Hopp til innhold

Draumen om toppsatsing blei knust: – Det var urettferdig

Transkvinna Nathaporn Kritkamchon (25) hadde spelt volleyball i 10 år då laget hennar rykte opp til eliteserien. Der fekk ikkje Kritkamchon lov til å spele av Norges idrettsforbund (NIF).

Nathaporn

ENDELEG TILBAKE: Etter å ha vore borte frå sporten sidan 2020 gjorde Nathaporn eit lite comeback i Skjetten Volleyball sin siste seriekamp i førstedivisjon.

– Det blir spennande. Eg gler meg ... Og så gruer eg meg litt, fortel Nathaporn Kritkamchon (25) til NRK.

Ho er tilbake i ein gjestevisitt for Skjetten Volleyball, over to og eit halvt år sidan ho stansa toppsatsinga.

Årsaka: Då Skjetten rykte opp til Eliteserien, fekk ikkje lenger Nathaporn spele for laget.

– Det var veldig trist. Draumen min om å satse vidare innanfor volleyball ... Ein byrja å miste motivasjonen. Kanskje det var på tide for meg å leggje opp og finne noko anna å gjere? Det var i utgangspunktet ikkje noko eg ville, men eg valde å avslutte karrieren.

Kritkamchon blei fødd gut, men frå tidleg alder visste volleyballspelaren at ho var fødd i feil kropp. Kritkamchon starta å ta kvinnelege hormon som 14-åring og har spelt for Skjetten Volleyball sidan ho var 13 år. Det var aldri nokon tvil om at ho skulle spele på jentelaget.

undefined

SKJETTEN: Nathaporn Kritkamchon (til høgre) saman med to lagvenninner før kamp. Laget rykte ned til førstedivisjon igjen etter éin sesong i eliteserien.

– Ikkje naturleg å bruke krava til IOC

Då ho var 17 starta klubben å søkje om løyve for at ho skulle spele i førstedivisjon. Det fekk ho lov til, men klubben måtte søkje årleg. Skjetten Volleyball var innforstått med at Kritkamchon ikkje hadde løyve til å spele på eliteserienivå eller i NM.

Men i januar 2020 øygna klubben realiteten av eit opprykk og Kritkamchon hadde òg fått godkjent juridisk kjønnsskifte. Då etterspurde klubben kva som måtte til for at Nathaporn skulle få spele i eliteserien.

I april 2020 var opprykket eit faktum.

Gro Erdal

SPORTSLEG LEIAR: Gro Erdal.

Sportsleg leiar i Skjetten Volleyball Gro Erdal seier til NRK at ho stussa over at NIF og NVFB nytta retningslinjer frå Den internasjonale olympiske komité (IOC) når det ikkje var snakk om landslagsspel:

– Sånn eg oppfattar volleyballen i Noreg, inkludert elite, så er det hobbyspel. Ein tener ikkje pengar på det. Det kostar oss pengar å drive med det. Eg såg jo heller ikkje for meg at det var naturleg å bruke krava til IOC på elitevolleyball i Noreg.

I tillegg meiner Erdal at informasjonen frå forbunda ikkje klargjorde kor ofte Kritkamchon måtte teste testosteronnivået:

– Nathaporn måtte testast regelmessig, men dei klarte aldri å fortelje kva jamne mellomrom var. Når på dagen skal vi ta det? Ein gong i månaden? Kvar veke?, fortel Erdal.

Håvard B. Øvregård

RÅDGIVAR: Håvard B. Øvregård.

Foto: KETIL KERN / NRK

Håvard B. Øvregård er seniorrådgivar for verdiarbeid i NIF og har følgt saka til Kritkamchon. Øvregård er ikkje einig i at retningslinjene var uklare eller kom for seint:

– I samtale med Gro Erdal frå Skjetten Volleyballklubb har eg heile vegen sidan 2015 gitt henne informasjon om kva som er reglane både på breiddenivå og toppidrettsnivå. Dette inkluderer informasjon om dei nye reglane som kom i januar 2016, og som sette krav til testosteronnivå som skulle dokumenterast i 12 månadar, så det har vore kjent for klubben.

Håpa på dispensasjon

Kritkamchon starta med testing av testosteronnivået etter opprykket, i håp om at NVBF og NIF ville gjere eit unntak.

– Eg kan ikkje skru tida tilbake. Hadde eg visst dette på førehand, i starten av sesongen i første divisjon, hadde eg så klart teke blodprøvene for alle månadene dei kravde det, seier ho.

Erdal trudde Kritkamchon ville få dispensasjon frå reglane, sidan seriestart i eliteserien var i oktober same år. Men det fekk ho ikkje.

undefined

IDRETTSGLEDE FOR ALLE: Det er mottoet til NIF. Her ser vi Kritkamchon med draktnummer 10 i aksjon.

– Klart når du rykkjer opp i april og sesongstart er i oktober så rekk ein ikkje å få 12 månader med testing inn der. Det synest eg var urettferdig.

Nybrotsarbeid

Nathaporn var blant dei første transpersonane på nasjonalt toppidrettsnivå i Noreg.

