Hopp til innhold

– Vårt høgaste ønske er å få ei fødeavdeling og akuttilbod i Alta

Seks kvinner har starta ein underskriftskampanje for å få fødeavdeling og akuttberedskap til Alta. Det er strengare reglar for å frakte drektige husdyr enn fødande kvinner, seier Pasientfokus.

Malene Sønvisen Moe og Mette Sønvisen

Malene Sønvisen Moe og Mette Sønvisen i radiostudio for å fortelje om underskriftskampanjen for eit betre helsetilbod i Alta.

Foto: Jo Hermstad Tronsen / NRK

Desse damene har fått nok, og er leie av å vente på eit betre helsetilbod til befolkninga i Alta.

No har dei gått saman under namnet «Kvinner i Nord» og laga ein underskriftskampanje.

På kort tid har dei samla inn 1800 underskrifter.

– Vårt høgaste ønske er å få ei fødeavdeling og eit akuttilbod til Alta, seier Malene Sønvisen Moe.

Med seg har ho mora Mette Sønvisen.

Begge har ubehagelege opplevingar etter å ha fødd i Alta. Den største byen i Finnmark, med 21.000 innbyggarar, manglar sjukehustenester dersom det skulle gå gale under ein fødsel.

Treng barnet å bli forløyst med keisarsnitt, er næraste sjukehus i Hammerfest, 14 mil og ein vêrhard fjellovergang unna.

I snitt er vegen over Sennalandet, som fører til sjukehuset, stengt 29 gonger i løpet av eit år.

– Mitt barn blei tatte frå meg på helsesenteret

Sjølv om det er 30 år sidan, sit minna om den traumatiske opplevinga ved fødestua i Alta framleis i kroppen til Mette.

– Barnet mitt blei tatt frå meg på helsesenteret her i Alta, fortel ho.

Mette Sønvisen

Då Mette Sønvisen fødde sonen sin for 30 år sidan fekk ho ei oppleving som framleis sit i ho. Det har fått ho til å kjempe for eit betre fødetilbod.

Foto: Jo Hermstad Tronsen / NRK

Den nyfødde sonen trong akutt helsehjelp. Barnet blei sendt til sjukehuset i Hammerfest med fly, utan at Mette fekk bli med.

Eg visste ikkje om han var levande eller død, fortel ho.

Sjølv blei ho sendt med bil til Hammerfest etterpå.

Ho håpa den gong at Alta skulle få eit betre helsetilbod, slik at ikkje fleire skulle oppleve den same redselen.

Les også Ble bedt om å hylle helsetilbudet i Alta – nå vil ledelsen fjerne det

Houman Charani er overlege og kirurg ved Finnmarkssykehuset.

Eg måtte fly etter to timar med pressrier

30 år seinare skulle Malene, som er dotter til Mette, føde i Alta.

Alta hadde framleis ikkje fått fødeavdeling med akuttberedskap. Det enda med at Malene i all hast under fødselen måtte fly til sjukehuset i Hammerfest.

– Eg måtte ta fly etter to timar med pressrier og full opning, fortel ho.

Med fødehistoria friskt i minne kjempar ho saman med mor si for eit betre fødetilbod i heimbyen.

Mette Sønvisen og Malene Sønvisen Moe

Malene Sønvisen Moe har saman med mor si starta ein underskriftskampanje for eit betre helsetilbod i Alta, allereie har dei samla inn mange signaturar.

Foto: Jo Hermstad Tronsen / NRK

Ber om hjelp frå befolkninga i Alta

Dette er ei sak som engasjerer folk. Etter berre få dagar har dei samla underskrifter frå meir enn kvar 12. innbyggar i Alta.

– Vi vil ha så mange underskrifter som mogleg, seier Mette.

Politikarane seier dei har jobba for dette i alle år, men det har ikkje skjedd noko, seier Malene.

Ein av dei som heilhjarta støttar kravet og har skrive under, er sjølv politikar.

Irene Ojala representerer Pasientfokus på Stortinget. Der har ho foreløpig ikkje nådd målet om å sikre betre sjukehustenester i Alta.

Irene Ojala sitter på Stortinget for Pasientreiser. Hun er svært kritisk til at Finnmarkssykehuset foregriper Helse Nords behandling av dagkirurgien i Alta.

Stortingsrepresentant Irene Ojala har skrive under på kravet om fødeavdelinga i Alta.

Foto: Privat

– Alta er den einaste byen med over 21.000 innbyggarar, som ikkje har fødeavdeling i Noreg. Det stilte eg spørsmål om til helseministeren her for tre veker sidan. Svara heng jo ikkje på greip, seier Ojala.

Ho spør retorisk:

– Skal kvinner behandlast etter dyrevelferdslova, som har strenge kriterium for å flytte på drektige dyr, eller skal vi behandlast som eit transportobjekt?

Ojala listar opp det som skjer om ei kvinne i Alta får komplikasjonar når ho føder:

– Ein flyttar kvinna frå fødesenga på Klinikk Alta, over på ei trilleseng, omlastar til sjukebil. Enten blir dei sendt med sjukebil til Hammerfest, eller så blir dei køyrt til flyplassen, lasta over i eit fly, floge til Hammerfest, lasta om på nytt frå fly og over i ein bil, så til sjukehuset, og så får dei lov til å føde.

– Det tar lang tid. Det er heilt underleg at ein utset kvinner på den måten. Kvinnerettane blir ikkje varetatte i det heile.

Les også Ansatte forsøkt nektet å gå i fakkeltog når direktøren kommer

Kutt på kutt

I Alta har folk og lokale politikarar stått på i tiår for å betre helsetilbodet. Kjernen i Klinikk Alta har vore å hente spesialistar til byen, slik at pasientar slepp lang reiseveg.

Les også Alta: Stanser alle ortopediske operasjoner før nedleggelse er endelig vedtatt

Hovedtillitsvalgt og sykepleier Eva J. Ytrehauge, operasjonssykepleier Anette Liberg og kreftsykepleier Marte Lebesby ved dagkirurgien på Klinikk Alta, frykter styret i Finnmarkssykehuset ikke skjønner konsekvensen av å legge ned tilbudet.

Hurdalsplattforma slår fast at tilbodet ved Klinikk Alta skal vidareutviklast. Trass dette skjer det som mange meiner er ei rasering av tilbodet.

Før jul blei det bestemt at dagkirurgien blir lagt ned og blir flytta til Hammerfest sjukehus. Og i helga blei nok eit kutt i helsetilbodet kjent.

Ambulerande legar skal ikkje lenger komme til Alta. Det betyr at fleire må ta vegen til Hammerfest sjukehus.

Malene og Mette er nærast lamslått over det som skjer.

Vi ser at frå vi starta til no har det gått motsett veg av det vi ønsker. Det er kutt på kutt, seier Malene.