Hopp til innhold

Slår alarm om barn og unge: – Det bidreg til utanforskap

Det er så stor mangel på halltid i Noreg at barn som vil spele volleyball opplever å bli avvist. No blir det ropt varsku frå fleire hald.

Montasje NTB/Privat

FRUSTRERTE: Anders Mol og Christian Sørum syntest det er forferdeleg at barn og unge må stå på ventelister for å spele volleyball. Joanna Majak Gundersen i Oslo-klubben Koll fortel at mange barn står i kø for å få spele.

Det er mange som står utanfor og ventar. Og det er ikkje bra. Det bidreg til utanforskap, meiner Anders Mol.

Det er håplaust og trist, seier makker Christian Sørum.

Noregs fremste sandvolleyballduo blir engasjert. Dei pratar om kor mange barn og unge som må stå på venteliste for å drive på med idretten som står dei nærast.

Kvart år kartlegg Volleyballforbundet medlemsregistreringar og spør samstundes klubbane om dei har ventelister.

25 norske klubbar svarte nyleg at dei har ventelister på grunn av manglande halltid. Fellesnemnaren er at dette ofte er klubbar i dei større byane, fortel Guro Røen til NRK.

Generalsekretær i Volleyballforbundet Guro Røen

STOR VEKST: Volleyballforbundet har hatt ein stor vekst dei siste åra.

Foto: Norges Volleyballforbund

Ho er generalsekretær i Norges volleyballforbund.

Ifølge Røen har dei hatt ein auke på 40 prosent i kategorien ungdom dei siste åra. Medlemstala viser ein total vekst i talet på medlemmer frå 2016 til 2022 på 11,9 prosent.

Problemet er at Noreg ikkje er rusta for å ta imot mange av dei nye og unge spelarane, meiner ho.

Den største grunnen til at ventelista har auka dei siste åra, er mangel på halltid, fortel Røen.

Det er jo heilt forferdeleg trist å høyre at dei står på venteliste, og at ein ikkje har kapasitet til å ta dei imot, og vise dei den fine sporten vår. Eg trur vi kan miste mange talent på at dei skal stå på venteliste, seier Mol til NRK.

– Barna ringer oss heile tida

Oslo-klubben Koll vann nyleg cupgull både på herre- og damesida. No fryktar dei å gå glipp av nye talent.

Per to barn som speler i klubben, så er det éin som står på venteliste. Vi har 120 barn som står på ventelista, som ikkje får plass, seier Joanna Majak Gundersen til NRK.

Ho er nestleiar i Koll-styret.

– Barn ringer oss heile tida, men vi må dessverre avvise dei. For vi har ikkje hall- og treningstider, sukkar ho.

Nestleder i KOLL, Joanna Majak Gundersen.

MÅ AVVISE BARN OG UNGE: Nestleiaren i Koll får fleire førespurnader frå barn og unge, men må gi den tunge beskjeden.

Foto: NRK

Også sandvolleyball merkar det same trykket.

Idrett, spesielt lagsport. Kva gjer det med våre unge? Jo, det førebygger ungdomskriminalitet. Vald. Det førebygger psykiske problem og plagar. Så det er vondt, meiner Gundersen.

– Set meg gjerne ned med politikarane

Anders Mol og Christian Sørum er regjerande olympiske meistrar og har vunne det som er å vinne på sandvolleyballbanen. No ønsker dei å gå i dialog med politikarane for å finne ei betre løysing på problemet.

For det er jo det ein treng. Og det er jo politikarane som treng eit lite spark for å kunne få til det her. For det er dei som sit på makta. Eg trur det er veldig viktig å sjå at her er det potensial til å bygge opp noko mykje større enn det er i dag, seier Anders Mol.

EM Sandvolley München 2022

SIGERSVANTE: Anders Mol og Christian Sørum har vunne ei rekke internasjonale turneringar. Blant anna eitt OL og VM-gull og fire gull i EM, som her i München i 2022.

Foto: Lise Åserud / NTB

Det er noko Anita Leirvik North (H) ser fram til. Ho sit i Oslo byråd og har kultur og næring som ansvarsområde. Til feltet ligg også idrett.

Eg meiner at idrett er ein heilt perfekt arena for å førebygge utanforskap. Eg er veldig opptatt av at det skal vere låg terskel for å komme inn i idretten. Eg synest det er urovekkande at barn må stå på venteliste. Dette synest eg ikkje vi skal akseptere. Det er ein av dialogane eg har med Oslo Idrettskrets, seier byrådsrepresentanten.

Volleyball-toppane fortel at idretten har vore liten i Noreg og at dei ikkje trur at politikarane har kjennskap til sporten.

Vi må sjå på korleis halltida blir også fordelt må det byggast meir – både innandørs og sand. Når det blir bygd ut nye buområde må politikarane krevje at det blir sett av areal til idrett og aktivitet, meiner generalsekretæren.

Anleggskrise i Oslo

I hovudstaden er det ikkje berre volleyballen som har opplevd utfordringar. VG har den siste tida retta merksemda mot anleggskrisa i Oslo.