– I desse type sakene er det vanskeleg for utøvarar fordi ein er pionerar og blant dei første som skal utfordre regelverket til idretten. Vi prøvar å hjelpe til på beste måte. Det er klart det er vanskelegare for ein utøvar som er blant dei første på eit område enn utøvarar som kan følgje i spora etter andre, seier Øvregård.

undefined

BLANT DEI FØRSTE: Kritkamchon meiner idretten først og fremst skal vere inkluderande.

Han er klar på at skilje går mellom toppidrett og breiddeidrett.

– I breiddeidrett så ønsker vi at alle skulle kunne delta i den kjønnskategorien dei identifiserer seg som. I toppidrett så skal ein følgje dei reglane som er lagt av IOC og dei internasjonale forbunda, fortel Øvregård.

– Vår visjon er idrettsglede for alle. Det er viktig for oss at idretten skal inkludere både cispersonar og transpersonar, seier Øvregård.

Det er Kritkamchon einig i:

– Formålet med idrett er at alle skal vere inkluderte. At ein skal ha det gøy og det synest eg bør vere fokuset her.

Siste nytt

  • Målkalas da Storhamar senket Sparta

    Storhamar slo Sparta 5-2 på borteis i eliteserien i ishockey og fortsatte den solide sesongstarten.

    Peter Queeneville ga Hamar-laget ledelsen allerede etter ett minutt. Ledelsen ble doblet av Eirik Salsten seks minutter senere.

    Martin Grönberg reduserte for Sparta, og Lars Joakim Lundberg utlignet kort tid etterpå. Likevel sørget Marcus Bryhnisveen for at Storhamar gikk til pause med 3-2-ledelse.

    Quennville økte til 4-2 i midtperioden, mens Sander Hurrød fastsatte resultatet til 5-2 i siste periode.

    Storhamar topper eliteserien med 15 poeng på seks kamper. Stavanger Oilers og Vålerenga ligger tre poeng bak med en kamp mindre spilt.

    Sparta møter Vålerenga i neste runde, mens Storhamar møter Comet.

    Frisk Asker tok seg enkelt av Lørenskog og vant 7-1 søndag, mens Lillehammer seiret 2-1 over Comet. (NTB)

    Sluttspillet i ishockey: Stavanger Oilers - Storhamar (3-0)(4-3)
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Liverpool hardt ut mot VAR-tabbe: – Uakseptabelt

    Liverpool er ikke fornøyd med at VAR-missen som kostet dem et mål mot Tottenham, omtales som en menneskelig feil. De vil ta ytterligere skritt.

    Videodømmingen havnet i fokus da Liverpool-spiller Luis Diaz ble fratatt et ledermål etter en drøy halvtime i oppgjøret borte mot Tottenham lørdag kveld. Tottenham vant til slutt 2-1.

    I etterkant opplyste dommerforeningen PGMOL at avgjørelsen var feil og at målet burde blitt stående. Tabben ble omtalt som en «betydelig menneskelig feil». Liverpool kom med en uttalelse søndag der klubben kritiserer feilen.

    «Vi aksepterer presset som dommerne jobber under, men det er meningen at VAR skal minske dette presset. Det er derfor utilfredsstillende at det ikke ble tatt god nok tid til å sikre at rett avgjørelse ble tatt», heter det i meldingen.

    Klubben mener samtidig at situasjonen må gjennomgås for å finne ut hva som skjedde og hindre at det skjer igjen.

    «At tabben allerede er kategorisert som en «betydelig menneskelig feil», er uakseptabelt. Alt skal gjennomgås for å finne ut hva som skjedde. Dette er svært viktig for framtiden med VAR siden det berører alle klubber. All læring skal brukes til å sikre at slike feil aldri skjer igjen», heter det videre.

    Samtidig skriver Liverpool at klubben vil ta ytterligere skritt.

    «I mellomtiden vil vi undersøke mulighetene vi har ettersom situasjonen krever det». (NTB)

    Premier League - Tottenham Hotspur v Liverpool
    Foto: PETER CZIBORRA / Reuters
  • Solberg vant WRC2-klassen i Rally Chile

    Oliver Solberg var raskest av samtlige WRC2-førere under Rally Chile i Concepción i helgen. Den norsk-svenske bilkjøreren ble sekser sammenlagt.

    Han vant WRC2-klassen et snaut halvminutt foran briten Gus Greensmith. Solberg kriget med finske Sami Pajari om ledelsen i innledningen før han overtok ledelsen på den siste fartsprøven lørdag.

    Overtaket hadde Solberg også etter søndagens fire siste fartsprøver og tok seieren i WRC2-klassen. Det skilte drøyt åtte minutter opp til estiske Ott Tänak som vant toppklassen.

    Solberg har vunnet WRC2-klassen tre ganger denne sesongen. De to første skjedde i Sverige og Finland.

    Andreas Mikkelsen kjørte ikke i Chile. (NTB)

    Oliver Solberg
    Foto: MICKE FRANSSON / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste