– Same kva som skjer, så skjer det i ein kommune, påpeikar Harald Sunde.
Han er leiar i Totalberedskapskommisjonen, ei gruppe som skal sjå på korleis vi i Noreg kan samarbeide for å få ein betre beredskap.
TOTALBEREDSKAP: Harald Sunde er leiar i Totalberedskapskommisjonen. I starten av juni skal han leggje fram deira råd til regjeringa om kva som bør gjerast for å styrkje beredskapen her i landet.
Foto: William Jobling / NRKEtter at Russland invaderte Ukraina meiner Sunde det er på høg tid at dette kjem på plass.
– No er det alvor, no er det verkeleg alvor. Og no har vi ikkje noko tid å misse. Vi må ruste opp beredskapen sivilt og militært, seier Sunde og peikar på totalforsvaret.
Det er den samla sivile og militære beredskapen Noreg har for å møte heile spekteret av utfordringar i samfunnet, frå krig til andre hendingar og kriser i samfunnet.
– Må bli ytterlegare styrka
Sidan 2002 har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gjennomført spørjeundersøkingar om kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik.
Direktør Elisabeth Aarsæther skriv i ein e-post til NRK at det er ei positiv utvikling i dette arbeidet i kommunane, men at det må bli ytterlegare styrka.
– Det som manglar mest, er at beredskapsplanar er oppdaterte. Risikoforholda endrar seg over tid. Naturhendingar som skred eller flaum, eller etablering av eit nytt utbyggingsområde i kommunen, vil gi behov for nye risikovurderingar. Det er difor viktig at kommunen sine risikoanalysar og planar for beredskap og krisehandtering er oppdaterte.
Mange hattar
Gamvik kommune i Aust-Finnmark har opplevd fleire lokale kriser dei siste åra. Dei har opplevd straumbrot og dei har mist telefonkontakt med omverda.
Men i ein liten kommune kan det vere utfordrande å ha nok folk til å jobbe med beredskap.
Om ei hending skulle skje, opplever særleg dei minste kommunane at dei same nøkkelpersonane i samfunnet har fleire roller.
– I ein krisesituasjon kan også kommunetilsette i sentrale posisjonar ha viktige oppgåver i Heimevernet eller Sivilforsvaret, fortel ordførar i Gamvik kommune, Alf Normann Hansen (SV).
SAMARBEID: Ordførar Alf Normann Hansen (SV) seier at det er viktig å ha eit godt samarbeid om krisa hender.
Foto: EILIF ASLAKSEN / NRKHansen fortel at det er utfordrande å finne ut kva dei som kommune skal hjelpe til med i den totale beredskapen. Difor er det viktig å få til eit godt samarbeid, om krisa skulle hende.
Han peikar mellom anna på både Heimevernet og Sivilforsvaret.
– Det gjeld å ha den fulle og heile oversikta over ressursbruken og kva vi kan få hjelp til. Vi bør absolutt møtast i eit beredskapsråd for å kartleggje kvarandre sine ressursar for å kunne samhandle betre.
I Porsanger kommune er senteret for Garnisonen i Porsanger og hovudkvarteret til Finnmark landforsvar, og folk er vande til både militære øvingar og annan aktivitet. No er det starta eit samarbeid med kommunen for å få på plass ein god felles beredskapsplan her.
Foto: Allan Klo / NRK– Variabel kvalitet
I Porsanger kommune har eit samarbeid allereie komme på plass mellom kommuneleiinga, forsvaret og politiet.
– Då aukar ein rett og slett kvaliteten på beredskapsarbeidet og samtidig sparer kommunen seg for mykje arbeid, fortel HV-17-sjef, Bernt Lockert.
I løpet av våren skal partane ha fleire møte. Eit samarbeid som dette meiner HV-sjefen er avgjerande, særleg for dei små kommunane.
– Vi har saman med politimeisteren og statsforvaltaren sett at kommunane har utfordringar med å ha ressursar til å tenkje beredskap fullt ut. Mange kommunar i Finnmark er så små at dei ikkje har eigne beredskapskoordinatorar og dei har variabel kvalitet på beredskapsrådsarbeidet sitt, ettersom det er frivillig, seier Lockert.
