Hopp til innhold

Kritiserer NSR sin retorikk: – Ord kan også til slutt bli til handling

Norske Samers Riksforbund (NSR) bør ta eit oppgjer med sin eigen retorikk, meiner Tarjei Jensen Bech. – Alle har eit ansvar, svarer partiet.

Tidligere fylkesordfører i Troms og Finnmark fylkeskommune, Tarjei Jensen Bech (Ap), mener at retorikken som brukes i debattene i 2024 i Finnmark er for hard.

Tarjei Jensen Bech, kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet, Hammerfest, gjekk ut i eit debattinnlegg og meinte NSR gjekk for langt i retorikken sin.

Foto: Allan Klo / NRK

– Dei har over lang tid ført ein retorikk om at kraftpakken i Finnmark er vondskap, det blir drive kolonialisme og folk i Porsanger må vere redde.

Det seier Tarjei Jensen Bech (Ap). Han er tidlegare fylkesordførar for Troms og Finnmark og meiner debattklimaet i Finnmark er for tøft for tida.

– Og det må NSR ta eit særleg ansvar for, seier han.

I ein fersk kronikk viser han til fleire eksempel der han meiner at NSR går for langt i retorikken. Utsegn som viser til både Gaza, Auschwitz og at regjeringa er brun, er blant dei.

Slik retorikk meiner han når høgdepunktet når ein reindriftssame fortel til TV 2 at vedkommande ikkje kan utelukke vald rundt realisering av vindkraftverk i Porsanger.

– Kva konsekvensar har denne forma for retorikk, slik du ser det?

– Vi ser jo reindriftssamen som seier at han ikkje utelukkar vald. Eg er redd for at ein polariserer i Finnmark og skaper ein usunn samfunnsdebatt som bidrar til at moderate stemmer blir svekte, og at ein i verste fall faktisk går til det steget og tyr til vald.

Tarjei Jensen Bech

Tarjei Jensen Bech (Ap) meiner at NSR må ta eit særleg ansvar for at debattklimaet er tøft for tida.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Ord kan også til slutt bli til handling, det har eg i alle fall sjølv fått erfare, seier Jensen Bech som sjølv var på Utøya i 2011.

– Eg tenker det er greitt å vere ueinig, men ei viss grense for retorikken som blir ført må settast. Og eg tenker at NSR heile tida drar han for langt for kva som er greitt å seie og då tar andre etter.

Les også Robin vil stoppe naturinngrep: Frykter svært hull i fritidsområde

Birk, Robin og Ægir Rokstad mener det er viktigere å ta vare på naturen enn å tillate gruveutbygging. Nå har Robin startet Lávttevárre og Lemmivárre interesseforening.

Uheldig utvikling

Leiar i NSR, Beatrice Iren Fløystad, meiner derimot at alle har eit ansvar for debatten og støttar ikkje kritikken Jensen Bech kjem med.

Ho meiner kronikken hans ikkje er med på å bidra til eit betre debattklima og seier NSR skal gjere sitt for å få eit betre debattklima.

– Då må vi faktisk tenkje på at alle. Det gjeld han òg, seier ho.

Beatrice Fløystad

Leiar i NSR, Beatrice Iren Fløystad, seier at alle har eit ansvar i debatten.

Foto: Dan Robert Larsen

Fløystad trekker fram at han kjem med eksempel på utsegn som NSR ikkje har sagt og at dei ikkje går for langt.

– For å forstå desse utsegnene som er i retorikken, så er det veldig viktig å forstå bakgrunnen til dei som ytrar desse utsegnene som dei har. Det tenker eg er viktig for å kunne gå vidare i denne debatten og for å kunne gjere eit betre debattklima.

Fløysand seier at NSR ikkje støttar utsegn som går på vald og truslar

– Det blir vist både til Gaza, Auschwitz og at regjeringa er brun. I kva grad meiner du dette stemmer?

– Eg tenker at det stemmer ikkje i det heile, og at han tillegg også meiningar til folk som ikkje stemmer, seier Beatrice Iren Fløystad.

Ho fortel at det er lite konstruktivt å sette merkelappar på folk og skape eit bilde av ein debatt som ikkje stemmer.

– Vi må jo finne kjernen i debatten og snakke om kva det faktisk handlar om. Det handlar ikkje om Auschwitz eller nazisme. Dei tinga må ein berre legge bort.

Ho meiner det er eit skilje i debattklimaet før og etter Melkøya. Ho meiner det har blitt hardare.

– Eg synest det vi opplever no er ei uheldig utvikling.

Les også Flyttet til Porsanger for naturen – kan få nye kraftlinjer utenfor stuevinduet

Sunna-Inga Gaup Aamot.

Les også Har langt fleire kraftprosjekt enn det er plass til i straumnettet

Den nye 420 kv-linjen fra Balsfjord til Skaidi nærmer seg ferdig. Her kan man se linjen på Sennalandet.

Sinna-mann-språk

Kjell Terje Ringdal er førstelektor ved institutt for kommunikasjon ved Høyskolen Kristiania. Han meiner at dagens debattklima i Finnmark er uheldig for alle som er involverte og debatten.

– Det debattklimaet som vi ser akkurat no, det er prega av for mykje rettferdig harme, for sterke samanlikningar av metaforbruk, og altfor lite humør. Det er for lite eleganse i språket. Det er sinna-mann-språk som ikkje verkar og som ikkje har effekt, seier Ringdal.

Kjell Terje Ringdal er førstelektor ved Høyskolen Kristiania i Oslo, der han underviser i retorikk, samfunnspåvirkning og public relations.

Kjell Terje Ringdal er førstelektor ved Høyskolen Kristiania i Oslo, der han underviser i retorikk, samfunnspåverknad og public relations.

Foto: Heiko Junge / NTB

Han kallar måten debattklimaet er, for Trump-fenomenet og kommentarfeltproblematikken.

– Det å stadig skyve på dei verbale grensene, gjer at nokon kan tenke at når språket blir ofseleg, så kan eg også bli det. Det kan gjere at det ein tar til orde for, kan bli verkelegheit.

Ringdal fortel at ved å bruke den forma, så risikerer ein å tape kampen.

– Ein mistar karakter og ein mistar truverd fordi ein bruker eit språk som den nøytrale observatøren ikkje kjenner seg igjen i.

Han meiner at eit godt debattklima handlar om å sjå andre og at ordet kommunikasjon kjem av det latinske ordet kommunikare, som betyr å gjere felles.

– Dersom begge partar i ein diskusjon klarer å skape ein fellesskap, altså eg ser deg, du ser meg, eg framfører argumenta mine, utan at eg av den grunn er heilt blind for dine. Det er oppskrifta på eit godt debattklima. Vi toler å vere ueinige, men det er både upraktisk og lite effektivt å kaste handgranatar på kvarandre, seier Ringdal.

Les også Ap-politikere i nord om Støre: – Fjerner seg enda mer fra grasrota

Jonas Gahr Støre på slottet.

Les også Ny meningsmåling: To av tre i nord sier nei til elektrifisering av Melkøya

Melkøya hammerfest