Hopp til innhold

Lader opp til NM-finale med isbading

Laurdag skal eit ungt BK Tromsø-lag prøve å ta klubben sin ellevte kongepokal i volleyball. Oppladinga til finalen har vore iskald.

Vollyball-laget har ei iskald opplading til finalen i norgesmesterskapet.

Volleyball-laget har ei iskald opplading til finalen i noregsmeisterskapet.

Laget frå nord lada denne veka opp til kampen med ti minutt med volleyballspel i Telegrafbukta på Sør-Tromsøya. Dei avslutta treninga på kaldt og vått vis.

– Det var det desidert kaldaste eg har opplevd. Det var nesten stiv kulig, seier Johannes Fagervold (17).

Han er ein av dei yngste spelarane på det svært unge BK Tromsø-laget. I løpet av sesongen har dei tidvis hatt ein gjennomsnittsalder på banen på under 20 år.

Laurdag kan han vere med å ta laget sin ellevte kongepokal.

Då ventar tøff motstand i NM-finalen mot Koll i Ekeberghallen i Oslo.

– Det er ikkje noko du får oppleve kvar dag i Volleyball-Noreg.