphav.

Bioteknologirådet meiner det derfor trengst tydlege rammer for:

  • Kva saker ein kan bruke metodane
  • Rammer for korleis ein skal bruke det i etterforskinga

– Vi har eit fornuftig politi i Noreg, og bruken av DNA er veldig godt regulert. Eit regelverk med tydlege rammer vil gi føringar framover, for vi veit ikkje kven som er politi om 20, 30, 40 år.

Anne-Marit i Bioteknologirådet sitt sekretariat avla DNA-prøve. Bla for å sjå om det vart match.

Anne-Marit i Bioteknologirådet tok DNA-test for å sjå kor det kunne gi svar på korleis ho ser ut

Bioteknologirådet stilte sekretariet til rådigheit for å teste om DNA kan gi svar på korleis ein person ser ut.

Anne-Marit i Bioteknolgirådet sitt sekretariat

Har forskarane ved UiT treft?

Foto: Bioteknologirådet

Flere nyheter fra Troms og Finnmark