Ho stod på 12.-plass på Nordkalottfolket si fylkestingsliste i Finnmark. No er ho vararepresentant.
– Eg hadde ingen intensjonar om å komme inn som vara på fylket. Det kom litt som ei overrasking, seier ho.
Det er to år sidan Line Pettersen frå Tana begynte å engasjere seg i politikk. Ho fann ut at Nordkalottfolket var det rette partiet.
Kvar fjerde finnmarking stemte på ei samepolitisk liste til fylkestingsvalet i år. Nordkalottfolket får sju representantar i Finnmark fylkesting, medan Samelista får to.
Til saman er det 35 representantar i Finnmark fylkesting. Ni av dei kjem frå lister kor samepolitikken er eit viktig fundament for politikken.
Skilnad mellom kyst og innland
I fylkestingsvalet har Nordkalottfolket vore størst av alle partia i fire kommunar: Loppa, Hammerfest, Alta og Porsanger.
Samelista var det største partiet i Karasjok og Kautokeino.
Nordkalottfolkets fire største kommuner under fylkestingsvalget i Finnmark.
Grafikk: Egil Ursin / NRKSamelistas to største kommuner under fylkestingsvalget i Finnmark.
Grafikk: Egil Ursin / NRK– Eg synest valresultatet speglar dei vanlege konfliktlinjene som går i Finnmark mellom kyst og innland, seier Siri Broch Johansen.
Ho stod på 24.-plass på Samelista ved fylkestingsvalet.
– Det er ikkje overraskande i det heile tatt.
I løpet av valkampen har konflikt mellom vindkraftutbygging og reindrift vore ei av fleire sentrale saker i Finnmark.
ARROGANT: Samelistas Siri Broch Johansen meiner Støre-regjeringa ikkje lyttar til folket.
Foto: Gunnar Sætra / NRKSa ikkje opp avtale om tanalaksen
Nesten ein tredel av veljarane i Tana har stemt på enten Nordkalottfolket eller Samelista. Der er partia jamstore.
Det har vore stor usemje mellom lokalbefolkninga og sentrale styresmakter om forvaltninga av laksestammen i Tanaelva.
Dessutan har den såkalla Tanaavtalen mellom Noreg og Finland møtt lokal motstand. Solberg-regjeringa skreiv under på avtalen på vegner av Noreg.
Laksefiskar, historikar og tidlegare arbeidarpartipolitikar Steinar Pedersen fortel at både Senterpartiet og Arbeidarpartiet lova å seie opp Tanaavtalen under valkampen i 2021.
– Det kom absolutt ingen endring.
SPØRSMÅL: – Statsminister Jonas Gahr Støre bør spørje ministrane sine om dei har endra politikken den borgarlege regjeringa førte.
Foto: Gunnar Sætra / NRKDen tidlegare statssekretæren for Arbeidarpartiet meiner statsminister Jonas Gahr Støre bør stille eit grunnleggande spørsmål til ministrane sine:
– Har de endra politikk i forhold til det den borgarlege regjeringa førte? Eller er det framleis embetsverket i departementet som formar ut politikken, slik dei gjorde før dei kom til makta?
I Tana var Nordkalottfolket og Samelista jamstore.
– Lyttar ikkje til folk
Manglande tillit til regjeringa går igjen hos fleire.
– Det er så mykje, og eg føler at vi her i nord er litt gløymt, seier Line Pettersen frå Nordkalottfolket.
Regjeringa si handtering av Fosen-saka påverkar også fylkestingsvalet i Finnmark.
– Eg har aldri opplevd ein så botnlaust arrogant statsminister. Og eg har aldri før følt at vi har ei regjering som er fullstendig ute av stand til å lytta til folk. Eg trur ikkje at ei borgarleg regjering hadde vore betre, men eg forventar meir av ei raudgrøn regjering – at dei lyttar til folket. Denne regjeringa gjer ikkje det, seier Samelistas Siri Broch Johansen.
Melkøya-saka forklarer mykje
Ansvarleg redaktør Rolf Edmund Lund i Altaposten trur oppslutninga om Samelista har samanheng med regjeringa sitt vedtak om å elektrifisere Melkøya – og planane om storstilt utbygging av vindkraft i Finnmark. Mange i Finnmark er bekymra for nye arealkonfliktar.
Lund meiner valskredet for Nordkalottfolket har eit anna utgangspunkt.
– Det er eit misnøyeparti i forhold til det etablerte, altså Norske Samers Riksforbund (NSR). Dessutan er partiet blant dei som ønsker å mjuke opp motorferdsleloven.
Nordkalottfolket har stor oppslutning i mange kystkommunar. Lund forklarer det med at mange i desse kommunane, for eksempel Alta og Porsanger, meiner at NSR opptrer arrogant.
TUNGHØYRD: Ansvarleg redaktør Rolf Edmund Lund i Altaposten meiner regjeringspartia ikkje har lytta til veljarane i Melkøya-saka. Ei meiningsmåling viste at 70 % i Finnmark var imot elektrifisering.
Foto: Johan Isak Niska / NRKMå bli flinkare til å lytte
– Er det fleire saker enn elektrifisering av Melkøya og planlagt vindkraftutbygging som kan ha påverka veljarane til å stemme på Nordkalottfolket og Samelista?
– Eg trur det er ein generell følelse av overkøyring. Eitt eksempel er det Steinar Pedersen peiker på i forhold til Tanavassdraget, seier Lund.
Han meiner også at regjeringspartia ikkje har lytta til veljarane i Melkøya-saka, der ei meiningsmåling viste at 70 prosent i Finnmark var imot elektrifisering.
– Eg er samd i at dei må lytte. No er det ei kjensle av dei skuldar på veljarane for det som gjekk gale, slår Lund fast.
VAKSE: – Nordkalottfolket er faktisk blitt eit viktig folkeparti i Finnmark og i veldig mange kommunar, seier statsvitar og professor Kjell Arne Røvik.
Foto: Jørn Inge Johansen / NRKHar blitt «folkeparti»
Professor og statsvitar Kjell Arne Røvik ved UiT Noregs arktiske universitet meiner den store oppslutninga om Nordkalottfolket og Samelista i fylkestingsvalet i Finnmark tyder på at folk har stemt i protest.
– Protesten ser ut til å vere retta både mot dei etablerte norske partia og dominansen Norske Samers Riksforbund har i samepolitikken, seier han.
Røvik meiner det er sannsynleg at regjeringas handtering av Melkøya-saka har fått mange Arbeidarparti- og Senterparti-veljarar til å stemme på Nordkalottfolket.
Han peiker også på det tydelege skiljet i oppslutninga om dei to samepolitiske partia.
– Nordkalottfolket er faktisk blitt eit viktig folkeparti i Finnmark og i veldig mange kommunar. Partiet er meir utbreidd i finnmarkskommunane enn Samelista. Den er meir konsentrert i dei fire samiske kjerneområda, Karasjok, Kautokeino, Tana og Nesseby, medan dei har ganske lita oppslutning i dei andre kommunane, seier Røvik.