HEIMEVERNET: HV-17-sjef, Bernt Lockert meiner det er viktig at ein rettar eit søkjelys på beredskapen på tvers.
Foto: Allan Klo / NRKBeredskapsråd et ikkje lovpålagt
Direktøren i DSB meiner kommunane i større grad må ta eigarskap til egen risiko og sørge for oppdatert planverk.
Det er også viktig at kommunane øver beredskapsplanverket – også saman med andre relevante aktørar.
For å samle alle samfunnssikkerhetsaktørene i kommunen, tilrår DSB at det blir etablerart kommunale beredskapsråd, sjølv om det ikkje er lovpålagt.
Et beredskapsråd består ofte av lokale aktørar frå politisk og administrativ leiing i kommunen, representantar frå private og offentlege aktører innan samfunnstryggleik, som eigarar av kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar, næringsliv, frivillige organisasjonar, politi, Sivilforsvaret og Forsvaret.
– Det er naturleg å involvere beredskapsrådet i arbeidet med heilskapleg ROS, overordna beredskapsplan, øvingar og krisehandtering.
Mangelfullt på fleire nivå
Det er ikkje berre i kommunane ein slit. Også på regionsnivå har beredskapspermane blanke ark.
– Per i dag har vi ikkje nokon fullgod plan for korleis vi ser for oss ei krigsutflytting frå Finnmark.
TROMS OG FINNMARK: Beredskapsdirektør i Troms og Finnmark, Ronny Schjelderup tek kritikk og seier det er svært uheldig at slike planar framleis manglar i storfylket lengst nord.
Foto: Marius Fiskum / Statsforvalteren i Troms og FinnmarkBeredskapsdirektør i Troms og Finnmark, Ronny Schjelderup seier det som det er. Det finst ingen evakueringsplanar for sivilbefolkninga i Finnmark i tilfelle krig.
– Dette er noko vi har vore klar over ei stund. Det er sjølvsagt ikkje det vi ønskjer, og vi må sjå på det og byrje å lage ein plan.
No er det over eitt år sidan uroa braut ut i Europa, og Schjelderup seier planane må på plass.
– Men vi må lene oss på at det per i dag ikkje ligg føre nokon trussel i forhold til Russland. Når det er sagt, så er det klart at det å ha ein evakueringsplan vil vere ein god tryggleik for oss i tilfelle vi må byrje å flytte folk ut.
BEREDSKAP: Statsforvaltar i Troms og Finnmark, Elisabeth Vik Aspaker, seier at beredskap er noko ein jobbar med i heile landet. I april arrangerte ho ein konferanse med kommunane i regionen sin for å få opp fokuset på dette arbeidet.
Foto: Tonje HarelandStatsforvaltar Elisabeth Vik Aspaker seier at det som har skjedd i Ukraina er ein vekkjar for beredskapsarbeidet her nord.
– Vi må no førebu oss på at det kan komme ei krise som er meir alvorleg enn det vi har handtert til no, seier Vik Aspaker.
Skal gi råd om gode planar
Den 5. juni skal Harald Sunde og resten av kommisjonen presentere rapporten sin om totalberedskapen i Noreg, og gi innspel til kva for grep styresmaktene kan gjere for å styrkje beredskapen på fleire nivå her i landet.
– Vi har sett på det samanhengande store biletet. Vi utarbeider ikkje beredskapsplanar, men vi gir råd til regjeringa om kva som bør gjerast og kva hovudretningar ein bør ta.
Han er samtidig klar over utfordringane kommunane har, og seier dette blir teke omsyn til i råda.
– Det vi tilrår skal vere praktisk og gjennomførbart, presiserer Sunde.
I arbeidet meiner Sunde at det er avgjerande at innbyggjarane sjølve er med.
– For beredskap blir bygd frå botnen og oppover, ikkje frå toppen og nedover. Det er meg og deg det gjeld, det er nærområdet og kommunen din, regionen og dei ressursane du har der.
– Og det hjelper ikkje å ønskje seg ting ein ikkje har, og på den måten byggjer vi ein solid beredskap nedanfrå og oppover, legg Sunde til.