Ein soldat er skadd. Han blir først tatt hand om av Sanitetsbataljonens soldatar. Dei køyrer han med pansra ambulanse til eit eigna landingsområde for det militære ambulansehelikopteret.
Når Bell 412-helikopteret landar på Artillerisletta på Setermoen i Bardu, overtek anestesilege og anestesisjukepleiar. Pasienten flys til sjukehus.
Denne gongen var det berre trening. Men i løpet av øvinga har luftambulansen rykka ut på 16 oppdrag som var reelle.
11 av dei er løyst med helikopter. Fem med legebil.
– Statistikken visar at det er rett under halvparten av de militære hendingane, seier anestesilege Håkon Asak.
Med andre ord, det sivile har vore i fleirtal. Nokon har vore ulykker. Nokon har vore andre typar akuttmedisinske oppdrag.
I fjor var antalet utrykkingar under øvinga «Cold Response» totalt 14. Antalet har vore jamt i åra før.
Har vore i Lofoten
Asak er medisinsk ansvarleg for Forsvaret si sanitet med luftevakuering. Saman med blant andre Bjørn Eidissen, sjefsersjant i same avdeling, har han vore i beredskap på Bardufoss. Det har dei vore sidan måndag for snart to veker sidan.
Anestesilege Håkon Asak behandlar pasienten i transporthelikopteret. Denne gongen var det berre øving.
Foto: Malin Straumsnes / NRKForsvaret har i samråd med helsemyndigheitene militær ambulansebil og luftambulanse i beredskap under militærøvinga «Joint Viking». Det for å trygge lokalbefolkninga og det militære personellet. Og for at og sivilsamfunnet skal belastast minst mogleg.
Soldatar passar på «skadd» soldat mens helikopter landar.
Foto: KariAnne Skoglund / NRKSamtidig er dei tilgjengeleg for utrykkingar til alle typar hendingar.
– Vi dekker det området AMK Tromsø ønsker. Vi har vore i Lofoten, og både nord- og austover. Vi flyr der det er behov, seier Asak.
Mer avhengig av kvarandre
Klinikksjef for akuttmedisinsk klinikk på UNN, Jon Mathisen, bekreftar at dei sivile oppdraga har vore i fleirtal. Han meiner dette er et godt eksempel på å øve sivilmilitært.
– Helseberedskapen vår i nord er god. Vi må nytte at dei er her under øvinga. At vi bruker sivile hendingar til slik øving, er viktig, seier han.
Klinikksjef for akuttmedisinsk klinikk på UNN, Jon Mathisen.
Foto: Marita Andersen/NRKKlinikksjefen seier dei blir vi meir avhengig av totalberedskap framover.
– Ja, utan tvil. Både vær og andre forhold i samfunnet gjer at vi må ha økt fokus på totalberedskap.
– Kapasitetane Forsvaret har vil vere avgjerande ved store hendingar. Derfor er det viktig at vi øver, legger han til.
Realistisk krisetrening
Aktiviteten under øvinga er såkalla «risiko-åtferd». Og soldatane er ute i utfordrande terreng og vær.
Difor har Forsvaret sidan 2000-talet hatt tilgang på militær luftambulanse under store Nato-øvingar. Dei har sett at dei sivile Utrykkingane er fleire jo meir grisgrendt øvinga er. Som i Rena-traktene i Innlandet, Finnmark og Troms.
Sanitetsbataljonen og luftevakueringsgruppa øver på transport av skadd soldat.
Asak seier dette er totalforsvar i praksis.
– Det tenker eg er ei god haldning, som er i tråd med totalforsvar-tanken. Vi er ei helseteneste og eitt beredskapssystem. Vi må hjelpe kvarandre. Det syns eg fungerer saumlaust. Vi blir flinkare jo meir vi får trent saman.
Pansera militær ambulanse og transporthelikopter Bell 412 med mannskap har gitt ekstra beredskap under «Joint Viking».
Foto: Kari Anne Skoglund / NRKTreninga dei får under «Joint Viking» er altså heilt realistisk. I dei siste åra har luftevakueringsgruppa bidratt på fleire krevjande oppdrag i Noreg og utlandet. Nyleg har dei hjelpt til med evakuering av pasientar frå Ukraina. Dei medverka også etter jordskjelvkatastrofen i Tyrkia.
Det har også vore fleire ulike hendingar kor Forsvaret har vore viktig for å forsterke den norske helsetenesta.
Bjørn Eidissen og Håkon Asak frå Forsvarets luftevakueringsgruppe.
Foto: Malin Straumsnes / NRK– Er treninga viktig med tanke på ei eventuell krise i Noreg?
– Ja, det vil eg heilt opplagt meine. Nå er verdsbildet også endra drastisk det siste året. Vi får truslar og utfordringar på mykje nærmare hold enn før. Totalt synest eg det er ein fornuftig bruk av ressursane på tvers, både militært og sivilt, seier anestesilegen.
– Samla ressurs som gjeld
Direktøren for Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, Elisabeth Sørbøe Aarsæther, er einig. Ho har sjølv besøkt «Joint Viking» i førre veke.
– Øving som dette er veldig viktig. Det handlar om at eit samfunn må øve på å stå imot ytre press. Da nyttar det ikkje at det berre er den eine parten som øver.
Direktør i Direktoratet for beredskap og sikkerheit i samfunnet, Elisabeth Sørbøe Aarsæther.
Foto: NRKHo påpeiker at det å øve saman, er kjernen av totalforsvar. Omgrepet er ikkje nytt.
– Men det har sove i tida vi har bak oss. Tida med djup fred er over. Vi har blitt mykje meir oppmerksam på at ting kan endre seg i dramatisk retning, seier ho.
Vognkommandør Tor Arild Leland i Sanitetsbataljonen.
Foto: Kari Anne Skoglund / NRKDa er samvirke ein nøkkelfaktor.
– Det er klart at Forsvaret ikkje kan forsvare landet aleine. Det må vi gjere saman. Totalforsvaret blir berre viktigare. Det er heilt logisk at om Noreg blir trua, så er det den samla ressursen som gjeld, seier direktøren.
Setter pris på samarbeid
Tilbake på øvinga på Artillerisletta har transporthelikopteret forlate området. Fleire gangar under øvinga har planlagt trening mellom panseret ambulanse og luftambulanse innanfor Forsvaret blitt kansellert. Det fordi reelle hendingar hadde førstepri.
Soldatane Anders Lillethun, Jannicke Selnes, Kim Eidsheim og Tom Arild Leland frå Sanitetsbataljonen.
Foto: Kari Anne Skoglund / NRKDenne gangen fekk soldatane i Sanitetsbataljonen på Setermoen utteljing.
Tom Arild Leland er vognførar på panseret ambulanse. Han deltok på øvinga.
Tor Arild Leland er vognkommandør på panseret ambulanse i Sanitetsbataljonen.
Foto: Kari Anne Skoglund / NRK– «Joint Viking» har gitt masse trening i eit realistisk scenario. Å trene med helikopter er reell og relevant trening. Vi setter pris på alt vi får ta del i, seier han.