Oslo Idrettskrets slo nyleg alarm i VG om at Oslo kommunes arealplan gjer det nærast umogleg å bygge nye idrettsanlegg dei 16 neste åra.

Byrådsrepresentanten erkjenner problematikken klubbane og idretten står i, og ønsker å ta hand om saka.

Anita Leirvik North (H), sitter i Oslo byråd og har kultur og næring som ansvarsområder. Til feltet ligger også idrett.

BEKYMRINGSFYLT: Byrådsrepresentanten syntest ein ikkje skal akseptere at barn og unge må stå på ventelister.

Foto: Haron Hussain / NRK

Vi har nå sete her såpass kort så vi har ikkje rokke å bygge nokon banar og hallar enda, men det er noko vi ønsker å prioritere framover, seier North.

Ho påpeikar at idrettskretsen har fått delegert ansvaret for å fordele halltid.

– Det er eit samarbeid eg følar fungerer veldig godt, men det betyr også at det er dei som bestemmer kva idrettar som skal prioriterast, seier North.

Politikarane må sørge for å bygge og gjere tilgjengeleg hallar, så skal vi gjere det vi kan aller best, nemleg fylle dei, avsluttar Røen i Volleyballforbundet.

Sportsnyheter

Tar æren for gedigen Selnæs-tabbe: – Den er jeg veldig fornøyd med

Det gikk fullstendig galt for Rosenborg-veteran Ole Selnæs foran et fullsatt Lerkendal. Etter Selnæs-tabben gikk det fra vondt til verre for Rosenborg mot ustoppelige Bodø/Glimt.

Siste nytt

  • Norske seilere viste storform

    Mina Mobekk og Line Flem Høst sørget for norsk 2.- og 3.-plass i OL-klassene brettseiling og laser i verdenscupen i Hyères i Frankrike denne helgen.

    Mobekk konkurrerte i brettseiling og sikret 2.-plass, mens Høst sikret bronsen i laser. Det er årsbeste for Høst denne sesongen.

    – Vi har ett sterkt lag som er godt forberedt til årets høydepunkt, sommer-OL i Paris. Det kommer til å bli noen spennende uker i Marseille der seilingen skal foregå. Verdenscupregattaen i Hyères var svært krevende med skiftende forhold – fra vindstille til Mistral-vind (40 knop). Våre norske seilere taklet det uforutsette godt og er på vei mot sine beste prestasjoner, sier sportssjef i Norges Seilforbund Eirik Verås Larsen.

    Sommer-OL i Tokyo 2021
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Juel og Solbakken sikret femteplass i ro-EM

    Den norske duoen i dobbeltsculler endte på 5.-plass i en finale der rumenske Andrei-Sebastian Cornea og Marian Enache vant suverent.

    Tyskland tok sølv og Italia bronse. Det skilte vel elleve sekunder opp til seierspallen for Juel og Solbakken.

    De forsøker å feste grepet om den norske OL-plassen i dobbeltsculler foran lekene i Paris. Oscar Helvig og Kristoffer Brun kvalifiserte inn den norske båten, og per nå er det et jevnt løp mellom de to roduoene om hvem som skal til OL.

    I verdenscupregattaen i Varese tidligere i måneden var Juel/Solbakken sju tidels sekund raskere enn Helvig/Brun da de norske båtene var i samme oppsamlingsheat.

    (NTB)

    OhNKv4qQYNk
    Foto: NTB
  • Helseth og Kavlie viste storform før OL: – De seiler opp som en av favorittene

    Thea Helseth og Inger Seim Kavlie sikret historisk EM-gull i dobbeltsculler-klassen i Ungarn.

    – De seiler opp som en av favorittene i OL, kommenterte Pål Thomassen for NRK.

    – Det var strålende, helt utrolig. Jeg sitter med en klump i halsen, dette har vi ventet på i 20 år, sa ekspertkommentator Lars Bjønness.

    Duoen åpnet sterkt og var elleve hundredeler bak Litauen ved 500 meter. Romania fulgte like etter. Disse tre nasjonene fulgte hverandre tett gjennom hele løpet. Norge fikk imidlertid en halv båtlengde ned til Litauen da det nærmet seg 1500 meter.

    De holdt avstanden og rodde inn til historisk seier, 2 sekunder foran Litauen. Romania sikret bronse.

    De norske jentene slo Romania i forsøksheatet og gikk direkte til finalen. Romania har ikke har blitt slått siden 2019.

    Jenny Rørvik, som har rodd sammen med Helseth i to år, måtte imidlertid bli hjemme etter at landslagssjefen bestemte seg for å splitte duoen. Dette ble gjort for å finne den beste båten til OL i Paris.

    – All ære til treneren og de andre som turte å ta den litt tøffe avgjørelsen om å splitte en båt som ble nummer to i verdenscupen, og prøve en ny båt her. Det står det all respekt av, sier Bjønness.

    Roforbundet har ikke tatt ut utøverne ennå. I forkant av EM uttalte forbundet at det skulle sende de utøverne «med størst prestasjonspotensial i form av plassering i OL/PL i Paris»

    Roing
    Foto: NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal