Hopp til innhold

Vil framleis ha psykiatri i Tana – seier samisk og finsk er viktig

Folk i Tana har mobilisert for ikkje å miste det distriktspsykiatriske senteret. No får dei støtte frå direktøren i Finnmarkssjukehuset.

Fakkeltog i Tana.

MASSIVT NEI: Rundt 250 menneske frå heile Aust-Finnmark gjekk i fakkeltog for å protestere mot nedlegginga av DPS i Tana i januar.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Direktør Ole Hope går inn for å oppretthalde det distriktspsykiatriske senteret i Tana (DPS). Saka skal opp i styret i neste veke.

Ei nedlegging ville bety at folk som slit med rus og psykiske problem, risikerer å måtte reise 500 kilometer for hjelp.

I januar tente befolkninga i Tana og mange tilreisande faklane i protest.

Forslaget om å legge ned tilbodet kjem frå ei arbeidsgruppe i Helse Nord, altså på nivået over Finnmarkssjukehuset. Og der møter det motstand.

Les også Pasient Per til helseminister Ingvild Kjerkol: – Dette er galskap

Per Johan Henriksen

Styreleiar Lena Nymo Helli i Finnmarkssjukehuset seier forslaget frå direktøren om framleis psykiatri i Tana er grundig greia ut.

– Det er basert på eit grundig arbeid og ei god risikoanalyse. Vi har først og fremst sett på kva det har å seie for pasienten, og ikkje minst samspelet i oppfølginga av pasienten. Det handlar også om bemanning, og det handlar om språk.

Lena Nymo Helli, styreleder i Finnmarkssykehuset.

HAR LYTTA: Styreleiar i Finnmarkssjukehuset, Lena Nymo Helli, seier at dei har gode grunnar for å ikkje legge ned det distriktspsykiatriske senteret i Tana.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Helli viser til at det er personell som snakkar både samisk og finsk ved DPS i Tana. Det er ein del av risikovurderinga som direktøren har gjort.

Vil oppretthalde rusbehandling i Alta

I saksframlegget til styremøtet i Finnmarkssjukehuset førstkommande torsdag går direktøren også inn for å oppretthalde det tverrfaglege rusbehandlingstilbodet i Alta (TBS).

Helli seier dei har lytta til lokale innspel, gjort ei grundig risikoanalyse og tatt omsyn til pasientane.

Les også Frykter pasientflukt fra Finnmark

Houman Charani er overlege ved Finnmarkssykehuset og kirurg.

– Styret har nyleg vedtatt eit prinsipp om kvardagsberedskap. Det dreier seg ikkje berre om beredskap knytt til somatikk, for eksempel hjerneslag eller hjarteinfarkt, men også innafor psykisk helsevern og rus.

Arbeidsgruppa hadde også foreslått å flytte fire plassar frå Alta til Karasjok. Direktør Ole Hope går mot flyttinga.

– Det handlar om å halde oppe eit miljø, om arbeidskraft og delvis reiseveg, seier Helli.

Jan Steinar Gaup under fakkeltog i Tana.

Jan Steinar Gaup var med på fakkeltoget. Han seier den psykiatriske døgneininga i Øst-Finnmark har redda livet hans.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Auka tilbod i Kirkenes

Direktøren går også inn for å auke talet på rehabiliteringssenger for rusbehandling i Kirkenes frå seks til ni. Det er i tråd med framlegget frå arbeidsgruppa i Helse Nord.

– Det handlar om å ha ei så god behandling og eit så godt tilbod som mogleg, både for psykisk helsevern og rus. Det er eit oppdrag også er eit av hovudmåla i styringskrava for 2024, seier Helli.

Ho legg til at det er gjort lokale og grundige vurderingar – og gode risikovurderingar – for å sjå korleis eit samla tilbod kan vere best mogleg, både for pasientane og behandlarane.

Men ønsket kan kollidere brutalt med den økonomiske verkelegheita. Helse Nord er i ei skikkeleg pengeknipe.

Dei måtte kutte ein milliard kroner i budsjettet for dei neste åra. Likevel fortset den negative trenden i dei første månadene av 2024, med blodraude tal.